Fylkesordførar Tove-Lise Torve  Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune

Kronikk

«Vestlandsrådet arbeider for interessene til næringslivet etter Brexit»

Brexit-avtalen mellom EU og Storbritannia var på plass rett før jul. EFTA/Noreg og Storbritannia forhandlar no om det permanente avtaleverket som skal regulere handelen mellom landa etter Brexit.

Vestlandsrådet arbeider for at interessene til dei eksportretta næringane på Vestlandet blir varetatt i desse forhandlingane.

Politikarane i Vestlandsrådet har lenge vore uroa for konsekvensane for enkelte næringar på Vestlandet i samband med Brexit, og fekk derfor i stand eit møte med Nærings- og fiskeridepartementet og Utanriksdepartementet 18. januar i år. I møtet peika rådet på utfordringane og interessene til eksportnæringane på Vestlandet. Representantane for politisk leiing og administrasjonen i departementa orienterte om status i forhandlingane, og kunne ikkje gi noko konkrete løfte, men understreka at dei er godt kjent med utfordringane. Vestlandsrådet har no etablert dialog med departementa og vil følgje opp saka framover.


Brev til næringsminsteren:

Store skipsverft ber næringsministeren om to tiltak som kan hjelpe gjennom krisen

Finansieringsordninger for bygging av nye fartøy må bli bedre, og det trengs tiltak for grønn oppdatering av offshoreflåten. Slik kan de store skipsverftene komme seg gjennom krisen.


Storbritannia er ein av dei viktigaste handelspartnarane til Noreg. Nærare halvparten av verdien av vareeksporten frå fastlands-Noreg til Storbritannia kjem frå Vestlandet (kjelde: SSB 2017), og olje- og gassektoren representerer store verdiar.

Vestlandsrådet har sidan 2017 engasjert seg for å vere oppdatert om moglege konsekvensar av Brexit for næringslivet på Vestlandet. Rådet har delteke i ei kartlegging av konsekvensane saman med regionane rundt Nordsjøen i regi av Nordsjøkommisjonen, og orienterte allereie i 2018 næringsministeren om kor viktig Storbritannia er som marknad for Vestlandetog moglege følgjer av Brexit.

Vestlandsrådet er særleg opptatt av desse utfordringane:

Ny avtale om tenesteeksport

For vestlandsfylka er tenesteeksporten særs viktig. Særleg levering av ulike offshoretenester til Storbritannia er heilt sentrale for mange lokalsamfunn langs kysten. Rundt halvparten av oppdraga til norske offshorefartøy er i britiske sektor, og representerer store verdiar. I tillegg sysselsett oljeserviceindustrien mange tilsette med oppdrag i Storbritannia og på britisk sektor.


Kronikk

«Bedre for fisken med Brexit enn EØS»

Storbritannia får med Brexit bedre markedsadgang til EU på fisk enn Norge har med EØS-avtalen.


EU og Storbritannia har ikkje blitt einige om ein avtale om eksport av tenester. Noreg har heller ikkje nokon avtale med Storbritannia om dette. EFTA og Storbritannia er samde om at vilkåra i EØS-avtalen som gir norske aktørar full tilgang til den britiske innanriksmarknaden ikkje skal endrast medan forhandlingane om ein permanent avtale går føre seg. For Vestlandsrådet er det viktig at regjeringa arbeider for at vilkåra i så stor grad som mogleg skal oppretthaldast i ein permanent avtale, og at det så snart som mogleg kjem på plass ein avtale som kan skape gode og klare rammer for næringslivet.

Det er uansett sannsynleg at det vil bli meir restriktive ordningar for arbeidsimmigrasjon frå EU/EØS-landa, og næringslivet må førebu seg på endringar i flyten av arbeidskraft mellom Noreg og Storbritannia.

Forvaltning av felles fiskeressursar i Nordsjøen

For fiskeri vart det i fjor inngått ein rammeavtale om fiskerisamarbeid med Storbritannia. Avtalen opnar for bytte av fiskekvotar og at fiskarane kan fiske i kvarandre sine sonar. Det er likevel dei årlege fiskeriavtalane mellom Noreg, EU og Storbritannia, som gir nærare innhald om fordeling av kvotar og soneadgang. Forhandlingane om dette begynte tidleg i januar.

Vestlandsrådet har spesielt understreka for regjeringa kor viktig tilgangen til britisk sone er for fiskeflåten på Vestlandet, og at fiskarane på Vestlandet også framover må få moglegheit til å fiske i britisk sone.

Eksport av sjømat og marknadstilgang

Storbritannia er den femte største marknaden for norsk sjømat. Den midlertidige avtalen mellom EFTA/Noreg og Storbritannia vidarefører i all hovudsak systemet frå EØS-avtalen. Dette gir Noreg tollfrie kvotar og tollsatsar på sjømat, særleg på foredla sjømatprodukt og til ein viss grad på råfisk.

Brexit gir Noreg og Storbritannia ei unik moglegheit til å forhandle fram ein frihandelsavtale med betre ordningar for norske sjømateksport, som auka kvotar og låge tollsatsar på sjømat og foredla produkt. Dette vil bidra til ei meir konkurransedyktig sjømatnæring i Noreg og på Vestlandet.

Kompensasjonsordning og omstillingsmiddel for bedrifter som blir særleg hardt ramma av Brexit

EU har innført ei ordning som har som oppgåve å støtte regionar/område som blir særleg hardt ramma av Brexit («Brexit Adjustment Reserve»). På grunn av gode overgangsordningar ser vi enno ikkje alle effektane av Brexit, men Vestlandsrådet bad regjeringa vurdere ei tilsvarande ordning dersom det viser seg at enkelte regionar og/eller næringar opplever store negative konsekvensar.

Vestlandsrådet vil følgje utviklinga, og ta saka opp med departementa dersom det viser seg å vere behov for slike ordningar.


Nybø: Forhandlinger med Storbritannia inn i siste fase

Norge og Storbritannia går inn i sluttfasen av forhandlingene om en frihandelsavtale. I løpet av året skal avtalen tre i kraft, ifølge næringsministeren.


-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!