Kronikk

«Skogfondet veks – medan skogane i fylket treng meir planting og pleie»

Skogeigarar i Møre og Romsdal har over 64 millionar kroner inneståande i fond. Samtidig har skogen i fylket eit stort behov for nyplanting og ungskogpleie.

Når skogeigarar sel tømmer, må dei setje av pengar i eit skogfond. Målet med denne avsettinga er å sikre investeringsmidlar til framtidig produksjon av skog. Skogfond er som settepoteter, ein må ta noko av avlinga for å sikre vidare produksjon. Pengane i fondet skal brukast til nyplanting og stell av skogen. Det vert som ein god karusell.

Berekraft er målet for skogfondet. Ordninga skal sikre og stimulere til langsiktige investeringar i skogen, slik at produksjon og kvalitet vert halde oppe. Dette skapar grunnlag for ei berekraftig forvaltning av skogressursane.

Fylkesskogmeister: Odd Løset  

Direktør: Frank Madsøy, Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. 

Langsiktig investering

Skogbruk er langsiktig. Det kan ta mellom 60–100 år før ein får realisert gevinsten av investeringane ein gjer når ein plantar nye tre. No hogger vi skog som blei planta like etter krigen.

Ordninga med pliktig innbetaling av skogfond blei innført for snart 90 år sidan. Bakgrunnen var at ein såg at det blei «hausta meir enn ein sådde». Skogen var dels uthogd. Sidan då er skogvolumet i Noreg nesten tredobla. Ein del av æra for dette ligg i skogfondordninga.


Skogplantingen trappes opp til tross for koronarestriksjoner

Koronakrisen påvirker også plantingen av ny norsk skog. Nå øker regjeringen tilskuddet for planting av skogplanter.


Sett av valfritt beløp

Skogeigar vel sjølv kor stor prosent av tømmeroppgjeret som settast av til skogfond. Einaste krav er at det som settast inn i fondet skal vere mellom 4–40 prosent av brutto tømmerverdi.

Storleiken på kva som settast av må vurderast opp mot behov for investeringar. Her er alle typar investeringar i skogen aktuelle, som til dømes planting, ungskogpleie og skogsvegbygging.

Etter at skogeigarar har avverka skog, har dei ei lovfesta plikt til å få opp ny skog av minst like god kvalitet som den som avverka, sjå skoglova. Nye små trær er sårbare, og derfor følgjer det ofte med arbeid med ungskogpleie i åra etter planting.

Planting og ungskogpleie er typiske oppgåver som det er naturleg å setje av tilstrekkeleg skogfond til. Ved planar om større investeringar, som skogsvegbygging, bør skogeigar setje av meir. Skogfond kan dekkje løn til eigen arbeidsinnsats og innleigd hjelp og andre utgifter knytt til foryngingsarbeidet.

Skogfondskontoen er knytt til eigedomen, og kan ikkje nyttast til anna enn investeringar i skogen.

Fleire administrerer fondet

Det er fleire som administrerer pengane i skogfondet: Skogeigarane forvaltar skogfondskontoen, og kan ta ut midlar når dei treng. Dei får tak i midlane gjennom ei innloggingsløysing tilsvarande nettbank. Statsforvaltaren har rekneskapsansvar over pengane som til ein kvar tid er inne i skogfondet. Kommunen kontrollerer at skogeigarane brukar midlane i samsvar med reglane for ordninga.

Skattefordel

Det er redusert skatt på dei midlane som vert avsett til skogfond. Den delen av tømmeroppgjeret som vert sett av til skogfond vert ikkje skattlagt. Når ein skogeigar tek ut pengar frå skogfondskontoen vert berre 15 prosent av beløpet skattlagt. Det vil altså seie at 85 prosent av tømmerinntektene som går via skogfondskontoen er skattefrie.

Skogfondskontoen er ikkje renteberande. Dette oppmodar til aktiv bruk av skogfondet. Likevel har det inneståande skogfondet til skogeigarane i Møre og Romsdal auka mykje dei siste åra.

I 2016 var fondet på litt over 40 millionar kroner. Ved utgangen av 2020 var fondet på over 64 millionar kroner. Det har vore aukande hogst dei siste åra, og fondet aukar av den grunn.

Utfordringar og moglegheiter

Om vi ser på året 2020 var det mykje hogst i Møre og Romsdal. Samstundes er det utfordringar i nyplanting og ungskogpleie.

Vi har utfordringar knytt til å få opp att ny skog. Ut frå hogsttala burde plantetalet i fylket vore høgare for å halde oppe tilveksten. Som tilleggsutfordring kjem skadar frå gransnutebilla. Denne gjer stor skade på nyplanta tre. Det same gjer hjortevilt og konkurrerande vegetasjon.

Ungskogpleie er eit anna viktig tiltak for å halde oppe produksjonen i skogen. Aktiviteten har gått ned i Møre og Romsdal. God jord fører til mykje konkurrerande vegetasjon. Det kan føre til at småplanter blir konkurrert bort og går ut, eller at veksten blir hemma og at framtidsplantene får skader. Det er derfor stort behov for ungskogpleie. Tiltak for å auke denne aktiviteten er viktig.

Aktiv bruk

Pengane i skogfondet gir godt grunnlag for eit langsiktig og berekraftig skogbruk i åra framover. Statsforvaltaren oppmodar skogeigarane til aktivt å nytte moglegheitene som ligg i skogfondet. Med aukande hogst får vi eit aukande behov for nyplanting og stell av ungskogen. Dette handlar om meir enn dagen i dag. God forvaltning av skog som ein klimavennleg og fornybar ressurs gjer vi også for kommande generasjonar.

-------------------------------------------

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til meninger@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!