Kronikk:

«Om å la seg forføre - barnet i nyliberalismens tid»

Barnehage: Det er på høg tid å spørje om barnehagelæraren er i ferd med å blir ein slags terapeut, skriv Elin Førde i denne kronikken.  Foto: NTB Scanpix

Kronikk

Alt før barnet rekk å tre inn i barnehageverda vert det definert inn i tronge rom. Kva skjer med barnehageprofesjonen og synet på barn? Det er grunn til uro.

I riksmedia har der siste tida blussa opp ein ny debatt kring nyliberalisme. Nyliberalismen eit gufs frå Thatcher med sitt sterke individfokus, den humane kapital, og motseiinga der det reelt sett er den politisk-økonomiske orden som rår, pregar kvardagen vår i større grad enn dei fleste er merksame på. Det startar alt i barnehagen.

Seniorrådgjevar i Utdanningsforbundet, Jon Kaurel, opna nyleg den årlege barnehagekonferansen i Ålesund med den treffande tematikken Krysspress. Der gav han fem hundre barnehagelærarar ei grundig innføring i det trendy omgrepet tidleg innsats.

Tidleg innsats er eit tillitvekkande uttrykk, og gjev lett ei forståing av at ein må komme tidleg i gang med å hjelpe barn. Nokre vil trenge det, men i omgrepet tidleg innsats ligg der diverre implisitt kamuflert ei forståing av at dette er noko som gjeld alle. Dette «takka vere» at den geniale økonomen James Heckman i si forsking fann at tidleg intervensjon i barnehage med tyngde på tidleg språkstimulering, gjev god samfunnsøkonomi. Kaurel avslutta med å slå ein vits om kor tidleg er eigentleg tidleg innsats nok for at barn skal bli lønsame samfunnsborgarar. Kanskje bør ein starte alt i fosterlivet?

Dette har fått store konsekvensar for barnehageprofesjonen.

Er du barnehagelærar må du i dag må til dømes passe på å dokumentere at du er god på relasjonar. Sidan vi har eit samfunn som verken er regulert av storfamilien, nabokjerringar eller jantelov lenger, har fokus på relasjonar blitt sentralt i barns institusjonsliv. Relasjonar har blitt eit moteord som avgjer om du er innanfor eller utanfor den rette diskursen i di profesjonsutøving. Ein barnehage som ikkje kan dokumentere for sin relasjonskompetanse, er i dag ikkje med.

Det sterke fokuset på det relasjonelle, er styrt av dei same strukturelle vilkåra eller marknadskreftene som gjer at det har blitt lett å selje inn manualbaserte program til barnehagane. Psykologisk førstehjelp, eit program der barn lærer å sette fargar på kjenslene sine, er no i vinden som aldri før. Tidlegare var det foreldre si oppgåve å hjelpe barn med å regulere kjensle sine. No er det barnehagane som i stor grad tek seg av emosjonsreguleringa, og det som er urovekkande er at barnehagelæraren sin kompetanse ser ut til å vere konkurrert ut av desse manualbaserte programma der ein generasjon barn no går rundt og uroar seg for om dei sjølve, eller mor og far har grøne eller raude tankar.

Likeins er det moderne å drive med «kos», og då meiner eg ikkje kos som i hygge. COS er ei forkorting på tre bokstavar for tryggleikssirkelen, er eit ferdigsydd program med ei sertifisering, som blir seld inn til barnehagane for å instruere barnehagetilsette til å bli gode på tilvenning og foreldrerettleiing.

Dette er problematisk. Barnehagelæraren blir gjennom bruk av manualar instruert av andre profesjonar som fortel dei korleis dei skal utføre yrket sitt. Implisitt i desse programma ligg der nemleg ei forforståing av at profesjonsutøvinga er mangelfull, og dei er med på å skape sanningar om korleis ein skal drive tilvenning i barnehagane. Underforstått seier ein at det barnehagelærarane sin praksis er feil.

Det vi gjorde før var ikkje feil. Det er den nye praksisen vi bør gå i saumane. Dei nye tilvenningspraksisane som instruerer oss til å gå på heimebesøk, bruke veker og månadar på tilvenning, tek alle eit atterhald om at barn manglar noko, og verre, at det er noko ved barn vi må reparere, og det før dei eingong har starta i barnehagen. Barn er ikkje, dei skal med god hjelp, bli til noko. For å konkretisere: Ikkje alle barn er utrygge i det dei kjem til barnehagen, nokon elskar det frå første stund, og er midt i det i det dei passerer terskelen til barnehagelivet.

Alle desse konstruksjonane om barn som hjelpetrengande og svake, er med på å skape eit barnesyn som er etisk problematisk. Rammeplanen til barnehagane er forgylla av honnørord som tidleg innsats; jamfør sosial utjamning og livsmeistring, som gjer at all barnehagelærarane si profesjonsutøving brått dreiar seg om å førebygge noko. Til sjuande og sist handlar dette om at vi skal førebygge at barn ikkje gjev noko tilbake til samfunnet i form av eit utbyte. Det er på høg tid å spørje om barnehagelæraren er i ferd med å blir ein slags terapeut, og med kva føremål?

Den franske filosofen Foucault argumenterte for at makt er eit gode som finst overalt. Dilemmaet, seier Foucault, oppstår når makta vert tilslørt. Her er ein ved saka si kjerne, for i motivet bak alle desse programma og sterke fokus på tidleg innsats, er makta skjult. Den er tilslørt, og for profesjonsutøvar i barnehagane har det diverre etter kvart blitt uråd å orientere seg, og lett å la seg forføre av dette språket som umerkeleg et seg inn i vår faglege autonomi og er med på å viske ut barnehageprofesjonen sine faglege kunnskapar og skjønn.


-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til debatt@smp.no

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!