Kronikk:

«Grundig prosess for renseanlegg på Kvasneset»

Avløpsrenseanlegget for Ålesund og Sula som no vert utgreidd på Kvasnes, skaper stort engasjement så vel i Sula som Ålesund. Og det er flott at innbyggarane engasjerer seg.

Reinseanlegg: Sula og Ålesund har dei par siste åra jobba med å utgreie om det planlagde kloakkreinseanlegget deira kan ligge på Kvasneset i Sula. Tidleg neste år er ein konklusjon venta.  Foto: Morten Hjertø

Kronikk

Utgreiinga som pågår og skal opp til politisk behandling gjeld vurdering av lokasjon for anlegget på Kvasnes, prosessanlegg i fjell med tilhøyrande utsleppsleidning, samt overføringsleidningar frå Sula og Ålesund kommune fram til anlegget.

I komite for Teknisk- miljø og samferdsel hadde vi nylig ein grundig gjennomgang av prosjektet så langt.

Endelig konklusjon og rapport frå gruppa som leier forprosjektet er venta til politisk behandling i mai/juni 2021.

Prosjektleiar for det planlagde avløpsrenseanlegget Elin Nerem gjekk igjennom prosjektet og svarte på ei mengd spørsmål frå komiteen. Både i forhold til lukt, økonomi, miljøgevinst og erfaringar frå liknande anlegg andre stader i landet.

No skal ikkje vi foregripe den politiske debatten som kjem når den endelige rapporten ligg føre, men vil likevel rette fokus på fire sentrale forhold som er omtalt i advarselen frå aksjonsgruppa mot avløpsrenseanlegg på Kvasnes.

Det gjeld vurderingar knytt til miljø, kostnader og ikkje minst plassering og forventa luktproblem for innbyggjarane i området rundt renseanlegget.

Rensegrad, miljø og kostnad

Felles avløpsrenseanlegg er eit samarbeidsprosjekt mellom Ålesund og Sula kommunar, der Ålesund dekker 75% og Sula 25% av kostnadene for forprosjektet etter forventa belastning og innbyggjarar. Sula kommune er ansvarlig for reguleringsarbeidet, sidan anlegget skal etablerast i Sula kommune.

Det er no tre ulike lokasjonar på Kvasnes som vert vurdert.

Tidlegare har Sula kommune vurdert fleire lokasjonar. Den siste før Kvasnes var ein lokasjon på Sunde, som i samarbeid med Ålesund kommuneart avskriven etter ferdig skisseprosjekt.


Prosjektleder:

Har ikke de endelige svarene ennå

– Vi kan ikke presentere konklusjoner i rapporter som ikke foreligger ennå.


Det er mange ulike faktorar som tel i val av lokasjon. Dei mest sentrale er likevel miljøgevinst og kostnader ved utbygging.

Miljøgevinsten vert auka etter kor avansert anlegget er og graden av rensing. Kvasnesanlegget er planlagt etter mal frå liknande moderne anlegg etter nivået «sekundærrenseanlegg».

Ingen av dei anlegga vi har i Ålesund i dag har så høg rensegrad. Målt i prosent av organiske stoff, betyr sekundærrensing at mellom 80 til 90% av dei organiske stoffa vert teke ut av avløpsvatnet før det vert sleppt ut i fjorden.

Aksjonsgruppa er redd for kva som skjer dersom anlegget sviktar og ein vert tvungen til å sende ureinsa avløpsvatn i fjorden. Til dette er å seie at det er et krav i prosjekteringa at den ivaretek forhold rundt driftssikkerheita i anlegget, slik at uønska situasjonar ikkje oppstår.

Det er ikkje sannsynlig at ein skulle få driftsstans i fleire løp i renseanlegget samstundes.


Massiv mobilisering mot kloakkrenseanlegg i indre Ålesund:

– Nå ringer alarmklokkene her også

Planene om kloakkrenseanlegg på Kvasneset i Sula, skaper stort engasjement også på den andre sida av fjorden.


Miljøgevinsten vert også påverka av val av resipient, altså fjordsystemet som ferdigrensa avløpsvatn går til. Alle renseanlegg i gamle Ålesund går i dag til Borgundfjorden og Ellingsøyfjorden - utanom renseanlegget på Flisnes.

Begge desse fjordane er så langt eintydig vurdert som meir sårbare resipientar enn Storfjorden. Dette på bakgrunn av vassmengd, økologisk tilstand, straum- og djupne.

Plassering

Sjølvsagt ville ei plassering av renseanlegg på Eltrane gi en endå betre resipient.Dette er vurdert men det må også vurderast opp mot andre forhold, som omsynssoner i forhold til natur, tilgang til nødvendig infrastruktur og totale kostnader.

Eltrane er ut frå dette vurdert som uaktuelt. Ferdig utredet forprosjekt skal gi svar på forhold rundt kostnader og effekt av det nye renseanlegget.

Dersom dette viser seg å gi uforholdsmessige konsekvensar vil det truleg vere meir aktuelt å avbryte samarbeidsprosjektet med Sula kommune. Dei to kommunane må då etablere eigne anlegg.

Lukt

Det nye renseanlegget skal etablerast i eit fjellanlegg med undertrykk og rensing av lufta som går ut frå anlegget. Dette er ikkje rakettforskning. Slike moderne anlegg finst i Bergen, Oslo, og Kristiansand for å nemne nokre.

Delegasjonar frå Ålesund har sett på fleire - mellom anna anlegga i Kristiansand og Bergen. Begge stader er det lite klager på lukt.

Det betyr ikkje at ein kan garantere at anlegga er luktfri 365 dagar i året, men den som tek seg ein tur til anlegget på Odderøy i sentrum av Kristiansand vil kunne fastslå at lukt ikkje er eit stort problem.


Synspunkt:

«Havet er verdas største søppelbøtte»

UN eller FN administrerer organisasjonen IMO som er kort for internasjonale Maritime Organisasjon. IMO har Marpol som igjen er kort for maritime pollution.


Dette er dessutan eit anlegg som produserer eigen straum frå biogassanlegg inne i fjellet, basert på biorest frå rensinga.

Utluftinga frå anlegget i Kristiansand kjem ut i ei høg pipe midt i eit populært friområde, der det alltid er mykje folk på tur.

Det er mulig å kjenne svak lukt når du står tett ved pipa, men du skal ikkje mange meter unna før all lukt er borte.

Vi kan ikkje garantere at folk på Kvasnes eller Vegsund aldri vil kjenne lukt frå eit framtidig anlegg på Kvasnes, men dette er likevel eit anlegg på linje med dei som finst i Bergen, og meir moderne enn det som er bygd i Kristiansand.


Lesarinnlegg:

«Kloakk til Kvasneset, fjordstraumar og driftsstans»

Ålesund og Sula planlegg eit felles kloakkreinseanlegg med utslepp til Storfjorden utafor Kvasneset.


Lukt er eit minimalt problem ved desse anlegga. Så må vi også vedgå at ingen løysingar er problemfrie, men vi må likevel finne ein balanse mellom kost og nytte.

Grundig konsekvensutgreiing

Så skal vi vente på rapporten frå forprosjektet før vi tek endelig stilling til kostnader og andre konsekvensar ved anlegget. Reguleringsplanen som Sula kommune utarbeider for området vil omfatte ei grundig konsekvensvurdering der fleire ulike forhold vil bli undersøkt og utgreidd.

Vi har full tillit til at vi får eit grundig og faglig forsvarlig forprosjekt på bordet, slik at kommunestyret kan ta eit «velbegrunna val», som det heiter i krava til god saksbehandling.

Sindre Nakken (Ap)
Leiar for styringsgruppa forprosjekt Felles avløpsrenseanlegg, Kvasnes

Dag Olav Tennfjord (H)
Leiar Komite for teknisk, miljø og samferdsel, Ålesund kommune