Kronikk av Arne Sandnes

«Heilage fjordar»

I Nepal har dei «heilage fjell». Mt. Everest var så heilagt at klatring lenge var forbode. Etter at fjellet vart opna i 1953, har ekspedisjonane stått i kø for å bestige toppen. Resultatet er at verdas høgste fjell i dag ser ut som ein svinesti.

Sunnylvsfjorden: Arne Sandnes er urolig etter ønsket om 0-utslepp-dispensasjon for Sunnylvsfjorden frå 2026. 

Kronikk

Heilagdomen har tapt jomfrudomen! Den stolte kjempa er bokstavleg tala redusert til ein klatrestige mot rikdom og berømmelse for overklassen. Dette er trist lagnad for ein verdsarving.

Vi kan skilte med verdas vakraste fjordar. Dei står og på UNESCO si prestisjetunge liste. Det betyr at dei fungerer som ei honningkrukke på turistar frå heile verda. Tilstrøyminga aukar år for år. Det same gjer presset på verdsarven. Eg fryktar difor at vi kan gå i same fella som nepalarane. Trugsmålet er det same her. Masseturisme og forsøpling!


Synspunkt av Helge Søvik

«Flokeløysingar før 2026»

Stortinget fylgjer vedtaket i Næringskomiteen og vil ha slutt på forureining frå skipstrafikken i verdsarvfjordane, og ber samstundes regjeringa syte for at det økonomiske tapet for lokalsamfunnet blir minst mogleg.


Dispensasjon er leik med elden

Eit nyleg utspel frå ordføraren i Stranda gjer meg svært uroleg. Han ønskjer dispensasjon for ein av dei fem verdsarvfjordane – Sunnylvsfjorden – frå stortingsvedtaket om 0-utslepp i UNESCO- fjordane frå 2026. Dette for at dei gigantiske cruiseskipa (Big Cruise) skal kunne fortsette å segle inn til Hellesylt også etter 2026. Etter mi meining er utspelet både uklokt og uforståeleg. Dette er å leike med elden.

Vi må ikkje gløyme at verdsarvstatus er noko vi har til låns. Noko som kan bli tatt frå oss om vi ikkje skjøttar forvaltaransvaret på ein tilfredsstillande måte. Å be om lov til å halde fram med ein skadeleg praksis, er det same som å be om bråk.

Det er vidare i strid med stortinget sine ambisjonar slik dei er formulerte i to stortingsmeldingar. Der heiter det at «Norske verdsarvområde skal utviklast som fyrtårn for den beste natur- og kulturminneforvaltning». «Grøn fjord»- konferansen som vert skipa til i Geiranger anna kvart år, gir viktige bidrag inn i dette arbeidet.

Big Cruise reddar ikkje busettinga

Elles har eg stor forståing for ordføraren si bekymring for folketalsutvikling og næringsutvikling i verdsarvbygdene. Men – eg er sterkt usamd med ordføraren i at svaret på desse utfordringane er meir av same medisinen, dvs. meir masseturisme, meir forureining, meir folkestimling, fleire trafikkorkar, lengre køar og fleire konfliktar med dei fastbuande, ref. protestar i Hjørundfjorden!


Sjøfartsdirektoratet vil utsette utslippskrav i Unesco-fjorder

Sjøfartsdirektoratet vil utsette kravet om nullutslipp i verdensarvfjordene fra 2026 til 2030 – og da med like regler for alle norske fjorder.


Ein rask titt på statistikken og folketalsutviklinga i ei bygd som Geiranger, viser at ein slik strategi er ei blindgate. Der har innbyggartalet fortsett å rasa nedover dei siste åra, trass i ein sterk auke i talet på cruiseturistar.

Men kva er då rett medisin? Svaret finn ein med å vere open for nye tankar og låne øyre til framoverlente FOU miljø. Dei hevdar at dei alt har knekt koden for lav- og nullutsleppsteknologi i skipsfarten. Det er ikkje snakk om avvikling av cruise. Det er snakk om ei omlegging!

Stikkord er landstraum for storbåtane og omlasting til mindre båtar som set i land passasjerane i mindre puljar, på fleire stader og over eit lengre tidsrom. Fordelane med eit slikt cruiseregime er mange. Ikkje minst vil gjesten få ei mykje betre oppleving. Men kanskje det aller viktigaste er at ein langt større del av verdiskapinga vil ligge igjen i Noreg- lokalt, regionalt og nasjonalt.


Turtips for heimesommaren:

– Det er berre å kome seg ut. Så blir det som regel bra

Når Syden-turen må byttast ut med heimesommar, ligg alt til rette for friluftsliv. Og det er slett ingen solgaranti om ein skal feriere på Nordvestlandet.


I Møre og Romsdal er det mange aktørar som står klare til å sette i verk ein slik snuoperasjon. Fremst i toget står den maritime klynga med skipsverft og reiarlag. Med på laget har dei m.a. kraftselskap, lokalmatprodusentar, transportselskap og guidar.

Eg har sjølv vore i kontakt med sentrale teknologidrivarar som NCE Maritim Cleantech på Stord, Havyard Hydrogen Ulsteinvik og Flack gruppa/62 grader Nord i Ålesund. Dei meiner at dei kan oppfylle 0-utsleppskrava lenge før 2026 ved bruk av mindre skip. No ventar dei berre på grønt lys frå storting og regjering, som i tillegg til lovkrav og må kome opp med ein omstillingspakke til den maritime industrien og til bedrifter på land som må tilpasse seg nye rammevilkår. Kva med ein målretta Corona-milliard frå regjeringa no som likevel må kome?

Omlegging til berekraftig turisme

Den nye og alternative modellen representerer ein kombinasjon av store og små skip. Storbåtane vert ankra opp utanfor innløpet til verdsarvfjordane, t.d. på Overåneset. Der vert dei kopla til landstraum. Deretter vert passasjerane lasta over i mindre skip med plass til nokre hundre passasjerar som går lydlaust og sporlaust tett opp til land, og inn til ulike hamnar i verdsarvfjordane.

Dette er båtar som er bygde ved norske verft, kontraherte av norske reiarlag og bemanna med norske sjømenn. Både arbeidarar og verksemder betaler skatt, arbeidsgjevaravgift og moms til Noreg. Med andre ord, verdiskapinga og arbeidsplassane blir att i vårt eige land, i vårt distrikt og ikkje i utanlandske skatteparadis som no.

Samtidig legg dette til rette for ein anna type turisme som er aktivitetsbasert med utgangspunkt i bygdene sine råvarer, kultur, tradisjonar og naturgitte føresetnader. Slikt blir det arbeidsplassar av og grunnlag for at fleire kan bu fast i bygda.


Rekordlang liggetid i Ålesund gir store mogelegheiter for reiselivet på Sunnmøre

Elsykkel gjennom Norrangsdalen. Glaskano over overfløymde setrar. Eller rett og slett ein klassisk fisketur på sjøen. Reiselivet lokalt riggar seg for å utnytte at skipa på Kystruten får særs lang liggetid i Ålesund.


Innføring av eit nytt cruiseregime basert på sporlaus ferdsel og mindre fartøy, vil løyse dei viktigaste utfordringane for ordføraren i Stranda. Dette er døme på berekraftig turisme.

Konkret betyr det styrka busetjing, fleire arbeidsplassar, mindre forsøpling og færre konfliktar med dei fastbuande. Det er snakk om ein stor snuoperasjon som vil ta noko tid. Men det første og det viktigaste no er å tørre å tenke tanken. «Det er tanken som gjerer det meste», (I. Aasen). Men ikkje alt. Både styresmakter og næringsliv må ta sin del av jobben!


Klare for å satse på hydrogen: – Eit spørsmål om å kome i gang

Hofseth, Flakk, Fiskerstrand og HAV Group meiner staten bør dekke ein større del av ekstrakostnadene for gode hydrogenprosjekt – i startfasen. Dei får politisk støtte regionalt.



Skal finne smarte måtar å flytte turistar på

Korleis kan ein effektivt og trygt flytte cruisepassasjerar frå Stranda og Hellesylt inn til Geiranger? Det skal NTNU i Ålesund og Stranda kommune no prøve å finne svar på gjennom eit grøn kai-prosjekt.



Eit lyst hovud på toppen

Dag Idar laga si første avis, Fjellrosaposten, heime på Hellesylt som 13-åring. Frå då av var det ingen veg tilbake.


-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!