Opplevingar som dette er ikkje lett å gløyme. (Faksimile frå Sunnmørsposten)  

Synspunkt av Helge Søvik

«Måtte det bli meir enn lovnad»

Vi har høyrt det før. Mange gongar før. Igjen blir vi fortalt at det nærmar seg bygging av ny fylkesveg 60 gjennom Hornindal.

Rett nok tek fylkespolitikar Frank Sve atterhald i artikkelen i Sunnmørsposten nyleg om at først må pengane til planlegging av vegstrekninga kome på plass. Han gler seg likevel over at Møre og Romsdal vil dekke reguleringskostnadane. Den lovnaden gav aldri fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane. Derfor har bilistar i små og ikkje minst store køyretøy ergra seg over den dårlege standarden. I tiår etter tiår.

Plan til 10 mill.

No har Møre og Romsdal teke over ansvaret. Det har samanheng med at Volda vart vertskommunen.

Jon Aasen ikkje berre sa, men slo fast i eit intervju for nokre år sidan, at når ekteskapet mellom Hornindal og Volda var ein realitet, skulle det bli sett fortgang i arbeidet med fylkesvegen. No kan lovnaden frå den tidlegare fylkesordføraren bli til meir enn ord. Første steget blir å få reguleringsplanen i arbeid. Kostnaden er estimert til 10,5 millionar kroner.


Guttelvik vil ta rekning for ny fv 60:

– Dette viser at vi har kome inn i eit fylke som skjønar seg på utfordringane

Fylkeskommunedirektøren i Møre og Romsdal tilrår at fylkeskommunen tek heile rekninga for reguleringsplan fv 60 frå Tomasgard til Røyrhus bru.


Strekninga mellom Tomasgard i Hornindal og Røyrhus bru i Sunnylven måler 13–14 kilometer. Gjennom mannsaldrar har Hornindalsvegen vore pinefull å køyre. Spesielt om våren. Telehiva har vorte talde til ikkje mindre enn 110. Verre stod det jamvel til før. Då sleit ein seg fram gjennom djup gjørme. På det verste var det umogleg å ta seg fram. No er det trass alt betre. Takka vere lag på lag med oljegrus, slik Stranda-ordføraren Jan Ove Tryggestad nemnde på ei interkommunal tilstelling.

Gjørmebad

Sjølv kan eg skrive under på at ikkje alt var slik det absolutt burde vere. I alle år sidan Ljøvegen gav vegsamband mellom Stranda og Sunnylven har eg opplevd Hornindalsvegen på ulike tider av året. Mange opplevingar har vore dokumenterte gjennom reportasjar her i Sunnmørsposten. Som den frå våren 1970. Med ristande hovud sleit fotograf Roger Engvik og eg oss fram gjennom djupe gjørmehol. Mindre problematisk var det ikkje for mjølkebilen.

«Er det mange sinte sjåførar langs vegen?» spurde vi vegvaktaren.

«Eg vil seie at dei er tolmodige. Men du veit det er somme som blir litt morske når dei står faste…!»

Same våren var samferdslekomiteen i Stortinget på synfaring i Sogn og Fjordane, men reisa vart lagt utanom Hornindal. Derfor ikkje meir enn rimeleg at dette skapte irritasjon hos fleire. Dette fall til overmål saman med at Nordfjord og Sunnmøre Billag gjekk til det steget å innstille sine ruter mellom Hornindal og Hellesylt, på grunn av den manglande vegstandarden.

240 mill.

All elendigheita førte ikkje til arbeid med nyevegen.

«Vi kan ikkje utføre meir arbeid enn vi har midlar til», vart det sagt frå sentralt hald, men også lagt til at «vi vonar sjølvsagt at vi får såpass gode løyvingar at vi kan arbeide kontinuerleg til vegen er ferdig heilt fram til fylkesgrensa.»


Hareide: Transportplanen er en veisatsing for hele landet

Regjeringen gir 510 milliarder kroner til riksveier i Nasjonal transportplan 2022–2033. Nesten 100 millioner av dem skal gå til drift og vedlikehold.


Meir enn 40 år seinare, i mars 2012, hadde Statens vegvesen rekna seg til at ny fylkesveg ville koste 240 millionar kroner. Eit avvik på pluss minus 25 prosent, kunne avisa Fjordingen legge til. Sunnmørsposten kunne opplyse etter ein samtale med prosjektleiaren at summen var realistisk: «Det er greitt terreng å bygge veg i, utan sprenging og tunnelar.» Det vart teke høgde for tilgang på masse, og at ein såleis skulle sleppe å kjøpe den.

Spadestikk når?

Dessverre er det lite som taler for at spaden kjem i jorda dei første år. Det næraste er at det blir sett av nok midlar slik at planarbeidet, kan bli realisert om ikkje så altfor lenge. Meir usikkert vil det vere når fylkespolitikarane gir plass for nyevegen i investeringsplanen.


Til så lenge får vi humre over fantasiteksten på løeveggen i Hornindal:

«Verdens lengste berg- og dalbane.»

Fantasi?


-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!