Kronikk:

«Kvifor er alt så ille? Eller er det det?»

Verdssituasjonen Det står bedre til med verdssituasjonen enn det slik det blir framstilt, meiner artikkelforfattaren. 

Kronikk

Det er terror og krig over alt i verda, meslingar og svineinfluensa fører til massedød, fattigdomen aukar, vi står framfor økonomiske kriser og politiske samanbrot, og no er det vår og flått-tid og vi får alle borreliose. Dessutan er alle insekt og småaper i Indonesia i ferd med å bli utrydda av Roundup og co₂ og liknande miljøgifter. Ja, omtrent slik er det verdsbiletet massemedia, inkludert Sunnmørsposten, presenterer oss for. Men er det eit sant bilete?

Levealder

I 1846 var forventa levetid for kvinner i Norge 50 år, og for menn 48. I dag er den på 84 for kvinner og 80 for menn. I verda sett under eitt var den gjennomsnittlege levealderen om lag 30 år på 1800-talet. I England har den forventa levealderen vorte fordobla dei siste 200 åra. Liknande tal finn ein for dei fleste av landa Europa. Med noko forseinking har det same skjedd i mange andre land i verda.

Fattigdom

På 1800-talet levde 85 prosent av menneska i verda i ekstrem fattigdom, og i berre eit fåtal av verdas land hadde fleirtalet av menneska nok mat. Britiske barn begynte i arbeidslivet i tiårsalderen. For 20 år sidan levde 42 prosent av befolkninga i India og Kina i ekstrem fattigdom. I dag er den tilsvarande prosenten for Indias vedkomande 12 og for Kinas vedkomande til 0,7 (!). I Latin-Amerika fall den tilsvarande prosenten frå 14 til 4 prosent. Etter som Kina, India og Latin-Amerika samla sett utgjer så stor del av verdas samla befolkning, utgjer denne utviklinga eit enormt stort sprang framover i positiv retning.

Utdanning

I år 1900 kunne berre kvart femte menneske i verda å lese. I dag er det omvendt. Berre ein av fem er analfabetar. I alle land, med unntak av nokre afrikanske land og Afghanistan, er det no over halvparten av befolkninga som kan å lese. I dag går 92 prosent av alle gutar i verda på grunnskule. Den tilsvarande prosentandelen for jenter er 90. Dette er ein kraftig auke for både gutar og jenter – og mest for jenter – i løpet av dei siste 20 åra.

Befolkningsvekst

For 70 år sidan fekk kvar kvinne i verda i gjennomsnitt 5 barn kvar. I dag er det same gjennomsnittet på 2,5. I denne samanhengen minner eg om at dersom innbyggartalet skal haldast stabilt, må dette talet vere 2,2 eller høgare. I Norge er det no på 1,6, om lag det same som i Kina. Dette inneber at storleiken på verdas befolkning, sett under eitt, er i ferd med å flate ut.

Kva er grunnen til dette dramatiske fallet? Etter kvart som fattigdomen har vorte redusert har det ikkje vore naudsynt med mange born for å ha nok arbeidskraft, og heller ikkje for å kompensere for at så mange av barna døydde så altfor tidleg. Kvinner og menn gjekk på skule, og dei ønskte også at deira born skulle få ei god utdanning og eit godt liv. Det viktigaste bidraget til dette var nettopp å få færre born. Somalia, Tsjad, Mali og Niger er dei landa i verda der kvinnene får flest barn, 5-8, og dette er samstundes dei landa der flest barn dør i tidleg alder.

Helse/barnedødelighet

I verdssamanheng har helsetilstanden vorte dramatisk betra, og helseforbetringane har vore størst i fattige land. I eit globalt perspektiv har det altså vorte større likskap når det gjeld folks helse.

I 1950 døydde 15 prosent av dei fødde barna i verda før dei var eitt år. I 2016 var den tilsvarande prosenten 3. Ei viktig årsak til at barnedødeligheten har gått så kraftig ned, spesielt i fattige land, ligg først og fremst i førebyggande tiltak, drive fram av lokale sjukepleiarar, jordmødrer og foreldre med utdanning. No overlever fleire barn fordi dei ikkje blir sjuke. Halvparten av forbetringa i barns overlevingsevne kan forklarast ved mødrenes kunnskapsnivå. Det mest effektive som kan gjerast for å forbetre helsetilstanden i fattige land er derfor skulegang og kunnskapar til foreldre og lokalmiljø.

Naturkatastofar

Vi høyrer til stadigheit om naturkatastrofar rundt om i verda, så pass ofte at ein sit igjen med inntrykk av at det har vorte fleire, og at konsekvensane av dei har vorte alvorlegare. Det har vorte hevda at årsaka til dette er klimaendringane. Men talet på dødsfall som følgje av naturkatastrofar er i dag på berre fjerdedelen av det tilsvarande talet for hundre år sidan, og samstundes har folketalet på jorda auka med 5 milliardar menneske. Dette har samanheng med den ovanfor omtalte velferdsutviklinga. Naturkatastofer kan ramme alle land, fattige som rike, men dei dødelege konsekvensane får størst omfang i fattige land, mellom fattige menneske.

Dei farane som massemedia hyppigast omtaler, og som bekymrar oss mest, er ofte dei som skader oss minst. I boka Factfulness skriv Hans Rosling at det i løpet av to veker i 2009 døydde 31 menneske av svineinfluensa, og at det i løpet av dei same to vekene vart skrive 253 442 artiklar om dette, altså 817 artiklar pr. dødsfall. I det same tidsrommet døydde over 60 000 menneske av tuberkulose i verda utan at dette fekk noko oppslag i det heile tatt.

Når verdssituasjonen er så pass god som eg har dokumentert ovanfor, kvifor er då pessimismen så utbreidd? Forklaring: Massemedia er sterkt fokusert på katastrofar, negative hendingar og kortvarige utviklingstrekk. «Berre negative nyhende er ekte nyhende» ser ut til å vere massemedias grunnleggande tanke og leiande motto.

Dei som har kompetanse til å kunne opplyse oss om verdas sanne tilstand, nemleg forskarane, er lite interesserte i å korrigere massemedias skeive bilete av utviklinga. I den grad dei gjer det, skriv dei gjerne i publikasjonar som berre eit lite tal av deira kollegaer les. Å skrive artiklar som har lekfolk som målgruppe, til dømes på kronikkplass i Sunnmørsposten, gir ikkje positivt utslag på løns- og karriereutviklinga, og vert derfor i liten grad gjort.

Eit unntak var Hans Rosling, ein svensk lege og forskar som døydde i 2017. Det siste han gjorde før han døydde var å skrive boka Factfulness saman med svigerdottera si og sonen sin. Denne boka har vore den viktigaste kjelda for denne kronikken.

Hans Rosling, Anna Rosling Rönnlund, Ola Rosling: Factfulness, Cappelen Damm, Oslo, 2018