Kronikk:

«Naturkrefter i sving - igjen»

Naturkreftene slo til brått og uventa. Denne gongen var det Jølster og Hyen som vart hardt råka. Folk stod hjelpelause og såg på dei enorme kreftene som var i sving, og fekk kjenne ekstremvêrets herjingar på kroppen denne sommardagen i juli.

Vassenden: Jordras ved i Vassenden i Jølster kommune 30. juli tok eit liv og gjorde store skadar. Vi Fylkesordførar Jenny Følling i Sogn og Fjordane skriv i denne kronikken at fylket treng ressursar og kunnskap om korleis vi skal tilpasse oss konsekvensane av det nye klimaet.   Foto: NTB scanpix

Kronikkskrivar: Fylkesordførar Jenny Følling.   Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune

Kronikk

Det er berre to år sidan ekstremvêret ramma Utvik. No skjer det igjen. Mange fekk oppleve kor totalt isolerte ein blir når straumen forsvinn, mobilnettet er ute av drift, vatnet er borte og hovudfartsåra gjennom Sogn og Fjordane er stengt. For nokon handla det om å redde seg sjølv, og for mange andre handla det hjelpe dei som var innesperra av rasa.

For dei fleste av oss er kvardagen tilbake og trafikken går igjen på E39, men for nokon vert kvardagen aldri slik den har vore. Uveret fekk eit tragisk utfall. Det er ein som er borte, og håpet er å kunne finne han igjen. Varme tankar går til dei etterlatne i ei vanskeleg tid.

Savnet bil trolig funnet i Jølstravatnet

Politiet har funnet det de mener er en bil i Jølstravatnet, der en mann i 50-årene har vært savnet siden raset i forrige uke.


Då uveret braka laust i Jølster, vart bygdefolket si handlekraft og omsorg avgjerande. Mange frivillige stilte opp, laga mat og ordna med overnatting. Ei ekstra takk til alle som bidrog undervegs, og til dei som framleis bidreg i etterarbeidet.

Den store utfordringa var manglande kommunikasjon. Enkelte område var utan internett, mobilnett og moglegheit til å kommunisere med omverda i to døgn, samt fysisk innesperra av rasa, og forhindra frå å varsle familie og vener. Det trengs strengare krav til mobilnett og batterikapasitet, når ingen lenger har fasttelefon.

Kommunikasjon var hovedproblemet i Jølster

De største utfordringene etter rasene i Jølster var kommunikasjon. Lensmannen forteller at det ble brukt mye tid på å kartlegge hvor folk var.


Våtare, villare og varmare klima vil få store konsekvensar for oss framtida. Ein av utfordringane med klimaendringane er at toppane og botnen vert større. Omfanget av skadane blir meir dramatiske, og då må storsamfunnet gjere meir for at innbyggjarane og dei besøkande skal vere trygge.

Den politiske debatten bør i første omgang handle om korleis vi kan greie å rydde opp i dei store øydeleggingane på vegnettet, vassdraga, hus og eigedommar. Vi har enno ikkje oversikt over kostnaden med å reparere fylkesvegane, men erfaringar frå tidlegare hendingar viser at dei blir mykje større enn fylkeskommunen åleine kan greie.

Når Statsråden kjem hit på onsdag vil eg ta opp fylket sine utfordringar med det rasutsette vegnettet. Sidan 2010 har fylkeskommunen fått uventa utgifter på netto kroner 385 millionar som følgje av ras, uver og brann. Staten har kompensert berre 50 prosent, men fylkeskommunen har måtte ta nesten 200 millionar på eigen kappe. I tillegg kjem mindre ras som fylket må dekke fullt ut.

Tybring-Gjedde: Forstår kritikk mot politiet i Jølster

Samfunnssikkerhetsminister Ingvil Smines Tybring-Gjedde (Frp) forstår at det kommer kritikk mot politiets innsats etter jordskredene i Jølster.



Skader for minst 50 millioner etter jordrasene i Jølster

Forsikringsselskapene anslår skader på rundt 50 millioner kroner etter jordrasene i Jølster. De materielle skadene er lavere enn fryktet, men det kan øke.


Det er ein handfull fylke i landet som har fått dei store kostnadene med ekstremvêret. Dette reduserer evna vår til førebygging og vedlikehald av vegane. Slik kan det ikkje fortsette. Eg vil ta opp med Statsråd John Georg Dale at det må etablerast ei naturskadeordning for fylkesvegnettet. Eit slikt naturskadefond har fylkespolitikarane jobba for lenge, og saka har vore løfta til transport- og kommunikasjonskomiteen i Stortinget – utan at noko har skjedd - foreløpig.

Det andre som er viktig for oppryddingsarbeidet er at NVE får auka økonomiske rammer slik at dei kan reparere, førebyggje og plastre elveløp som må sikrast. NVE har kartlagt at det trengst fire milliardar kroner til flaum- og skredsikring. Det reelle behovet sannsynlegvis er enda større. Klimaendringane gjev auka sikringsbehov. Elveløp som går over sine bredder og utløyser ras fører til store øydeleggingar på vegane våre. Vi som bur i eit fylke som gong på gong har vore hardt ramma av naturhendingar, veit at forbygging av vassdrag er avgjerande når ekstremvêret slår til. Vi treng både ressursar og kunnskap om korleis vi skal tilpasse oss det nye klima.

Politiet beklager tragisk utfall da vei ble gjenåpnet for tidlig i Jølster

Politiet beklager det tragisk utfallet da en vei ble gjenåpnet for tidlig i Jølster tirsdag. Kort tid etter gjenåpningen gikk raset som tok med seg en bil.


-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!