Kronikk:

«Reiselivet ved eit vegskilje»

Miljø: Det florerer med framlegg om korleis ein skal sikre ei berekraftig turistnæring. Hamnesjefen i Stranda meiner det er stort behov for ein felles strategi der næringa og lokale og sentrale styresmakter går i same retning. Foto: Staale Wattø  Foto: Staale Wattø

Lagar myndigheitene reguleringar som berre gjeld for eksempel Geirangerfjorden, løyser vi ingenting

Rita Berstad Maraak

Rita Berstad Maraak, hamnesjef i Stranda kommune  Foto: Privat

Kronikk

Cruise-sesongen 2019 er i full gang. Vi er glade for å ta i mot reisande som vil oppleve verdsarvfjordane.

For fjord-kommunane er reiselivet ei langsiktig inntektskjelde, og ein jobbskapar som berre blir viktigare. Nettopp derfor brukar vi denne sesongen til å tenke nøye gjennom korleis vi kan sikre berekrafta i reiselivet i tiåra som kjem.

Det er ingen tvil: Vi står ved eit vegskilje. Ifølgje FN sitt klimapanel må dei globale utsleppa av klimagassar halverast i løpet av ti år. Dei oppveksande generasjonane har skjøna alvoret.

Enten tek vi ansvar for miljøet, elles risikerer både næringsliv og politiske leiarar å miste legitimitet. For reiselivet er dette vår tid si store utfordring.

Ålesund bystyre:

Ålesund stiller 14 miljøkrav til cruisenæringa

– Dette er ikke et vedtak mot cruise, men balansen må være annerledes, sier ordføreren.


I Stranda hamnestell er vi naturleg nok mest opptekne av det vi har direkte innverknad på, utslepp frå cruisetrafikken.

Cruisenæringa står relativt sett for små utslepp i Noreg, mellom 1 og 2 % av dei samla norske CO₂-utsleppa. Men næringa vår er i vekst. I tillegg kjem den lokale ureininga som utslepp av NOx, svovel og partiklar som ureinar luft- og sjøkvalitet.

Skal vi sikre at fjordane våre også i framtida kan vere god heimstad for eit aktivt reiseliv, må utsleppa ned og luftkvaliteten opp. Spørsmålet er korleis vi kjem oss dit? Debatten er fylt av ulike forslag og krav, og det er eit stort behov for ein felles strategi der nasjonale myndigheiter, næringa og kommunane trekk i felles retning. Saman med andre kommunar har Stranda difor signert ei felles viljeserklæring som etter vårt syn peikar ut ei klår retning.

Vi har slått fast tre tydelege og enkle prinsipp:

1) Klima- og miljøkrav må gjelde i alle fjordar. Vi må løyse, ikkje flytte problema. Lagar myndigheitene reguleringar som berre gjeld for eksempel Geirangerfjorden, løyser vi ingenting. Det einaste som skjer, blir at utsleppa flyttar seg til ein annan del av fjordane. Difor må krav om bruk og utvikling av miljøteknologi gjelde alle, og over alt.

2) Løysningane må vere tilpassa lokale forhold. Måla og krava må vere felles og gjelde i heile Noreg, men tiltaka som tek oss dit må tilpassast geografi og lokale føresetnader. Krav om å bruke ein bestemt teknologi fører ingen stad; det er effekta, ikkje den tekniske løysninga som er viktig å regulere.

3) Det skal løne seg å gå først, og straffe seg å henge etter. For å seie det som det er;

Dei reiarane og aktørane som går føre i teknologiutvikling for å få vekk utslepp skal merke at det løner seg, i alt frå avgifter til plass i prioriteringsrekkefølga jf. Sjøfartsdirektoratet sin miljøinstruks og EPI (Environmental Port Index). Dei som heng etter og ikkje brukar best tilgjengeleg teknologi, må oppleve at det ikkje løner seg.

Teknologi kan løyse mykje. Støtte frå nasjonale ordningar til utvikling av lågutsleppsløysningar er viktig. Reiarane sitt arbeid med å nå ulik internasjonale standard er avgjerande. Men vi må også gjere vårt som lokal mynde.

Difor har vi frå og med 2019-sesongen gått aktivt inn for å bruke vårt viktigaste «maktmiddel»; tildeling av tidspunkt og dagar for anløp – og dette skjer i god dialog med cruiserederia.

Sykkylven kan få besøk av cruisebåtar

Den neste cruisehamna på Nordvestlandet kan bli lagt til Sykkylven.


Det er særleg viktig for å hindre at luftkvaliteten i Geirangerområdet vert forringa av at det er for mange cruiseskip i fjorden på same tid – som ikkje overheld gjeldande reguleringar og krav.

Grepet vi har teke, er å redusere toppane og utvide sesongen i tid. Det vil hjelpe på dei lokale utsleppa. Det handlar ikkje berre om miljø, men også om konkurransekraft. Det er heilt rett som Maud Haldorsen, direktør ved Hotell Geiranger seier det i eit innlegg i Sunnmørsposten; strengare miljøkrav vil styrke, ikkje svekke posisjonen til destinasjonar som Geiranger.

Reiselivsnæringa er ei av dei viktigaste framtidsnæringane i Noreg. Fram mot 2030 må vi skape fleire hundre tusen nye arbeidsplassar, og ny inntektsstraumar til fellesskapet for å dekke inn nedgangen i olje og gass.

Overbevist om nullutslipp fra cruisebåter innen sju år

– Jeg er overbevist om at cruiserederiene vil komme i mål med nullutslipp innen 2026.


Reiselivet er ei av få næringane som kan stå for ein vesentleg del av dei nye jobbane som må skapast. Men føresetnaden for dette er at vi klarer å bli berekraftige.

For lokalsamfunna i Fjord-Noreg er reiselivet allereie heilt avgjerande. Reiselivet står for store direkte inntekter og mange lokale jobbar.

I Møre og Romsdal står reiselivet for fleire hundre millionar kroner i verdiskaping ifølgje ein rapport frå Menon Economics. Det er ikkje så rart når vi veit at berre ein person gjerne legg att mellom 200 og 600 kroner kvar dag i eit område som Geiranger, berre i spontant forbruk ut over overnatting og ting som er førehandskjøpt frå cruisebåten.

All verdas verdiskaping hjelp lite om vi ikkje klarer å ta vare på naturen vi skaper verdiane frå. Dei neste åra blir viktige for reiselivet. Den einaste måten vi kan lukkast på er om reiselivet, lokalsamfunna og nasjonale myndigheiter jobbar saman.

Rita Berstad Maraak
Hamnesjef i Stranda

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!