Eidsvika: Illustrasjon som viser mulig utnyttelse av planområdet i Eidsvika i tidligere Haram kommune, nå Ålesund kommune.   Foto: Illustrasjon

Synspunkt av Jørgen Stavseng

«På vegner av arkitekturen; Bonjour Tristesse»

Nokre tankar om planane i Eidsvika, og ståa for utbygging i det heile.

Då den portugisiske arkitekten Álvaro Siza beheldt graffitien (Bonjour Tristesse) påført veggen under bygging av ei bustadblokk i Kreuzberg, Berlin var det eit overraskande men identitetsskapande val.

Overraskande er det ikkje at utbyggingsplanane i Eidsvika møter kritikk, dei er ikkje særleg identitetsskapande. Det manglar mykje innhald som arkitektur kan romme. Sakna er mellom anna; relasjon til situasjonen omkring, variasjon i form og uttrykk, kommunikasjon husa imellom og til plassar for uteopphald.



Det er sympatisk å ville bygge bustader folk har råd til. Diskusjonen dreier seg derimot ikkje om einebustader kontra firemannsbustader/ leilegheiter, det er meir grunnleggande vurderingar som manglar. Det kan godt hende, som blir hevda, at ein ikkje bryt lover, forskrifter eller retningsliner. Det som er ille er at ein kan vareta alle krav og likevel stå igjen nær blotta for arkitektonisk kvalitet. Plan- og bygningslova er i praksis ingen garantist for sosial-romlege omsyn.

Om ein vil utvikle bygdene må ein ha vidare horisont enn tomta og ein må ha lengre perspektiv enn til nøkkelferdig. Ein må sjå på natur- og kulturverdiar, og samanhengar mellom slike. Mellom anna. Ikkje minst må ein sjå på særpreg, for kvar einskild bygd, for dei er ikkje like. Alt for mange utbyggingsplanar er generelle sjablongar nytta kvar som helst med berre «nødvendige» justeringar. Ein kan ikkje løyse nye problemstillingar for morgondagen med utdaterte tenkesett og etter fastlåste skjematiske definisjonar. Ein må tillate seg å tenke nye tankar og tøre å prøve dei.

Svaret er ikkje vulgær kvasi-funksjonalisme som ein seinare åra har sett mykje av. Eitt av dei største fellestuna vi har hatt låg på Godøya, ikkje mindre enn 128 hus (fordelt på 14 bruk) i ei stor klynge. Grend er eit anna ord, avleda av granne (nabo). Tilbake i tid skal vi ikkje, men kan vi lære noko av desse?


Tilbakeviser innspel om utbygging:

Vil utvikle bygda med bustader folk har råd til

– Eidsvika er ikkje langt ute i periferien. Her er det behov for bustader, meiner Jan-Magnus Kleve Knudsen, dagleg leiar i Møre Hus.


Differensiering er eit arkitektonisk verkemiddel for å få til mangfald, frå stad til stad, men også innan eit område. Det meste frå utbyggarhald er einsformig, frå hus til hus, og nabo til nabo. Dette handlar om rasjonell produksjon, dersom ein arbeider bevisst let det seg gjere å kombinere rasjon med variasjon.

Det gjeld ikkje Eidsvika åleine, heller ikkje kommentarane gjer det. Slik sett er det litt urettferdig, men når ein har dette døme kan ein nytte høvet og sjå det som del av noko som ikkje fungerer. Det dreier seg om ei utvikling ein ser «overalt». Mykje av det same kunne vore sagt om hytter.

Vi arkitektar er tilfreds når vi nyt utvalde vellukka perler (oftast einskildobjekt) i diverse publikasjonar. Dette gjeld eit fåtal, og riset bak spegelen er at vi gløymer den store mengda, den som gjeld utbygging for fleirtalet. Vi må kanskje ta del av skulda vi også, med avgrensa deltaking i det offentlege ordskiftet. Det som verkeleg er synd er at vi indirekte tillèt arkitektur å bli forflata til mote og livsstilsakrobatikk for dei få.

I Norge har vi heller ikkje hatt særleg kultur for arkitektur (trass ei rik bygningshistorie av stavkyrkjer, stabbur, naustrekker, grindløer m.m.). Ein skal ikkje lengre enn Finland før andre tilhøve gjeld og arkitekturen er del av kulturen, der synest rå konsensus om at arkitektur grunnleggande er av samfunnsverdi. Portugal, Japan og fleire til. Også i grunnskulen har visuelle fag tronge kår, øving gjeld også her.


Nybygget på Jervelltomta:

Kommunen krever omregulering

Det nye bygget på Jervelltomta vil bli mer synlig fra nord enn det reguleringsplanen tillater. Da må det ei omregulering til, sier kommunen.


Byggeforskriftene blir stadig meir omfattande. Omvendt blir kvaliteten på den store mengda av det som byggast dårlegare. I 2009 fekk vi arkitekturpolitikk spekka med gode intensjonar. I røynda, ute i terrenget; er det desse som materialiserer seg?

Kva med ungar sine oppvekstmiljø? Klatre i tre? Krype på berg? Ligge i lyng? Nei takk. Plaststativ i glorete fargar bak nettinggjerde? Gjerne! Det gjeld oppseding (def.: «påverknad ein blir utsett for frå miljøet»). Dette veit vi, eller burde vite. Arkitektur påverkar då den talar eit visuelt språk. Korleis skal arkitekturen tale til oss? Inviterande, inkluderande, frigjerande, nyskapande osv. (alternativt det motsette).

Alt kan reparerast, kanskje. Ein forsøker t.d. å reparere Moa med tilbod og innhald av sosial karakter. Reparasjonen kjem mykje for seint og ein høyrer om sosiale vanskar mellom ungdom. Dette har m.a. med arkitektur og byform å gjere, eller snarare fråværet av.

Spørsmålet er ikkje om fortettinga kjem på bygdene, men korleis. Kva for prosessar, og kva slags resultat? Ein del stader har det gått føre seg lenge, her driv ein også med reparasjon. Vi kan gjere feil (også med eigentleg gode intensjonar), men vi burde lære av dei. Befolkningsveksten i Norge er heller ikkje større enn at tilflytting somme stader tyder fråflytting andre stader (bygder som tømest for folk har andre problemstillingar, også med tanke på arkitektur og planlegging).


Kunstnerbolig med fargerikt innhold:

– Huset er tenkt fleksibelt om livssituasjonen skulle endre seg

Huset i Volda ligger i bratt terreng på bygdas beste utsiktstomt. Det er omfavnet av ikke mindre enn to atelier.


Med fare for å virke for svartmålande; det finst gode døme, men desse finn ein oftast i dei større byane. I distriktet får ein inntrykk av at utbyggar på mange område får boltre seg og at utviklinga dermed går føre seg på deira premissar i for stor grad. Ein blir då ståande att med for mykje som ikkje er godt.

I dag kan ingeniørar og dei med teknisk fagskule prosjektere arkitektur i tiltaksklasse 1 og 2, det seier ein heil del om ståa. Det må ulik kompetanse og samarbeid til, arkitekten greier seg ikkje åleine. Likevel; arkitektur kan ikkje neglisjerast eller fuskast med som når utbyggar får teikna opp noko eller projiserer standardtypar på vesensulike situasjonar. Det gjeld mengder; hus, landskap, ikkje minst folk. Stadane vi bur på fortener betre bygningsmiljø enn det som er gjengs omkring i landskapa.

Treng vi ei påminning om kvifor vi har bruk for arkitekten? Det er påvist at fysiske omgjevnader påverkar psyken. Her ligg arkitekten si eigentlege rolle.

Det er eit stykke frå Kreuzberg i Berlin til Eidsvika i Tennfjorden (geografisk så vel som kulturelt). Ikkje desto mindre, det gjeld det same; å skape heimstad.


Bratt og bråk:

Innsigelser mot utbygging i Eidsvika

Statsforvalteren i Møre og Romsdal har innsigelser til utbyggingsplanen for Haugen i Eidsvika. Den ene innsigelsen går på støy, den andre på universell tilkomst mellom boliger og leikeareal.



Fylket ønsker prosjekt fjernet og restartet:

Vil stoppe planlagt utbygging foran Astrid Eidsviks bolig

Møre og Romsdal fylkeskommune setter foten ned. Brudd på lover, tekniske forskrifter og rikspolitiske retningslinjer gjør at Ålesund kommune ikke kan tillate utbyggingsplanen i Eidsvika.


-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!