Kloster: Ordførar i tidlegare Norddal kommune gjennom 18 år, Arne Sandnes, saman med abbedisse Thavoria, opprinneleg frå Ørskog, på toppen av Syltefjelleti Valldal, der det greskortodokse klosteret etter planen skal ligge.   Foto: Medieoperatørene

Synspunkt

«Sankt Olavstradisjon i Valldal – kulturminne og merkevare»

Mange som har sett dokumentarfilmen «Tro kan flytte fjell» undrar seg over at underteikna framstår så tålmodig og uthaldande. Det er neppe slike eigenskapar eg er mest kjent for.

Men alt har ei forklaring. I dette tilfellet er svaret enkelt: Klosterplanane på Syltefjellet er for viktige til å legge bort! Eg har både lært og erfart at mange av dei beste prosjekta har ein trong fødsel. Eit nærliggande eksempel er bygginga av Trollstigvegen. Det tok meir enn 150 år frå ideen vart unnfanga til vegen vart opna av Kong Håkon den VII i 1936. Til samanlikning er 30 års kamp for klosteret berre ein augneblink å rekne.

Men, kva er det som er så «viktig» med dette klosteret? Svaret er todelt. Men likevel to sider av same sak. Stikkord: Kulturminne og merkevare.


Eldsjela bak klosterplanane i Valldal:

Nektar å gi opp håpet

30 år etter at han starta prosjektet, med opp- og nedturar, skepsis og alvorlege skuldingar mot leiarane i Hellas, har politikaren Arne Sandnes framleis ikkje gitt opp håpet om eit greskortodoks kloster på Syltefjellet.


Kulturminne

Bakteppet for klosterprosjektet er vikingkongen Olav Haraldson sitt besøk i Valldal i 1028. Historier, mytar og legender lever enno på folkemunne i bygda, og olsok vert feira med folkefest kvart år. Mange under og uforklarlege hendingar, som seinare la grunnlaget for kanonisering og helgendyrking, skjedde nettopp i Valldal. Det var seinare med på å forandre noregshistoria og knytte Noreg opp til ein felleseuropeisk kulturtradisjon. Etter fallet på Stiklestad i 1030, blei kong Olav gjort til helgen ila to år. Det skjedde i ekspressfart. Slike prosessar tek vanlegvis fleire tiår. Etter det begynte bygginga av Nidarosdomen over grava til helgenkongen. Det uløyste massive pilegrimsvandringar over Dovrefjell gjennom store deler av Middelalderen. Valldalen er ein av «arnestadane» for etablering av denne Olavskulten.

Slaget på Stiklestad vart slutten for kong Olav Haraldson men starten på noko nytt: Kristninga av Noreg! Den gjorde slutt på blodhemn og andre heidenske skikkar og brøyta veg for eit meir humant samfunn. Innfasing av humanisme og kristen etikk er den viktigaste arven etter Helgenkongen. Det er grunn åleine til å markere olsok som ein festdag.


Nonner skal produsere vin på Ruset gard

Målet er å produsere mellom 5.000 og 10.000 flasker vin i året. I neste månad kjem dei første druene til nonneklosteret i Fjørå.


Olav den heilage vart vår «første europear» på grunn av hendingar som m.a. kan sporast tilbake til vesle Valldal for 993 år sidan! Forsiktig sagt er dette noregshistorie! Men historia er ikkje avslutta. Historia held fram i planane om eit ortodoks kloster på toppen av det mektige Syltefjellet. Eit kloster som er eit ektefødd barn av ein 1000 år gamal tradisjon og som automatisk gir oss nordmenn plass i eit paneuropeiske kulturfellesskap.

Lokalt har Heilagkongen og sett tydelege spor. Sylteormen og Olavsvegen er noko alle har eit forhold til. Då Norddal kommunestyret skulle godkjenne reguleringsplan for sanduttaket i Stormoa, som Olavsvegen ligg på, la både regionale og sentrale styresmakter inn protest fordi dei meinte at uttaket kom for nær inn til vegen. Argumentet var at Olavsvegen er eit internasjonalt kulturminne som treng eit strengt vern. Motsegna blei tatt til følge. Dette gjer Olavstradisjonane i Valldal til eitt av dei viktigaste kulturminna i M & R fylke!

Det storfelte kulturminnet, som vi i Valldal har fått i arv etter Olav den heilage, har gjort noko med meg. Eg kjenner at det bygg identitet. Det bygg stoltheit. Det bygg tilhørigheit! Ja, i arbeidet med klosteret, har det og bygd tolmod og uthaldenheit!

Merkevare

Kombinasjonen av ei sterk og ekte historie og ein sterk og spektakulær natur, plasserer klosterprosjektet på Syltefjellet i ein heilt eigen kategori. I denne kategorien finst det ingen over og ingen ved sida i Noreg. Det er og grunnen til at klosterplanane har blitt ein snakkis i heile kongeriket. Det spesielle, det eksotiske og det mystiske, kallar på folk si nysgjerrigheit. Parkeringskapasiteten til fjellhylla er alt sprengd før det er gjort eit einaste tiltak på tomta.


Valldal kan få sin eigen himmelstige

Planlegg sti til klostertomta

Frå klostertomta på Syltefjellet er det ei fantastisk utsikt over Valldal. Dyktige sherpaer nepal Den kan fleire få høve til å nyte.


Den dagen klosterbygningane blir synlege over trekronene på fjelltoppen over kommunesenteret, kan reiselivsnæringa heise flagget og bu seg på betre tider. Eit besøk til fjellhylla over Sylte er ei himmelropande oppleving som for mange vil vere grunn åleine til å besøke Fjord kommune. Ein tilsvarande eksotisk attraksjon kan du elles måtte krysse fleire landegrenser for å finne.

Med skråblikk på renessansen for pilegrimsmarsjane i søreuropa, kan dette bli noko skikkeleg stort. Noko som betyr aktivitet, behov for fleire tenester og for fleire bedrifter. Det igjen triggar sysselsetting, nyetableringar og verdiskaping med store ringverknader. Viktige impulsar som bygdene våre sårt treng!

Etableringa av klosteret på Syltefjellet vil demonstrere at bygging av gudshus handlar om noko meir enn berre religion og kultur. Ikkje minst handlar det om nærings- og bygdeutvikling! Behovet for basistenester som matservering, overnatting, transport og guidetenester vil representere ei viktig vitamininnsprøyting i lokalsamfunnet.



Den planlagde restaureringa av «Hoggsetråsa», dvs. stien opp frå bautaen på Korsbrekka til klostertomta, vil gi opplevinga ein ekstra dimensjon. Geir Vetti, som rekrutterer sherpaer til slike oppdrag i Noreg, spår at denne luftige vandringa blir ein «verdssensasjon» (sitat). Andre har spådd at etableringa på Syltefjellet vil bli ein magnet og eit reiselivsikon på linje med sjølvaste Geirangerfjorden.

Moglegheita for å konvertere kultur til næring og bygdeutvikling, gjennom å invitere «heile verda» inn i eit fargerikt og mangfaldig fellesskap på ei fjellhylle i Valldal, har vore ein sterkt motiverande faktor for å kunne stå distansen i 30 år.

Eg har forlate den kommunale kommandobrua no, men vonar dei som kjem etter ser potensialet i dette unike prosjektet og legg til rette for at det ein gong kan bli realisert. Det er ikkje alltid ein lukkast på første forsøk!


Olsokdagar i Valldal 27.–30. juli

I Heilag-Olav sine fotefar

Kvifor feirar ein Olsok? Og kva veit du om det som skjedde i Valldal i 1029?


-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!