Illustrasjon:   Foto: Shutterstock

Kronikk:

«Feil type språklege og kulturelle ressursar?»

Alle barn, unge og vaksne som skal leve liva sine i Noreg, må meistre det norske språket. Det er politikarar og fagfolk samde om.

Forståinga for korleis menneske som lever med fleire språk i kvardagen, utviklar gode norskferdigheiter er likevel særs ulik. Om vi les styringsdokument for utdanningssektoren, finn vi også ei politisk og fagleg semje om at språkleg og kulturelt mangfald er ressursar som skulen og barnehagen skal bygge si pedagogiske verksemd på. Forståinga for korleis ulike språklege og kulturelle erfaringar er ressursar for barn, unge og vaksne si utvikling og utdanning viser seg også å vere ulik. Kva om politikarar lytta meir til fagfolk?

Språklege manglar hos barn?

Eit framlegg frå regjeringa om å innføre ei plikt til å vurdere og rapportere om barn sine norskferdigheiter før skulestart har ført til diskusjon. Regjeringa vil legge denne plikta til barnehagelova. I lovendringsframlegget vert det peika på at fleire skulestartarar ikkje har tilstrekkelege norskferdigheiter. Det er altså skulestart som er politikarane si interesse her. Plikta til å vurdere barnehagebarn er svaret på ideen om tidleg innsats.

Politiske innspel som tar utgangspunkt i manglande norskkunnskapar i befolkninga, slik dette framlegget gjer, kjem med jamne mellomrom. Med dette lovframlegget som døme, skal vi sjå litt nærare på denne mangelforståinga og kvifor den ikkje er fruktbar for å skape gode utdanningspraksisar, anten det gjeld barnehagen, skulen eller vaksenopplæringa.

Eit lovendringsframlegg som ikkje treffer

Det er fleire faglege sviktar i grunngjevinga for framlegget til endring av barnehagelova. Den mest openberre er ideen om at vurdering av språkferdigheiter på norsk er ein innsats for at fleirspråklege barn utviklar nettopp gode norskferdigheiter. Til lovendringsframlegget ligg det nemleg ingen insentiv for sjølve språkarbeidet i barnehagen. Det kunne til dømes vere aktuelt å auke talet på fleirspråklege pedagogar slik at barn kan få meir av den kvalifiserte oppfølginga dei treng. Regjeringa er tvert imot nøgd med gjeldande rammeverk. Å forklare lovendringa som ein tidleg innsats for barna si utvikling og læring er rett og slett oppsiktsvekkande.

Ein annan svikt i lovframlegget er den einsidige merksemda som er retta mot manglar i norskutviklinga hos fleirspråklege barn. Ei slik vurdering som her vert foreslått, gir eit dårleg grunnlag for å forstå dei faktiske språklege ressursane barna har, og som er det interessante for pedagogar som skal skape eit godt grunnlag for utvikling og læring.

Ein tredje svikt er ideen om at manglande norskferdigheiter kan løysast berre med eit eige språkstimuleringstiltak på norsk. Dette er ei alvorleg feilslutning. Ei einsidig satsing på norsk er ikkje løysinga på den utfordringa det er for små og store å delta i barnehagen eller skulen på eit språk dei ikkje meistrar godt. Utvikling av gode norskferdigheiter skjer når barnet, ungdommen eller den vaksne er i allsidig og aldersadekvat utvikling.

Språkleg utvikling og utvikling av tenking – to sider av same sak

Det er fagleg semje om at det er eit tett samband mellom språk og tenking. Det vil seie at rikhaldige erfaringar og omgrepsutvikling er eit nødvendig grunnlag for den språklege utviklinga. Og omvendt. Rikhaldig språkleg kompetanse er ein føresetnad for at menneska vidareutviklar sine ferdigheiter i abstrakt tenking og praktisk handling. Det er altså eit gjensidig samband mellom desse prosessane.

Det er kunnskap om dette sambandet som ligg til grunn for at pedagogar, i så vel barnehage som i skulen, er opptekne av å skape forståeleg kommunikasjon i alle aktivitetar og i alt som skjer. Det er nødvendig både for god språkutvikling og for god omgrepsutvikling. Morsmålet er ein ressurs når det norske språket ikkje er tilstrekkeleg for å forstå og uttrykke seg, fordi ein gjerne meistrar det språket godt. Å satse på morsmålet for å skape gode føresetnader for kommunikasjon er altså også ei satsing på norskspråkleg utvikling.

Å bygge på det barn, unge og vaksne kan

Det er eit pedagogisk prinsipp at tilrettelegging for læring må ta utgangspunkt i «det» barn, unge og vaksne kan eller veit noko om. Pedagogar er difor opptekne av å forstå dei språklege og kulturelle erfaringane som alle har. Dei er ressursar for individuell utvikling og læring. Dei er også ressursar for at alle barn, unge og vaksne utviklar respekt og beundring for menneskeleg mangfald og forståing av seg sjølv i eit komplekst samfunn.

Det kviler to sentrale oppgåver på utdanningssektoren. Den eine handlar om å skape likeverdig grunnlag for fagleg utdanning. Den andre handlar om å skape grunnlag for sunn identitetsutvikling. På same måte som med utviklinga av språk og omgrep, er det eit tett samband mellom personleg og fagleg vekst. Å anerkjenne dei språklege og kulturelle erfaringane eit barn, ein ungdom eller vaksen har, er ein føresetnad for oppleving av likeverd og tilknyting til barnehagen eller skulen. Jamlege meldingar frå styresmaktene om manglande føresetnader hos dei som skal lære og utvikle seg, er med andre ord eit alvorleg feilgrep.

Eit språkleg og kulturelt mangfaldig utdanningsløp

Å innføre vurdering og rapportering om norskferdigheiter, men ikkje om andre språk som barn kan, blir ein praksis som ignorerer fleirspråklegheit. Eit lovverk som slik vert basert på ei mangeltilnærming eller tanken om einspråklegheit har altså ikkje rot i fagkunnskap. Kompetanseheving og ein auke i talet på fleirspråklege pedagogar i skular og barnehagar vil derimot vere eit relevant utdanningspolitisk grep.

Eit anna grep er å sikre dei rettane barn, unge og vaksne har til norskspråkleg utvikling og forståeleg aldersadekvat utdanning. Det vil vere ei satsing som støttar ideen om at alle typar språklege og kulturelle erfaringar er likeverdige som potensial for personleg og fagleg vekst, for individet og for fellesskapen.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.


Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!