Kronikk:

«Kvifor er vi så sjuke?»

Sjuk: Materiale frå Eurostat, EU sitt statistikk-kontor, viser at Noreg har verdas høgaste sjukefråvær. Illustrasjonsfoto.  Foto: NTB scanpix

Kronikk

Materiale frå Eurostat, EU sitt statistikk-kontor, viser at Noreg har verdas høgaste sjukefråvær. Det utgjer om lag seks prosent av alle avtalte dagsverk. Samtidig veit vi at det knapt finst noko anna land i verda der helsetilstanden er like god som her. Kva kan dette mishøvet skuldast? I ein kronikk i Aftenposten den 25. februar i år gir Kaveh Rashidi og Sophie Berg eit svar på spørsmålet. Dei meiner at det har utvikla seg ein «syk sykmeldingskultur».

Rashidi og Berg sine analyser i den nemnde artikkelen vert truleg støtta av dei fleste som har tumla med desse problemstillingane, men svaret deira er nok likevel berre ei delforklaring. Det finst nemleg ein heil del antakingar om årsakssamanhengane på dette området, og nokre, men ikkje alle, vert støtta av seriøs forsking. Nedanfor gir eg ein oversikt over noko av forskinga på dette temaet.

Det har vorte hevda at det norske arbeidslivet sysselset ein større andel funksjonshemma enn andre land, og fordi disse oftare er sjuke enn funksjonsfriske påverkar det sjukefråværs-statistikken. Men dette er ikkje tilfelle. I Noreg er det ein lågare andel sysselsette funksjonshemma enn i andre land som det er naturleg å samanlikne med.

Ein har ofte lagt den såkalla «utstøtingshypotesen» til grunn. Denne seier at dårlege arbeidstilhøve og belastningar «støyter» arbeidstakarane ut til sjukefråvær eller arbeidsløyse. Men dersom ein ser nøyare på arbeidstilhøva der det er høgt fråvær, er det vanskeleg å sjå ein slik samanheng. Det finst heller ikkje noko belegg for å seie at arbeidstilhøva i norsk arbeidsliv er verre enn i andre land, og der sjukefråværet er langt lågare enn hjå oss.

Mårten Palme har gjennom si forsking i Sverige dokumentert dette: Folk som flyttar frå eit område med høgt sjukefråvær til eit område med lågt sjukefråvær tilpassar seg dette, og har mindre sjukefråvær. Det omvendte skjer også: Dersom ein flytter til eit område med høgare sjukefråvær enn det ein kom frå, vil ein verte «sjukare». Forklaringa på dette er at det sosiale miljøet og dei normene som er der definerer kva som er sjukdom og kva som er legitimt sjukefråvær. Det utviklar seg lokale fråværskulturar, seier Palme.

Det er bekvemt å vere sjuk, spesielt dersom ein berre er litt sjuk eller ikkje sjuk i det heile tatt. Forskingsprosjekt der ein har bede sjuke born om å teikne seg sjølve medan dei var sjuke, resulterer ofte i teikningar som viser at dei får ligge i dobbeltsenga til foreldra, at mor er heime frå arbeid og gir omsorg og varm mjølk med honning i. Noko av den same effekten vert sjuke vaksne til del. Sjukdom fritar for tyngande ansvar og utløyser positiv merksemd og medkjensle.

Kvinner har meir sjukefråvær enn menn. Næringane Undervisning og Helse- og sosialtenester er dei næringane i Noreg som har høgast sjukefråvær, høvesvis 7,1 og 9,5 prosent av alle avtalte dagsverk. Dette er også dei to mest kvinnedominerte næringane, der kvinnene utgjer 66 prosent av alle tilsette i den førstnemnde næringa og 81 prosent i den sistnemnde. Dersom ein samanliknar menn og kvinner som har likt arbeid og like arbeidstilhøve, finn ein at kvinners sjukefråvær er 1,3 til 1,7 gonger høgare enn menns fråvær.

Ei nærliggande forklaring på dette kunne vere at kvinnene har meir krevjande og omfattande arbeid med barneomsorg, at dette tvingar fram meir fråvær frå lønsarbeidet, og at dette i sin tur kjem til uttrykk som sjukefråvær. Men når ein samanliknar par med barn og par utan barn ser ein at kjønnsgapet i sjukefråvær mellom kvinner og menn nesten er det same.

Ei anna forklaring kunne kanskje vere at arbeidet i dei typiske kvinneyrka er meir sjukdomsframkallande enn i mannsyrka. Men det motsette er tilfellet. Arbeid i typiske mannsyrke er klart meir krevjande og farleg enn i kvinneyrke. I 2017 vart 12441 menn utsett for ei arbeidsulykke mot 9496 kvinner. I 2018 omkom 29 personar i arbeidsulykker. Alle var menn.

Gravide kvinner har eit høgt sjukefråvær, men dette forklarer berre litt av skilnaden i høve til menn. Dersom ein tar ut gravide kvinner frå datagrunnlaget, vert skilnaden redusert med om lag ein fjerdedel.

Ovanfor vart det nemnt at det sosiale miljøet og dei normene som er der definerer kva som er sjukdom og kva som er legitimt sjukefråvær. Der folk møtest og på arbeidsplassane dannar det seg spesifikke, lokale og bransjemessige standardar og forståingar av kva slags kjensler og tilstander som med rette kan definerast som sjukemeldingsgrunn. Kvifor dei mest liberale haldningane til sjukemelding har utvikla seg innanfor dei næringane som er sterkast dominert av kvinner er det ingen som til no har gitt gode svar på.

Noko av forklaringa på det høge sjukefråværet kan truleg ligge i legane sin reduserte status. Før var det legen som bestemte om ein var sjuk, og om ein var så sjuk at det tilsa sjukemelding. Legane var portvakter til helsevesenet og trygdesystemet og vernarar av den gode arbeidsmoralen. Men slik er det ikkje lenger. Dei siste tiåra har legane sin autoritet vorte svekka, og det har først og fremst samanheng med at kunnskapsnivået blant pasientane har blitt betre. Mange pasientar konsulterer ekspertsider på internett og kan ofte meir om sine lidingar og sjukdomar enn legen sin, og har diagnosen klar før legen rekk å ta fram stetoskopet. Pasientane har blitt «myndiggjorde». No er det brukarstyring som gjeld. Det er vedteke at det er pasienten sjølv som best veit om han/ho er sjuk, og logisk nok har språkbruken i samsvar med dette vorte endra frå at «legen har sjukmeldt meg» til «eg har sjukmeldt meg». Dette har mellom anna ført til at det av og til er vanskeleg for legar å stå imot grunnlause krav om sjukemelding.

Av og til vert det argumentert for å revidere sjukelønnsordninga og gjere henne mindre generøs, slik at ein kan få redusert det høge sjukefråværet. Men få seriøse politikarar går inn for det, for dei veit at dei politiske kostnadene med det vil vere større enn den økonomiske gevinsten. Derfor kjem ikkje det til å bli gjort.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!