Kronikk - kva blei vedteke om bypakken i bystyret:

«Bypakken på tre minutt»

Lerstadvegen: Det største prosjektet i bypakken skal sørge for at gjennomgangstrafikken på Lerstad blir lagt under jorda i tunnel frå Moa. Tunnelen skal ha ekspresskollektivfelt, mens resten av kollektiv, gange og sykkel på skal vere på bakkeplan.  Foto: June R. Johansen

Bystyret: Det var komplett umogeleg for bystyret å vedta den store bypakken, meiner Tore Johan Øvstebø (KrF). 

Kronikk

Det er mange versjonar ute og går, ikkje minst på sosiale media, om kva som eigentleg blei vedteke om bypakken i bystyret sist torsdag, 6. juni. Her kjem eit forsøk på å gi ein kortversjon av bypakken, kva innbyggjarane får, kva det kostar og når bypakken kan komme i gang.

Etter tiår med utgreiing og ulike forslag, er vi langt på overtid i forhold til å ta avgjersler. Det var nødvendig for dagens bystyre å lande på eit vedtak, slik at saka kan gå vidare.

På grunn av klare åtvaringar frå samferdselsministeren er dessverre både Brosundtunnel og Blindheimstunnel teken ut av bypakken i denne omgang.

Ville ha 7-milliarderpakken

Halverte bypakken etter signaler – nå er den vedtatt

Med svært knapt flertall er bypakken for Ålesund vedtatt. Pakken blei kutta med over 3 milliarder etter utspillet til samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp).


Ein grøn pakke som bidrar til klimamåla

Stortinget har vedtatt nullvekstmålet. Det betyr at all auke i persontrafikk skal takast med kollektiv, gange og sykkel. Bypakken i Ålesund har no fått ein tydeleg kollektivprofil og eit stort spekter av tiltak som vil få positive ringverknader, også for heile regionen.

Bypakken som er vedtatt er den «grønaste» pakken vi har behandla. Vi vil legge til rette for at flest muleg kan ta kollektivtransport til jobb, skule og fritidsaktivitetar. Slik blir det også betre plass til dei som treng å bruke bil til persontrafikk og varefrakt.

Vedtas endelig tirsdag neste uke

Bypakken ekspress-behandles av fylket

Bypakken for Ålesund kommer opp i samferdselsutvalget onsdag. I et ekstraordinært fylkesutvalg påfølgende mandag og i fylkestinget tirsdag i neste uke. Fylkesrådmannen innstiller på at fylkestinget sier ja.


Tunnel under Lerstadvegen

Endeleg skal gjennomgangstrafikken på Lerstad bli lagt under jorda i ein lang tunnel frå Moa. Tunnelen skal ha ekspresskollektivfelt, mens resten av kollektiv, gange og sykkel på skal vere på bakkeplan. Dette er det desidert største tiltaket i bypakken på nesten 2 milliardar. Lerstad vil omsider bli ein grønare bydel der bustadområda vert bunde tettare saman, og ein super bydel for barn og vaksne som vil sykle.

Kollektivfelt – bussen skal fram!

Kollektivtiltaka skal gjennomførast tidleg i byggeperioden. Det er mellom anna lagt inn 25 mill. til ny veg Hessafjordvegen – Slinningen og 25 mill. for å sikre at bussen kjem raskare fram mellom Volsdalen og sentrum. Bystyret har tidlegare behandla rapporten «Prioritert buss» som foreslår ei heil rekke signalanlegg og strekningar med kollektivfelt lang busstraseen frå sentrum til Emblem for å hjelpe bussen raskare fram enn bilane. Bystyret vil at alle desse tiltaka blir finansiert i bypakken (ca. 200 mill.).

Vi vil aktivt arbeide for å få reduserte billettprisar på buss i og rundt Ålesund kommune, noko som vil stimulere til meir bruk.

Bussknutepunkt

For å få ein effektiv kollektivtrafikk, må vi lage smidige løysingar på dei viktigaste kollektivknutepunkta. Bypakken legg til rette for å sanere busshaldeplassen i sentrum slik at vi kan starte utbygginga av sørsida. Bussane vil få moderne haldeplassar i Korsegata og i Keiser Wilhelmsgate. Det kjem ei ny bru over Brosundet rett vest for Terminalen med ei ny gate vestover til Waterfront hotel. Langs vannspeilet i Brosundet er det planlagt gangveg under bruene. Det er som kjent i dette området Kulturhavna er teikna inn – med den nye vidaregåande skulen, lokale for « Barneteateret Vårt» og ny kulturskule. Utviklinga av sørsida i Ålesund står i fare for å stoppe heilt opp om vi ikkje no kjem i gang med bypakken.

Campus, sjukehuset og Moa

I bypakken ligg det inne 200 mill. til nytt kollektivknutepunkt mellom NMK og NTNU og tilknyting frå innfartsvegen til Campus. Det blir også ei eiga busslomme på innfartsvegen der ekspressbussane kan stoppe.

Ved Ålesund sjukehus kjem også eit heilt nytt kollektivknutepunkt ved lyskrysset på Borgundvegen, slik at bussen ikkje brukar tid på å køyre ned. Det vert eiga trapp og heis frå haldeplassen til hovudinngangen på sjukehuset, som etter ombygging vil vende mot nord.

På Moa har kommunen allereie løyvd midlar til ein snarveg frå Lerstadvegen og opp til Moa-terminalen for at bussane ikkje skal stå i bilkøen.

Trafikksikring

Gang og sykkelvegar rundt fleire skular skal sikrast. Barn skal ha ein trygg skoleveg. Dette ligg inne som prioriterte tiltak i pakken:

• 19 mill. til trafikksikring ved Hessa skole

• 20 mill. til undergang på Bjørge, Ellingsøya,

• 15 mill. til gangfelt på Myrlandsvegen på Blindheim,

• 2,7 mill. til skuleveg ved Aspøy skole,

• 3 mill. til gangveg på nordsida av Borgundvegen ved Hatlane skule

Det trafikkfarlege krysset i Puskhola vert sanert med ei større vegomlegging sør for Hatlehol gravstad, og rundkøyring ved Blindheimshallen. Det er sett av 290 mill. til dette som også får på plass samanhengande sykkelveg frå Flisnes til Blindheim. I tillegg er det avsett midlar til påkøyringsrampe i krysset E 39/Myrland.

Trygge sykkelvegar

Bypakken vil gjere det enklare og tryggare å sykle i Ålesund. Vi har ei lang sykkelvegliste som vi kan begynne på når bypakken er godkjend i alle organ. Dette kjem heile kommunen til gode. Det er avsett:

• 10 mill. til oppgradering av eksisterande sykkelvegnett

• 60 mill. til sykkelvegfelt Borgundvegen, Volsdalen til sentrum

• 10 mill. til sykkelvegfelt frå Tonningsgate til Steinvågbrua i Skarbøvika

• Fleire mill. til samanhengande sykkelvegar frå Flisnes til Blindheim

Prislappen

Det er berekna ein bompengesats på ca. 16 kr for personbilar som har elektronisk brikke (inkl. 20 % rabatt), og eit månadstak på maksimum 60 passeringar per kalendermånad – altså i underkant av 1000 kroner pr. månad. Innan ein klokketime betaler bilen berre for ei bompassering uavhengig av kor mange bommar bilen faktisk passerer. Det er ikkje rushtidsavgift. Denne bypakken vil ta 10 – 11 år å nedbetale.

Med ei større statleg finansiering ville det blitt mindre for innbyggarane å betale. Den statlege medfinansieringa er det Stortinget som bestemmer. Det er tre bomsnitt i den vedtekne bypakken: Moa, Lerstad og Volsdalen. Det vert «tette» snitt, slik at kvart bomsnitt har fleire bommar.

Tror fortsatt på Brosundtunnelen

— Siste ord om Brosundtunnelen er ikke sagt, sier Jon Ketil Gjørtz i Ålesund Byutvikling. At bystyret nå har tatt tunnelen ut av bypakken ser han kun på som en mulig forsinkelse.


Ein bypakke å bygge vidare på

I årevis har vi diskutert samferdselsproblema i Ålesund. I mellomtida har transportutfordringane blitt større og større. No er vi endeleg på veg frå prat til handling. Med eit positivt vedtak i fylkesting og Storting har vi håp om å sette spada i jorda våren 2021.

Eva Vinje Aurdal
Ordførar

Svein Rune Johannessen
Gruppeleiar Ap

Tore Johan Øvstebø
Gruppeleiar KrF

Jarle Hauge Steffensen
Gruppeleiar MGD

Anders Lindbeck
Gruppeleiar SV

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!