Kronikk:

«Nøytral er ikkje midt i mellom, det er ingenting»

Viktig rolle: Biblioteka bør formidle breidda i litteratur på bokmål og nynorsk i heile kommunen, og særleg støtte opp om at ungane blir trygge på førstespråket sitt, meiner forfattarane av dette lesarinnlegget. 

Kronikk

Nesten kvar veke prøver nokon å framstille «nøytralt» tenestespråk som ein mellomposisjon mellom nynorsk og bokmål i nye Ålesund kommune. Det er det ikkje. Ein språknøytral kommune utan andre språkpolitiske vedtak sikrar verken rettane til bokmåls- eller nynorskbrukarane. Normalen er at nøytrale kommunar er umedvitne, og i praksis er det dei sterkaste kreftene som ropar høgast som vinn på det, ingen andre.

Etter paragraf 5 i Lov om målbruk i offentleg teneste kan kommunen avgjere om statsorgan skal kommunisere til dei på bokmål, nynorsk eller som staten sjølv ønskjer. Når kommunen skal avgjere målforma til kommunen er det altså kva staten skal skrive til kommunen som blir regulert, ikkje noko anna.

Alle dei andre kommunane på Sunnmøre har nynorsk tenestespråk. Det tyder at regionale organ for Sunnmøre får nynorsk som administrasjonsspråk. Eit vedtak om nøytralt tenestemål vil berre føre til å svekkje dei nasjonale rettane til nynorskbrukarane og elles lite anna.

Kommunen kan vedta språkreglar for andre område. I intensjonsavtalen skal internett- og intranettsidene, informasjonsmateriell og annonsar, lokale forskrifter og sakspapir i kommunen vere på nynorsk. Folkevalde skal kunne fremje framlegg på både nynorsk og bokmål.

Dette sikrar eitt språk når saksbehandlarar arbeider i lag og det er med på å gjere det språket som er mest brukt på Sunnmøre, men mindre brukt i Noreg, som heilskap meir synleg. Det er særleg viktig for nynorskbrukarane.

Kommunen er til for innbyggjarane, ikkje motsett. Få stader er det tydelegare enn i reglane som er føreslegne for Ålesund kommune om kommunikasjon med innbyggjarane. Saksbehandlarar i kommunen skal svare personar og bedrifter på det skriftspråket personane eller bedriftene sjølve skriv på.

Dersom dei tilsette i kommunen ikkje veit skriftspråket til den dei skriv med kan dei sjølv velje. Dei kan òg nytte både bokmål og nynorsk i det daglege interne arbeidet.

Historia blir dratt fram som argument mot nynorsk som tenestemål i Ålesund kommune, men sanninga er at nynorsk er sterkare forankra i Ålesund enn bokmål er forankra i bygdene som ligg omkring. Nynorsk er i bruk i kyrkje, skule og forvaltning i alle kommunane – og har lang tradisjon for det. Ålesund kommune har aldri vore bokmålskommune, men Borgund var nynorskkommune.

Fellesspråket på Sunnmøre er nynorsk. Det har historisk forankring i heile området. Skuleåret 2017–2018 hadde 9 952 elevar i grunnskulen på Sunnmøre nynorsk som førstespråk. 4.880 hadde bokmål. Det er nynorskskular og -klassar i Ålesund. Dei 672 nynorskelevane i dagens Ålesund kommune får ikkje mykje nynorsk til å bli dyktige i, glade i og stolte av eige språk i dag. Den nye kommunen kan bli språkleg tolerant og medviten det språklege mangfaldet i eigen region.

Nynorsk og bokmål har ulike posisjonar i samfunnet. Ein bør leggje til rette på høveleg vis slik at brukarane av begge språka får nytte sitt eige mål. Men nynorskbrukarane er i mindretal, og kommune og stat må då trå til med målretta tiltak slik at dei får like gode vilkår til å halde på nynorsken.

Det er klart at det også må bli tatt omsyn til bokmålsbrukarar i Ålesund. Det gjer intensjonsavtalen med krav om svar på eige skriftspråk og at skulane held på same undervisings- og administrasjonsspråk som i dag.

Biblioteka bør formidle breidda i litteratur på bokmål og nynorsk i heile kommunen, og særleg støtte opp om at ungane blir trygge på førstespråket sitt.

Ved å støtte opp om førstespråka til innbyggjarane våre, støttar vi også opp om mangfaldet og demokratiet.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!