Kronikk:

«Ny læreplan i skulen»

«Den viktigaste grunnen til at den nye læreplanen må bli gjennomført, er at han har eit innhald som kan gjere skulen til ein betre plass å vere. Det gjeld særleg for mange av elevane som strevar»

Meir tid: «Elevane lærer i ulikt tempo og med ulik fagleg progresjon. Det må til, skal elevane både lære og oppleve meistring. Skal ein få til djupnelæring er føresetnaden meir tid til kvar del»,skriv professor Peder Haug i denne kronikken.  Foto: Gorm Kallestad/ NTB (Illustrasjonsfoto)

Å sleppe fram fagleg skjønn, kreativitet og pedagogisk artisteri kan få fram smidige løysingar som gir endå fleire elevar gode vilkår for læring og utvikling.

Peder Haug
Kronikk

Med jamne mellomrom kjem det nye læreplanar i grunnskulen. Læreplanane er det dokumentet som skulane har plikt til å følgje i planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisninga.

Dei er ei kontrakt mellom skulen og samfunnet om kva som er skulen sine oppgåver. Siste femti åra har det vore fem omfattande læreplanrevisjonar, i 1974, 1987, 1996, 2006 og 2019.

Ein viktig grunn for revisjonane, er at både samfunn og politikk heile tida er i endring. Det gir skulen nye rammer og oppgåver, og av det kjem behovet for læreplanreformer.

Trestegsmodellen

Språkbruken ved læreplanrevisjonane er interessant og følgjer ein trestegsmodell.

  • Punkt ein er å få fram at tilhøva som dei no er i skulen, er svært uheldige, til og med skadelege.
  • Punkt to er å understreke at konsekvensen av punkt ein er eit stort behov for endring. Punkt nummer tre er at det kjem nye planar, og at dei nye planane etter kort tid vil løyse utfordringane på ein god måte.

Dilemmaet er at praksisen i klasseromma kan vere ganske forskjellige frå ambisjonane i læreplanane.

Nye læreplanar har oftast hatt lite å seie for det som skjer i klasseromma, i alle fall på kort sikt.

Evalueringar i Noreg har vist at vedtekne planar ikkje er gjennomførde som det var tenkt på mange område.

Lovande plan

Skulen arbeider etter ein ny plan frå hausten 2020. Han har kome fram etter trestegsmodellen. Det vil vere svært bra om denne planen blir gjennomført slik det er tenkt. Det har aldri tidlegare vore lagt ned så mykje arbeid i å utvikle ein ny læreplan og i å førebu innføringa av han i grunnskulen, som denne.

Den viktigaste grunnen til at den nye læreplanen må bli gjennomført, er at han har eit innhald som kan gjere skulen til ein betre plass å vere. Det gjeld særleg for mange av elevane som strevar. Sjølv om det ikkje var argumentert slik under utviklinga av den nye planen, vart det løysinga.

Fleksibilitet

Den nye læreplanen legg vekt på to forhold som er viktige for utvikling og læring for alle elevar, men særleg for dei elevane som strevar. Det er fleksibilitet og tid til fordjuping. Den nye læreplanen har ein overordna del. Den inneheld dei overordna verdiane og retningslinjene for arbeidet i skulen. Planen føreset at skulane skal arbeide fleksibelt og vere smidig, men utan å nytte akkurat dei orda.

Omsynet til fleksibiliteten les eg særleg ut av to formuleringar i læreplanen. Skulen skal vere eit inkluderande miljø for alle elevar, og skulen skal praktisere tilpassa opplæring. Skal begge desse ønska oppfyllast, krevst det fleksibilitet.

Inkludering og tilpassing handlar om å ta omsyn til kvar enkelt elev, og det kan ikkje gjerast på ein og same måte for alle.

Difor vil ordet fleksibel vere eit nødvendig og sentralt styreord for skulen framover. I det ligg ei forventing om å finne dei løysingane som tener kvar enkelt elev på beste moglege måten innanfor dei rammene skulen arbeider.

Handlingsrommet der er stort, og mykje av det er ikkje i bruk.

Frå ei «tigermamma»

Eit døme på fleksibilitet hentar eg frå eit lesarinnlegg i Sunnmørsposten den 29. juni 2018. Det var frå ei «tigermamma» som takka skulen for godt arbeid. Det er eitt av stykka i avisa som verkeleg har råka meg, og som eg framleis dreg fram.

Familien skulle flytte til Ålesund, og foreldra var nervøse for korleis det skulle gå med guten deira. Han hadde streva på skulen der dei budde før.

Resultatet vart svært godt. Skulen var smidig.

Mor skriv: «Dei har sett «heile guten»: Han som er flink å fortelje (ikkje han som pratar for mykje), han som treng pausar (ikkje han som stikk av og utagerer), han som gir klemmer og gode ord (ikkje han som er umoden, klengete og ukritisk).»

Og ho avsluttar: «Vi sit igjen med gode minne og håp for framtida, noko som ikkje hadde vore, om det ikkje var for dykk. Eg håpar og trur at de vil fortsette å møte foreldre og «umulige barn» på den måten de har gjort med oss. Dåkke e gullgode!»

Eg er ikkje i tvil om at bak denne takka fann tigermamma godt kompetente og fleksible skulefolk.

Tid til fordjuping

Høg læringskvalitet er intensjonen med læreplanen. Det kjem mellom anna til syne ved at ordet djupnelæring er løfta fram som sentralt. Det heiter at for å nå målet om høg kompetanse, må elevane få tid til å utforske djupna i dei ulike fagområda. Då må skulen ta omsyn til at elevane er forskjellige.

Elevane lærer i ulikt tempo og med ulik fagleg progresjon. Det må til, skal elevane både lære og oppleve meistring. Skal ein få til djupnelæring er føresetnaden meir tid til kvar del.

Meir tid til noko, gjer at det er noko anna ein ikkje lenger har tid til. Difor må fagomfanget ned.

Det blir ikkje færre fag, men i faga skal ein redusere mengda stoff som det skal arbeidast med.

No skal ein ta med det viktigaste. Det skal bli mindre overflatelæring av det som er uvesentleg.

Korleis vil det gå?

Med vekt på fleksibilitet, djupnelæring og redusert omfang i faga er denne læreplanen verkeleg lovande, og særleg for strevarane. Vil lovnadane i læreplanen bli verkelege? Der er to utfordringar. Den eine er at skulen sitt behov for orden, system og plan framleis vil dominere.

«Slik gjer vi det her hos oss» høyrer vi nokså ofte. Ein kunne legge til «og slik har det vore – lenge».

Å sleppe fram fagleg skjønn, kreativitet og pedagogisk artisteri kan få fram smidige løysingar som gir endå fleire elevar gode vilkår for læring og utvikling.

Det andre hinderet er at ein i faga ikkje blir samde om kva som er viktig og ikkje viktig å lære for elevane. Det bestemmer lærarane og skulane.

Mi erfaring er, at fagfolk imellom finn vi få som er villige til å gi slepp på sitt eige favorittområde. Og når mange sine favorittar konkurrerer, kan løysinga lett bli at alle vinn, alt blir som før.

Miljøet mellom lærarane på skulane tener kanskje på at ingen ting blir plukka vekk. At elevane taper på det er klart, men dei har lite å seie for valet av kva fagleg som er viktig. Sjeldan har omgrepet prioritering vore viktigare for praksisen i skulen enn no.

Peder Haug
Professor, Institutt for pedagogikk ved Høgskulen i Volda

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no