Kronikk:

«Eit filosofisk blikk på «mobbeparagrafen» i opplæringsloven»

Mobbing: Illustrasjonsfoto av elev som står ålene i skolegården.  Foto: NTB scanpix

Kronikk

Rettstryggleik for lærarar er svekka av opplæringslovens § 9 A, som gjeld mobbing/krenking. Kriteriet for korvidt ein elev blir mobba/krenka, er elevens oppleving eller kjensle: «Den ansatte skal ikke stille spørsmål ved den krenkede elevs subjektive opplevelse. Det foreligger en krenkelse om en elev føler det slik» (NOU 2015: 2, kap. 14, s. 180). Eg skal knytte nokon kommentarar til loven.

David Hume (1711-76) avdekte eit logisk skilje mellom deskriptive og normative utsegner. Deskriptive utsegner beskriv det som er, var, vil bli. Slike utsegner og negasjonen av dei, t.d. «det regnar» og «det regnar ikkje», kan ha sanningsverdi. Normative utsegner er vurderande og seier noko om kva som bør eller ikkje bør vere tilfelle. Da desse er uttrykk for kjensler, kan dei ikkje ha sanningsverdi. Kjensler kan verken vere sanne eller usanne. Frå utsegner som kan ha sanningsverdi, kan utsegner som ikkje kan ha sanningsverdi, ikkje utleigas. Frå kva som er tilfelle, kan ein såleis ikkje utleige kva som bør/bør ikkje vere tilfelle. Av det følgjer også – nota bene – at ein kan ikkje utleige deskriptive utsegner frå normative. Ein kan ikkje (utan vidare) utleige sanne påstandar om faktiske forhold frå kjensler knytte til dei.

Dette er viktig om ein ser på «mobbeparagrafen»: Er elevens oppleving av mobbing/krenking tilstrekkeleg bevis for at han/ho blir mobba/krenka, og kjensle i slike tilfelle ikkje kan skiljas frå oppleving, melder problemet om sanning seg. Kan ikkje kjensler ha sanningsverdi, kan ein ikkje, basert på elevens kjensle av å bli mobba/krenka, avgjere om han/ho faktisk blir det. Det må, gitt denne distinksjonen, vere intersubjektivt tilgjengelege kriterium for mobbing/krenking, skal ein kunne avgjere om det faktisk har funne stad.

Kommentar:

- Jeg har et inderlig ønske: at den nye mobbeparagrafen fører til at ingen lenger bagatelliserer mobbing som «jentegreier» eller «guttestreker»

Jeg har et inderlig ønske: at den nye mobbeparagrafen fører til at ingen lenger bagatelliserer mobbing som «jentegreier» eller «guttestreker».


Aristoteles (384-22 f.Kr.) inkluderer kjensler i etikken. Kjensler er rasjonale ved at dei uttrykker forståing og kan øvast opp i møtet med røyndommen, t.d. andre menneske. Tileigning av moralske kompetansar er knytt til sosialisering. Målet er at moralsk dugleik, der kjensler er eit essensielt element, vert ein slags «second nature». Den reelt moralsk dugande vil følgjeleg alltid handle i samsvar med den faktiske situasjonens krav utan å måtte vinne over «naturlege» tildriv. Til moralsk dugleik høyrer at kjensler og styrken deira skal høve til situasjonane. For sterk eller svak kjensle vil kunne få ein til å handle feil. Kravet er at kjenslene skal vere situasjonshøvelege.

Kjensler er «intensjonale», dvs. dei er normalt retta mot noko, eit s.k. emosjons-objekt: Ein er glad i nokon eller for noko, sint på nokon eller for noko, redd nokon eller for noko, etc., ikkje glad, sint, redd, etc. rett og slett. Å kunne identifisere ei kjensle krev at ein kan identifisere gjenstanden kjensla rettar seg mot. Kjensler – og opplevingar – er såleis uttrykk for forståing av ein situasjon, ei handling, etc. Dermed følgjer eit sanningskrav: Skal ei kjensle eller oppleving vere situasjonshøveleg, må den svare til eller uttrykke ei rimeleg forståing av den faktisk føreliggjande situasjonen eller handlinga. Sjølvsagt kan det vere tale om individuelle skilnader. Ulike personar kan ha ulike opplevingar, følgjeleg ulike kjensler, i møtet med ein situasjon eller ei handling. Men var opplevingar og kjensler reint subjektive og ikkje på nokon måte knytte til fellesskapleg sosial kompetanse, ville vilkåret for samfunn og sosialitet i beste fall vere svært svekka.

I både «normal»- og «avvikar»-tilfellet krev dette at hevdar NN at han/ho er mobba/krenka og viser til kjensla eller opplevinga si som prov, må han/ho kunne gjere greie for situasjonen kjensla er eit «svar» på. Viser det seg at dei involverte er samde om situasjonsbeskrivinga, er det grunn til å betrakte den som sann – at vedkommande faktisk er blitt mobba/krenka.

Skulle derimot NN si situasjonsbeskriving vere uforeinleg med den andre involverte gir, er det grunn til (i) å hevde at mobbe-påstanden er usann – eller til (ii) å røke etter (a) kva rolle dei andre involverte har (: mobbarar eller ikkje?), eller (b) om NN har problem som gjer at han/ho opplever seg som mobba der ingen andre vil gjere det? I så fall, korleis skal skolen forhalde seg til det?

Stiller ein ikkje krav til sanning i tråd med dette, inneber det at lærarar i prinsipp er rettslause andsynes skuldingar om mobbing/krenking. Det finst lærarar som mobbar/krenker elevar. Men det kan ikkje vere gyldig grunn til å gjere lærarar qua lærarar prinsipielt rettslause.

Eit siste punkt: Det finst ein klasse av ord vi kallar «etisk-deskriptive». Dei gir ei beskriving som hyser forbod eller påbod, ev. fortel kva ein bør eller ikkje bør.

Eit slikt ord er t.d. «tjuveri». «Tjuveri» er definitorisk identisk med «ulovleg tileigning av andre sin rettmessige eigedom». Av dette følgjer at ein ikkje bør stele. Her sluttar ein frå «er» til «bør ikkje» utan at logiske problem oppstår. Tilsvarande er det med «mobbing/krenking»: Er «mobbing/ krenking» definitorisk identisk med «handling som går ut på, og inneber at, nokon blir urettmessig plaga», følgjer det at mobbing/krenking ikkje bør førekomme.

Vil ha eget mobbeombud i Ålesund

– Det er noe i skolen som ikke stemmer. Det er dessverre ikke alt som står rett til. Mange av barna våre slites i stykker av et skolemiljø som ikke er bra.


I båe tilfella, tjuveri og mobbing/krenking, ser vi at forbodet omgrepa hyser, krev gransking av sanning: Ein kan ikkje dømme NN for tjuveri av di tjuveri er legalt og moralsk uakseptabelt. Ein kan ikkje dømme NN utan at det er prova at NN har utført ei handling som fell inn under definisjonen av ’tjuveri’. Tilsvarande er det med ’mobbing/krenking’: NN kan ikkje vere skuldig utan at NN faktisk har gjort det som fell inn under definisjonen av ’mobbing/krenking’. Skuldar Per Pål for å mobbe/krenke han, følgjer såleis eit elementært sanningskrav.

I ein rettsstat burde dette vere så sjølvsagt at jamvel ikkje trua på å kjempe for det gode og mot det vonde kunne få ein til å oversjå det.

Dessutan: Å motivere folk til å utdanne seg til eit yrke som gjer ein prinsipielt rettslaus, tyder ikkje på høgt refleksjonsnivå hos den lovgjevande instansen.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!