Kronikk:

«Eg er ung nynorskjournalist - er eg utryddingstrua?»

– Nynorsk? Eg hadde toar i nynorsk på skulen, seier ein mann med solbriller og klaskar glaset sitt mot mitt. Han ler rått, så brillene held på å gli av nasen hans og ned i altfor varm øl. Dette skal eg tydeleg kjenne meg att i, forstår eg.

Språk: Sunnmøringen Mone Celin Skrede er debattjournalist i Aftenposten.   Foto: Helmine Syvertsen

Kronikk

Sommaren 2018 har heile Oslo i kollektiv solstikk trykt seg saman under parasollane på restaurantane og barane som har uteservering. Attåt frilansjobb i avisa Dag og Tid er eg fersk vikar i Nationen. Nynorsk og bokmål er jamstilte, og forseinka våronn har måtta vike for full tørkesommar. Sviktande avlingar og for lite fôr er like alvorleg anten det er mjølkekvotane eller melkekvotene det går ut over. Likevel skal eg i løpet av dei neste månadene få kjeft av lesarar fordi eg har skrive «kverrsetje» i staden for «beslagleggje» i ein tittel.

– Det kan umogleg hjelpe på lesartalet å setje inn ord som ingen forstår, gjallar det gjennom tipstelefonen.

Nedgang og oppmjuking

Med mitt eige lunka ølglas halvvegs til munnen stoppar eg opp så ølen skvulpar. Nynorskprosenten i norsk grunnskule har dei siste åra lege på litt over 12, ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB), det lågaste nokon gong. Men i 2017 melde Klassekampen at Aftenposten, VG og fleire av dei største avisene i Noreg var i ferd med å mjuke opp språkreglane sine. Då VG publiserte den første saka si på nynorsk som ikkje handla om nynorsk på nærare 70 år, uttala redaktør Gard Steiro at avisa opna for å nytte nynorsk der det var relevant og naturleg.

Er det då lov å håpe at dette går rett veg, tenkjer eg. Er det lov å håpe at eg som 28 år gammal og relativt nyutdanna slepp å oppleve at ta-livet-av-sidemål-bataljonen får rett når dei freistar å redusere meg til eit kverulantisk fossil?

Men eg kjenner at solbrillemannen har fått meg til å tvile. Eg er ung nynorskjournalist i 2019. Er eg i ferd med å verte utrydda?

Jamstilte?

Og dette endå eg, i tørkesommaren 2018, berre er ein kilometer eller to unna fleire redaksjonar der nynorsk anten er hovudnorma eller jamstilt med bokmål. Eg sit, i luftline, nesten midt mellom bladstova til Dag og Tid og redaksjonen til Nationen, midt i Oslo sentrum. Men eg veit òg at sjølv redaksjonar der skriftspråka er jamstilte, ofte må stø seg på kompetansen til dei få nynorskspråklege journalistane som arbeider der.

«Kan du lese gjennom denne saka? Ho er på nynorsk, skjønar du», er ein førespurnad eg har fått fleire gonger.

Så, tenkjer eg, no som korrekturlesaren er på veg ut av avisredaksjonane og inn i historiebøkene, og nyhenda skal først ut med sekundmargin: Har den lattermilde øldrikkaren rett i at språket mitt hindrar nyhendeformidlinga? Stikk eg kjeppar i hjula for mitt eige samfunnsoppdrag?

Tankane mine vandrar til året då eg tok avgjerda om å verte journalist.

Første møte med media

– Kunne nokon av dykk tenkje dykk å ha arbeidsveka i ei avis?

Det var læraren min som spurde, og 15 år gamle eg svara ja på staden. Oppvaksen i ei lita bygd med storhavet som næraste nabo, under 500 innbyggjarar og utan nokon avisredaksjon i nærleiken, hadde eg ikkje tenkt på avisa som karriereveg. Eg forstod likevel at her fekk eg skrive. Ei av dei første vekene i juni 2007 møtte eg medieverda for første gong, i lokalavisa Vikebladet Vestposten i Ulsteinvik. På dette tidspunktet visste eg ikkje kva ordet nynorskavis tydde. Mållaget hadde eg ikkje høyrt om. Sidemål var bokmål, og eg var så ung at mor mi framleis rådde over fjernkontrollen på laurdagen. Heartbeat, om ikkje anna, var teksta på nynorsk. Med hjartet på rette staden der, altså.

I 2013 gav eg meg i kast med journalisthøgskulen i Volda. I det som ein gong var nabobygda til Ivar Aasen, på høgskulen som tilbyr den einaste masterutdanninga i nynorsk skriftkultur i landet, hadde mitt kull på kring 60 studentar om lag ti nynorskbrukarar, fire på avislinja.

«Kvifor skriv du bokmål?»

På forsommaren 2016 var eg ferdig utdanna bachelor i journalistikk. Eg fekk plass i Nynorsk avissenter i Førde våren etter. Men før eg fekk leitt fram kofferten, ramla ei melding inn i innboksen på sosiale medium:

– Lurer forresten på kvifor du skriv så mykje bokmål på Facebook?

Det var den komande sjefen og læraren min, dåverande leiar for avissenteret, som spurde. Eg bladde straks nedover veggen min, bråstoppa, og kjende kinna verte varme.

«Mone har hatt sin første kjøretime. Kan meddele at jeg hverken kjørte av veien eller krasjet. (…) Men det må vel nevnes at det gikk i 30 km/t ...»

Skjermen lo nesten av meg. Ikkje berre skreiv eg om meg sjølv i tredje person, om at eg gjennomførte min første køyretime på bygda som 25-åring (!), men på riksmål. Eg møtte språkbrukaren i meg i døra. Er eg så redd for å gjere det vanskeleg for dei bokmålsspråklege venene mine, tenkte eg.

På vinnarlaget

Då Dag og Tid vann Fritt Ords Pris i 2017, fekk eg som fersk spaltist vere ein del av vinnarlaget. Det vart lagt vekt på at Dag og Tid er ei riksavis som skriv på nynorsk, ikkje om nynorsk. Og så lenge vi har om lag 660 000 daglege nynorskbrukarar i Noreg, som Målungdomen rekna ut i 2018, er det ikkje ein like stor del av samfunnsoppdraget mitt å reflektere desse? På nynorsk for nynorskbrukarane sin del, og om nynorsk for samfunnet sin del?

Og medan hudtonen min er på veg ein stad mellom brannbil og kokt hummar, skjønar eg at eg er heldig som har fått nytte dei første åra mine som journalist, i Oslo-pressa, til å skrive på nynorsk. For nynorskjournalistikken er eit val og eit ansvar. Med det same eg skriv «eg» i ei avisspalte, har eg teke eit språkpolitisk standpunkt. Og skal eg halde fram med å ha rett til å skrive nett slik eg som nordmann frå Nordvestlandet tenkjer og snakkar i 2019, kan eg ikkje gje meg no.

Dette er ein forkorta versjon av ein kronikk som er publisert i Nynorsk pressekontors jubileumsbok, «Meir på nynorsk til fleire, Nynorsk pressekontor 1969–2019», i høve 50-årsjubileet 19. oktober 2019. Kronikken er tidlegare publisert i Aftenposten.



Nye Ålesund årets nynorskkommune

Allereie før Nye Ålesund er blitt ein ny kommune får den utmerkinga «Årets nynorskkommune for 2019».



Eva Vinje Aurdal om språkprisen:

– Ei påminning til dei som vil ha omkamp

– Det er deira eiga regjering som gir oss denne prisen og det er deira eiga regjering som nyleg har lagt fram forslag om ny språklov, er beskjeden frå Eva Vinje Aurdal til Høgre og Frp som vil ha omkamp om nye Ålesund som nynorskkommune.



-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!