Kronikk:

«Tysk høgre-radikalisering»

Eit AfD-medlem kledd i caps.   Foto: NTB scanpix.

Kronikk

I løpet av dei siste åra har eit urovekkande trekk dukka opp i tysk politikk, partiet Alternative für Deutschland, AfD, med røter tilbake til sider ved tysk kultur som i si tid opna vegen for nazismen. Den tyske historikaren Volker Weiβ har gitt ut ei bok, «Die autoritäre Revolte – Die Neue Rechte und der Untergang des Abendlandes» (Klett-Cotta Verlag, Stuttgart 2017). Han gjennomgår danninga av partiet, presenterer dei viktigaste representantane for det og gir eit informativt oversyn over den idéhistorisk-ideologiske bakgrunnen i tysk kultur som har vore med å opne for AfD, trass i klart fascistoide trekk og nærleik til nynazistiske rørsler.

Eit særkjenne i denne samanhengen er at partiet står sterkt i områda som tidlegare utgjorde Aust-Tyskland, DDR, medan det ikkje ser ut til å få fotfeste i det tidlegare Vest-Tyskland, BRD. Eg skal i denne artikkelen peike på nokre av dei psyko-kulturelle trekka ved DDR-kulturen som kan forklare noko av oppslutninga om AfD.

AfD går betydelig fram i tysk delstatsvalg

Høyreradikale AfD gikk kraftig fram og ble nest størst i delstatsvalgene i Brandenburg og Sachsen i Tyskland. Men i Sachsen vil partiet ha nyvalg.


Sameininga av DDR og BRD innebar eit sjokk for aust-tyskarar. To kulturar kolliderte. Skilnaden mellom dei lever framleis. BRD-kulturen var demokratisk, tolerant og open for omverda takka vere omskoleringa vestmaktene stod bak frå 1945, lang trening i og erfaring med demokrati, for ikkje å snakke om den politisk-kulturelle omveltinga 68-opprøret bar med seg. Eit tilsvarande oppgjer med fortida fann ikkje stad i DDR. Til det var undertrykkinga for massiv og represaliane for harde. Politisk opposisjon var utelukka, anna enn på reint privat plan – og knapt nok der. Vilkår for politisk danning var difor fråverande. Da muren fall og sameininga fann stad, vart merksemda retta mot dét. At ein stod overfor ein ukjend politisk-kulturell kvardag, vart gløymt. Oppgjer med måten ein sosialt og psykisk var prega på, skjedde ikkje. Krenking og tilpassing set sine spor. Det skaper utryggleik, gjerne også sjølvhat og mindreverdskjensle. Når dette, t.d. med opninga av STASI-arkiva, kjem fram, og ein ser korleis ein har tilpassa seg makthavarane, er responsen skjønleg.

Demonstrasjon: Det er psyko-kulturelle trekk ved DDR-kulturen som kan forklare noko av oppslutninga om AfD, skriv Atle Måseide i denne kronikken. Denne unge mannen deltok i ein AfD-demonstrasjon i Berlin i mai 2018.   Foto: NTB scanpix

Den offisielle versjonen av DDR som antifascistisk spelte ei viktig rolle som sjølvbedrag: DDR var antifascismens svar på nazismens fælske. Effekten av myten, både offentleg og privat, var at regime og ibuarar var frikjende for all skyld i det nazityske brotsverket. Til skilnad frå BRD hadde DDR stått på rett side og var difor utan skyld. Dei var nazismens offer. Behov for oppgjer med eigen kultur og seg sjølve fanst ikkje. Med andre ord, alt som kunne reknast som oppgjer med dei trekk ved tysk kultur og samfunn som hadde opna for nazismen, var utelukka. Ingen ting vart difor gjort som kunne rokke ved dei strukturelle vilkåra for fascistiske haldningar. Antifascismen vart såleis lite anna enn ein fasade som svært få reelt tok inn over seg.

For å skape lojalitet frå folkets side freista regimet skape ein kultur med minimal fråstand mellom styremakt og ibuarar. Å skjerme seg frå dette hadde store omkostnader. Bindinga mellom regime og borgarar minte om tilhøvet mellom foreldre og born. Følgjeleg har folk som flytta frå aust til vest, hatt emosjonelle problem med å frigjere seg frå DDR-staten. Dei har i ein viss forstand halde fram som born av foreldra sine.


Høyreorienterte AfD største parti i den østlige delen av Tyskland

Sterkt høyreorienterte Alternativ für Deutschland (AfD) er det mest populære partiet blant velgerne i Tysklands østlige delstater, viser en ny meningsmåling.


Ein kultur som skaper familieliknande forhold mellom styremakter og ibuarar, kan ha sterke sider. Det skaper kjensle av tilhøyr og tryggleik: Ein arbeider for staten, som tar seg av forsørgjarpliktene. Vender ein seg derimot mot staten, analogt til korleis tenåringen skal frigjere seg frå autoritære, men tilsynelatande milde, foreldre, får dét negative konsekvensar. Ein slik familieliknande kultur skjermar seg mot all freistnad på forandring, både innan- og utanfrå. Ei legitim frigjering frå dei føresette, styremaktene, var utelukka. Rom for politisk-kulturell danning fanst ikkje. Resultatet vart politisk ansvarslaus infantilisme som vi nå ser utfalde seg som høgrøysta og til dels kriminell høgreradikal framferd og nynazisme.

Regimekritikk vart sjeldan meir enn passiv privat motstand. Da sameininga mellom aust og vest kom, mangla dei med bakgrunn frå DDR difor den politisk-kulturelle kompetansen dei trong for å vere reelt myndige medspelarar. Det ein i møtet med nye politiske og kulturelle ordningar og institusjonar kunne yte, var passiv motstand, ikkje aktiv deltaking med tanke på ev. forandringar. Dei visste ikkje korleis stridsspørsmål skal eller kan løysas i det offentlege rommet. Dei mangla elementære demokratiske kompetansar det tar lang tid å lære og gjere til sine eigne. Dette pregar også dei som er fødde etter 1989. Foreldra mangla slik dugleik og kunne såleis ikkje overføre dei til borna.

Mistru til styremaktene var opplagt på sin plass i DDR jamvel om den sjeldan kom ope til uttrykk. Det er heller ikkje urimeleg å hevde at uttrykket «løgnpresse» ville ha passa på dei regimestyrde media i DDR. Når AfD i dag hamrar laus på tyske styremakter og media, ter det seg difor som uttrykk for at «det vi tidlegare fann oss i, dét finn vi oss ikkje i lenger». Manglande tillit til styremakter og media har overlevd. Er angst for STASI og statlege represaliar borte, gir fråværet av politisk-kulturell danning seg såleis uttrykk i ansvarslaus framferd.

DDR-kulturen og fortida den skjerma folk mot å ta eit reelt oppgjer med, vart forvrengd med integreringa i vesttyske kultur. Folk skulle vere aktørar i eit system dei ikkje meistra. Samanlikna med situasjonen i DDR, rådde dei like lite over eige liv som da. I kvardagens møte med vesttyskarar kom dei til kort – og oppdaga det. Skam og sjølvhat er gjerne svaret på slikt. Og dét blir vendt mot media, styremakter, flyktningar. Det dei hadde vore fortrulege med, var borte. Arbeidsløyse, som tidlegare hadde vore ukjent, var brått ein mogleg realitet. Optimismen frå 1989, da ein stod opp mot styremaktene i DDR og sa at «Wir sind das Volk», det er vi som skal avgjere framtida vår, er blitt avløyst av angst, avmakt og hat andsynes ei ny og framand verd.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!