Veg: Fylkesveg 60 indre Hornindal, også kalla Norges lengste samanhengjande berg- og dalbane.   Foto: Bengt Flaten, Fjordingen

Synspunkt

«Indre stamveg»

Det skal byggast ein stamveg på vestsida av Langfjella frå Kristiansand til Trondheim, og ideen er god.

Stort sett vil stamvegen følgje E39, men naturlegvis med ny veg og utbetringar mange stader. Det er vanskeleg å snakke om ein ferjefri stamveg så lenge ingen eingong har planar om kvar og korleis Sognefjorden skal kryssast.

I vårt fylke går E39 i dag frå Grodås til Festøya, vidare med ferje og så innover til Sjøholt.


Synspunkt av Helge Søvik

«Måtte det bli meir enn lovnad»

Vi har høyrt det før. Mange gongar før. Igjen blir vi fortalt at det nærmar seg bygging av ny fylkesveg 60 gjennom Hornindal.


Så er det slik at i nye bilar finst det gjerne no navigasjonssystem som fortel bilistane at ved å køyre fylkesveg 60 frå Grodås til Stranda, ta ferje der og vidare på fylkesveg 650 til Valgermokrysset ved E39 vil dei spare både tid og køyrelengd. Google Maps reknar innsparing i tid til 24 min og innsparing i køyrelengd til 31 km. Dette har sjølvsagt trailersjåførar og andre funne ut for lenge sidan, og gjennomgangstrafikken av trailerar og andre køyretøy er stor. Det er ikkje rart at denne vegen på folkemunne blir kalla Indre stamveg.

Artikkelforfattar: Kristian Almås 



Den 7. mars 2001 vart det halde eit møte om vegsaker på Grodås i Hornindal. Dåverande vegsjef i Sogn og Fjordane, Lars Lefdal, sa då at dei ville arbeide for at ny veg gjennom Hornindal vart bygd samstundes med Kvivsvegen, og slik at tunnelmasse kunne brukast som fyllmasse på den nye vegen. Det høyrdest svært fornuftig ut, men det skjedde ikkje. I bortimot 20 år etter dette vart det ikkje gjort stort anna enn å flytte prosjektet nedover på prioriteringslista. Ironisk nok fekk Møre og Romsdal dette problembarnet rett i fanget då Hornindal kommune nyleg vart slått saman med Volda kommune, slik at Hornindal vart ein del av Møre og Romsdal fylke. Gamle reguleringsplanar fanst for vegprosjektet, men dei er utdaterte no. Møre og Romsdal fylke gjer då rett i å starte eit nytt planarbeid, og så er det å håpe at den såkalla «lengste berg- og dalbana i verda» snart kan avløysast av ein veg med rimeleg bra standard.


Guttelvik vil ta rekning for ny fv 60:

– Dette viser at vi har kome inn i eit fylke som skjønar seg på utfordringane

Fylkeskommunedirektøren i Møre og Romsdal tilrår at fylkeskommunen tek heile rekninga for reguleringsplan fv 60 frå Tomasgard til Røyrhus bru.


For ny tunnel på Strynefjellsvegen med arm til Geiranger er det tommelen ned også i siste NTP. Prosjektet vil kunne gi heilårsveg til og frå Geiranger både vestover mot Stryn og austover mot Lom. Hotellnæringa og turistnæringa elles slit ikkje berre med koronarestriksjonar, men også med problematikken omkring utslepp frå turistbåtar på fjorden.

Heilårsvegen vil til dels kunne hjelpe på, men då trengst det gjennomføring. Rassikringsprosjektet som no blir gjennomført på grensa mellom Stranda og Fjord på fylkesveg 63, vil gi ein tryggare veg for Geiranger, men det er ikkje nok.

Om lag på same tid som vegmøtet på Grodås vart det halde eitt av fleire møte mellom Ørskog kommune og Stordal kommune om ny veg frå Viset til Landedalen. Det var Knut Helge Harstad som var ordførar i Ørskog på den tida, og han vart også ordførar seinare og slutta først då Ørskog gjekk inn som ein av kommunane i Ålesund kommune. Han arbeidde aktivt med å få fart på gjennomføringa av Børdalsvegen, men det viste seg å vere eit tungt arbeid. Eitt av dei siste utspela frå Statens vegvesen er at E39/E136 kan leggast i tunnel gjennom Labergsfjellet, Viss det skulle skje, vil det stenge Børdalsvegen ute frå ei fornuftig tilknyting til stamvegen.


Sel leilegheiter raskare enn dei klarar å byggje:

– Det har gått over all forventning

Leilegheitsprosjektet i Grodåsbakkane i Hornindal går unna i rekordtempo. Om ein månad er dei fire første husværa klare til innflytting.


Så tilbake til stamvegen som planleggarar og også ein del politikarar meiner må ta ein tur ut om Ulstein og Hareid før han kjem inn att på noverande E39. Det er vanskeleg å forstå at Ulstein og Hareid er interesserte i gjennomgangstrafikken. Det er lett å forstå at dei vil ha Hafast, men treng dette brusambandet vere ein del av stamvegen? Ein kan naturlegvis greie å få til ei ferjefri strekning på stamvegen, men det vil både fordyre og forlenge køyringa for gjennomgangstrafikken. Det blir venteleg bompengar på strekninga, og det vil auke presset på Indre stamveg endå meir.

Verdiskapinga i dei inste kommunane på Sunnmøre blir undervurdert. Kommunane Stranda og Fjord har stor verdiskaping gjennom jordbruk, kraftproduksjon, matvareindustri, frukt og bær og ikkje minst næring knytt til reiseliv og friluftsliv. Gode vegar med god tilkomst til E39/E136 i Landedalen trengst for å halde oppe og auke verdiskapinga og innbyggartalet.

Strynefjellsvegen er ein svært viktig fjellovergang frå vest mot aust. Standarden på tunnelane er langt frå slik den bør vere for å sikre god og trygg transport over fjellet, ikkje berre om vinteren, men tunnelane er naturleg nok like tronge og vanskelege for store bilar om sommaren. Her trengst det eit samarbeid over fylkesgrensene, og slik at vegarmen til Geiranger kjem med.


Leserinnlegg

«Planlagt E39 i vårt fylke – store beløp kan spares!»

Med Grodås som utgangspunkt er første store hinder trafikken gjennom Volda, for E39 skal gå utenom sentrum i byer og bygder med litt størrelse.


Til liks med ny veg gjennom Hornindal og Børdalsvegen er ny tunnel på Strynefjellsvegen også eit minst 20 år gammalt vegkrav. Området der Børdalsvegen skal byggast, ligg no i Ålesund kommune. Når ein ser pengebruken som NTP legg opp til andre stader i fylket, er det ingen grunn til å vere smålåten i krava.

På Møreaksen skal milliardane rulle, på Indre stamveg rullar trailerane.



Kronikk av Kjell Inge Davik

«Nå skal vi bygge Møre og Romsdal sammen»

Med ny ferjefri E39 fra Volda mot Ålesund, Molde og Kristiansund tar Møre og Romsdal steget fra sjø til land mot en framtid med vekst og verdiskaping.



-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!