Kronikk:

«Det handlar om vilje»

Nynorsk i NRK: Kronikkforfattaren skriv at det er institusjonar som tar tak i språkutfordringane. Ferske meldingar frå NRK tyder på at dei kanskje kan oppfylle kravet om 25 prosent nynorsk i år. Det vil i så fall vere for aller første gong.  Foto: NTB scanpix

Kronikkforfattar: Torgeir Parr Dimmen, Senterleiar Nynorsksenteret.  Foto: Privat

Kronikk

Nynorsk og bokmål er formelt likestilte skriftspråk i Noreg. I praksis er det langt att til faktisk likestilling. Det finst fleire grunnar til at det er slik. Ingen av dei er gode. Det handlar mest om manglande forståing. Og om vilje.

Neste år får Noreg ei heilt ny lov om språk. Den samlar for første gong alle dei viktigaste elementa i ein heilskapleg språkpolitikk. Eit utkast til lova med tilhøyrande høyringsnotat var nett ute på høyring.

Her står mellom anna dette: «Fellesspråket norsk treng vern, og dei ulike språklege mindretala i Noreg, medrekna nynorskbrukarane, treng i denne situasjonen eit mindretalsvern. Derfor er framlegget til språklov eit formelt uttrykk for at den norske staten er fleirspråkleg og bør vere det i framtida».

Dette er klar tale.

Det er også dette sitatet frå kulturkomiteens innstilling til kulturmeldinga: «Flertallet er positive til at meldingen anerkjenner rikdommen Norge har med to norske skriftkulturer og skriftspråk – nynorsk og bokmål.» (Innst. 258 S (2018-2019))

Med andre ord: At vi har to variantar av skriftleg norsk er ikkje eit problem, men ein ressurs. Denne heilt særeigne nasjonale skriftkulturen, som vi har hatt i nesten 150 år, er ikkje noko vi skal avvikle. Tvert om skal han takast vare på og utviklast.

Dei viktigaste arenaene for å lykkast med dette er offentleg forvalting og grunnopplæringa i skulen.

Språkbruken i offentleg forvalting blir regulert av den nye språklova. Den vil innehalde mange paragrafar som regulerer bruken av nynorsk og bokmål. Kven skal omfattast av reglane for parallellutgåver og språkveksling? Korleis skal desse reglane praktiserast? Korleis sikre nynorskbrukarane sine språklege rettar i eit bokmålsdominert språkmiljø?

Skulen skal ta i bruk nye læreplanar frå neste haust. Dei speglar att same grunnleggande haldning til verdien av den språkdelte norske kulturen som sitata over. Det skal framleis vere obligatorisk opplæring i nynorsk og bokmål for alle, og den systematiske opplæringa om det språklege mangfaldet i Noreg skal byrje heilt frå småskulen.

Grunnlaget for språklova sine reguleringar og læreplanen sine kompetansemål er altså at det er staten og storsamfunnet si oppgåve å verne, fremje og bruke det minst brukte skriftspråket – nynorsk. Ikkje berre for nynorskbrukarane si skuld, men fordi det er viktig og bra for alle som bur i Noreg.

Ikkje alle er samde i dette. I det offentlege ordskiftet er det stadig røyster å høyre som korkje ser verdien av å ha to norske skriftspråk eller at det er ei offentleg oppgåve å ta ansvar for det minst brukte. Det er likevel rimeleg å hevde at det er brei tverrpolitisk semje om dei grunnleggande prinsippa i norsk språkpolitikk, slik dei kjem til uttrykk i språklovutkastet.

Vel og bra. Men så var det dette med liv og lære. Eller respekt for lover og reglar.

Noreg har ei lang historie med offentleg regulering av bruken av dei to skriftspråka. Den viser at det på mange arenaer er til dels stor avstand mellom lover og reglar og faktisk praksis. Skular og kommunar i nynorskområde tilbyr ikkje innbyggarane sine læringsressursar eller dokument på eige språk. Høgskular og universitet får stadig refs frå Språkrådet for manglande nynorskbruk. Det same får statsetatar, direktorat og departement.

Alle lovar bot og betring, men neste år er det like ille. Som oftast.

Men det finst også institusjonar som tar tak. Ferske meldingar frå NRK tyder på at dei kanskje kan oppfylle kravet om 25 prosent nynorsk i år. Det vil i så fall vere for aller første gong. Slikt kjem ikkje av seg sjølv. Greier dei det, er det fordi leiinga har sagt at dette er viktig og at ein har tatt aktive grep for å nå målet.

Sjølv om dei aller fleste bokmålsbrukarar har hatt sidemålsopplæring på skulen, er det dei færraste som har så mykje øving at dei kan skrive godt og flytande nynorsk når dei ein sjeldan gang blir bedne om det. Slik er det berre.

Dette er likevel ingen gyldig grunn til å la ting skure. Det finst både kurs og konsulenthjelp, retteprogram og gode ordlister for dei som kjenner seg språkleg usikre.

Med dagens datateknologi er det også enklare enn nokon gong å tilby parallellutgåver av alle slags skjema og dokument. Tradisjonell omsetjing er det beste, men ein kan også kome langt med automatiske omsetjingsprogram supplert med manuell etterrakst.

I utkastet til den nye språklova er føremålet «å styrkje norsk språk, slik at det blir sikra som eit fullverdig og samfunnsberande språk i Noreg. Lova skal fremje likestilling mellom bokmål og nynorsk og sikre vern og status for dei språka som staten har ansvar for.»

Mange kan gjere mykje meir for å nå dette målet. Særleg i skule og offentleg forvalting, men også på andre arenaer, til dømes i media. Det kostar sjølvsagt litt å auke nynorskprosenten, både for NRK og forvaltinga, men i dei aller fleste budsjetta vil ei nynorsksatsing vere lommerusk i den store samanhengen.

Først og sist handlar det om bevisstgjering, haldningar og vilje frå leiarar på alle nivå.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til debatt@smp.no

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!