Kronikk:

«Historia om nynorsk i Ålesund»

Språk: Målrørsla skapte arbeidsplassar og næringsinntekter i ein by der knapt nokon hadde nynorsk som førstespråk i skulen før Borgund og Ålesund blei ein kommune frå 1968, opplyser Aud Farstad og Ottar Grebstad i dette lesarinnlegget.  Foto: Jan Erik Røsvik

Kronikk

Alt før den nye storkommunen er Ålesund ein språkdelt kommune. Byen har ein nynorsktradisjon i både kyrkje, presse, skule, kommunal forvaltning, reiseliv – og gatenamn.

Onsdag 7. juni gjekk statsminister Christian Michelsen på talarstolen i Stortinget kl. 10.35 og erklærte at unionen med Sverige var over. Same dagen opna den første kaffistova i Ålesund i Løvenvolds gate 2. Frå 1920 var også Gjestestova i drift på St. Olavs plass, og i 1928 fekk den første kaffistova avløysing av ei ny i Lorchenes gate 3. Ein gong i 1980-åra stengde den siste kaffistova i byen.

Det var dei frilynde ungdomslaga som eigde og dreiv desse serveringsstadene. Det var også dei som i 1916 opna Hotell Hospitset, seinare Hotell Noreg, og Møre Hotel. Slagordet for kaffistovene var «førsteklasses mat til tredjeklasses prisar», og Restaurant Maritim på Hotell Noreg var i mange år sjølve Restauranten i byen.

Slik skapte målrørsla arbeidsplassar og næringsinntekter i ein by der knapt nokon hadde nynorsk som førstespråk i skulen før Borgund og Ålesund blei ein kommune frå 1968.

I dag er mange salmar av Elias Blix folkeeige for både bokmåls- og nynorskbrukarar. For hundre år sidan var dei omstridde, og landet rundt avgjorde kyrkjelydane i folkerøystingar om det skulle vere lov å syngje «No livnar det i lundar» i kyrkja. I Ålesund sa 78 prosent nei i 1900, men i 1917 hadde så mange ombestemt seg at 73 prosent sa ja. Ti år seinare vedtok Ålesund kyrkjelyd at seks gudstenester kvart år skulle vere på nynorsk.

Også i Borgund var der først motstand. 54 prosent røysta nei til Blix-salmane i 1909, men åtte år seinare sa 79 prosent ja. Eit nesten like stort fleirtal førte til nynorsk liturgi i Borgund kyrkje frå 1924. Tiår seinare blei det eit viktig argument i ei av mange fogderisaker.

Då Møre bispedøme skulle skiljast ut, gjekk Høgre-ordførar Svein Tømmerdal inn for Borgund kyrkje som domkyrkje. Den kyrkja hadde nynorsk liturgi, og slik ville ein ta omsyn til at «det at vesentlige av kommunene» i fylket bruker nynorsk, sa Tømmerdal til Sunnmørsposten 1. juni 1982. Han ville ha ei domkyrkje for heile fylket, ikkje berre for byen Ålesund, sa han. Fylkestinget gjekk inn for Ålesund, men Stortinget vedtok Molde.

Frå 1. januar 1968 blei det meste av Borgund ein del av Ålesund. Det gjorde Ålesund til ein tospråkleg kommune. Den første nynorskklassen i Borgund var i gang frå 1912, og kring 1950 var nynorsk førstespråket for alle folkeskuleelevane der. Enno i 1968 hadde 43 prosent av elevane i Borgund nynorsk som opplæringsspråk.

Endra busetnadsmønster og skulesentralisering svekte bruken av nynorsk når jamt fleire barn og unge møtte dei dominerande bokmålsmiljøa i byskulane. Likevel heldt mange fast ved sitt nynorske språk.

Etter 1965 har der vore ni folkerøystingar om opplæringsspråket i Ålesund. Fire av dei enda med nynorsk, fem med bokmål. Alt i alt røysta fire av ti for nynorsk og altså seks av ti for bokmål. På det meste var der nær 1.300 nynorskelevar i Borgund.

I skuleåret 2018/19 hadde 601 elevar nynorsk i grunnskulane i Ålesund.

I 1968 hadde kvar fjerde elev i Ålesund nynorsk, i 2020 har kvar tredje elev i nye Ålesund nynorsk.

Etter initiativ frå Nynorsk kultursentrum vedtok årsmøtet i Destinasjon Ålesund & Sunnmøre 19. juni 2016 med stort fleirtal å skifte frå bokmål til nynorsk i marknadsføringa si. Eit av dei viktigaste reisemåla i byen er Sunnmøre Museum, bygt opp av målrørsla frå 1933.

Kvart femte museum i Noreg bruker nynorsk, og med over 123.000 gjester i 2018 er Sunnmøre Museum ein viktig nynorskbrukar i den bransjen.

Sunnmørsposten har kome ut sidan 1882, og med ungdomslagsveteranen Ivar Flem som redaktør frå 1894 tok avisa til å skrive saker frå bygdene på nynorsk, frå byen på bokmål.

Det prinsippet gjeld i stor grad framleis og kan ha vore med og festna ei oppfatning om at by = bokmål. Samstundes har avisa gjort lesestoff på nynorsk til ein vane også for bokmålsbrukarane.

I 1915 avviste Flem eit ønske frå ungdomslaga om å gjere Sunnmørsposten til ei nynorskavis. Dermed samla målrørsla inn 3,7 millionar i notidsverdi og sette i gang nynorskavisa Møre Tidend sommaren 1917. Den første nynorske dagsavisa i landet kom dermed ut i Ålesund.

Under skiftande namn heldt avisa fram til hausten 1940, og det var politiske brytingar, ikkje bruken av nynorsk, som valda vanskar for utgivarane.

Nynorskbrukaren Petrine Stafset frå Skodje blei i 1925 varaordførar og var den første kvinna på toppen av kommunen.

I 1907 var ei rekkje gatenamn i byen fastsette på den tids dansknorsk.

Med Stafset på laget tok målrørsla initiativet til å fornorske namna, og bystyret sa seg samd i 1940. Difor heiter Tollbodgaden i dag Tollbugata, heilt i tråd med talemålet.

Frå 1. januar 2020 blir storkommunen Ålesund med nær 67.000 innbyggjarar den største kommunen nokon gong som krev at staten skal bruke nynorsk til kommunen. Eit slikt vedtak gjorde Borgund kommunestyre i 1946. Ålesund gjorde det aldri.

Det har vore uklart om Ålesund kommune tidlegare har vedteke noko om språk i kommuneadministrasjonen. No har vi leita og funne. Det nye kommunestyret for Ålesund og Borgund vedtok 16. november 1967: «Bystyret finner ikke grunn til å gjøre vedtak om at den nye Ålesund kommune skal brukte en bestemt av de to offisielle målformene.» Ein oppfatta dette som eit vedtak om at kvar tilsett gjorde som ein ville. Både kontorsjef Karsten Blomvik og personalsjef Johan Krogsæter skreiv i desse åra alle sine saksførelegg på nynorsk.

I bystyret spurde ein seg kva vedtaket innebar for kommunale skjema, kunngjeringar og annonsar.

Det skulle formannskapet drøfte 7. desember, men saka blei utsett og kom aldri tilbake i åra etterpå.

Det som blei verande uklart i 1967, blei viktig i ordskiftet femti år etterpå.

Gjennom meir enn hundre år har nynorskbrukarar utvikla næringsverksemd og institusjonar som gjorde Ålesund til byen for heile Sunnmøre. Denne nynorske tradisjonen kjem godt med når byen no går saman med fire tydelege nynorskkommunar.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!