Valderøy: Utsmykking ved Valderøy barneskole «Skjonghellaren» av Karin Augusta Nogva.  Foto: Bent Erik Myrvoll

Synspunkt av Karin Augusta Nogva

«Kunstutsmykking er inga gratis affære!»

For meg som kunstnar er det svært viktig å vite at Ålesund Kommune har vedtatt retningslinjer for kunst i offentleg rom.

Dette betyr at det blir utarbeidd ein heilskapleg plan for kunsten vi ser i byen og at det blir avsett det det kostar å jobbe fram utsmykkingar.

Integrert offentleg utsmykking i byggeprosjekter handlar om samarbeid, planlegging og investering. Kva hadde Oslo vore utan Vigelandsparken, Paris utan Eiffeltårnet, Noregs nordlegaste punkt Nordkapp utan globusen og Rjukan utan solspeilet. Vi har mange eksempel på kunst som identitetsmerke for ein stad. Det er derfor kunst er ei investering. Kunstnarar som utfører dette arbeidet er ei yrkesgruppe med lang utdanning, heilt spesiell kompetanse, og kunnskap til å utvikle nye konsept som skal vekke engasjement, kjensler og gi refleksjon. Det skal vere haldbart over tid og overleve generasjonar.


Reaksjoner på fast sum for kunstkjøp

– Barnehagebarn trenger ikke Ørnulf Opdahl på veggen

Ålesund kommune skal bruke en fast prosentsats av netto byggekostnad til kunst. Det syntes ikke opposisjonen var noen god idé.


By og samfunn som spydspiss

Ålesund kommune har i ei årrekkje jobba med få på plass ein plan for kunst i offentleg rom.

I 2016 la kultursjef Oskar Skulstad fram eit forslag til retningslinjer for kunst i offentleg rom med kunstutval og fondsparing. Det var ei gledas sak som blei samrøystes vedtatt av kultur og oppvekstkomiteen, men gleda tok raskt slutt da bystyret stemte ned forslaget. Argumentet i bystyret var at ein måtte få på plass alle skolar og barnehagar før dette kunne gjerast.


Leserinnlegg

«Skulptur i retur»

I begynnelsen av 2019 har styret i Helse M&R vedtatt at Distrikts Psykiatrisk Senter (DPS) på Haukåsen på Sjøholt skulle legges ned.


Kvifor set vi desse argumenta opp mot kvarandre? Etter det eg kjenner til er dette ikkje frå same budsjettpost. Etter denne nedturen i 2016 har vi knapt sett eit nytt kunstverk i uterom eller på ein offentleg stad i Ålesund.

I Noreg er Trondheim spydspissen på feltet. Allereie tilbake i 2003 vedtok Trondheim kommune ei utsmykkingsordning finansiert med avsetting på 1,25 % i kommunen sitt investeringsbudsjett. På 5 år realiserte Trondheim kommune 127 oppdrag på 95 stader rundt omkring i byen.



I evalueringa av ordninga skreiv Trondheim kommune fyljande: «Utsmykkingsordningen på sitt beste representerer en mulighet til å skape refleksjon over og kanskje også̊ bevegelse i det offentlige rommet. Slik sett kan man si at poenget ikke primært er å forskjønne byen, men å gjøre den mer vital. Hvilket vil si at bygninger og områder preges, påvirkes og kanskje til og med transformeres gjennom kunsten.» Denne ordninga lever i beste velgåande i dag, og den aktiverer også med eigne kunstløyper i uterommet.

Utvikling av det offentlege rom

22. april 2021 skulle saka vedkomande retningslinjer for kunst i offentleg rom opp på nytt i Ålesund bystyre. Saka vart omtala i Sunnmørsposten måndag 26.04.2021 med overskrifta: «Barnehagebarn trenger ikke Ørnulf Opdahl på veggen».

Som biletkunstar busett i Ålesund og styreleiar for Aggregat kunstnerfellesskap vil eg på vegne av mi yrkesgruppe ta eit oppgjer med oppførselen til harselerande politikarar, og med media som løftar fram denne ordbruken.


Solgt..! Dette ble prisen for kunstskatten fra Romsdal

Vurderingsprisen til kunsthandler Blomqvist på «Landskap fra Romsdalshorn» av Johan Fredrik Eckersberg fra 1868 var mellom 350.000 og 400.000 kroner. Bildet ble til slutt solgt for mer enn det.


Dette var ei fantastisk nyheit og viktig sak i Ålesund kommune, som sidan 2016 ikkje hadde kome seg vidare når det gjeld kunst i offentleg rom. Spesielt er dette verd å tenke over no når kommunen står ovanfor fleire nye byggeprosjekt, og utvikling av det offentlege rom. Det skulle berre mangle at ein får på plass retningslinjer og ein komité til å fylgje opp dette viktige arbeidet, og at dette inngår i ein heilskapleg plan for byen og at ein set av Statens anbefalte prosentsatsen for byggeprosjekt som kom allereie i 1997. Ei kommune kan søke støtte hos KORO, som er statens sin fagorgan for kunst i offentleg rom. Dette gjer andre kommunar, og kor har vi vore når desse midlane har blitt fordelt rundt i landet?

Hustaka i Ålesund som fjellformasjon

I artikkelen stod det også referert til ein høgrepolitikar som meinte at kunst kan vere gratis. Som politikar bør ein vite at kunst ikkje er «gratis». Kvifor i all verda skulle kunstnaren jobbe gratis?

Med slik kunnskapsløyse sit ein med ein bismak i munnen av å satse i denne byen. Ein skulle trudd at det var etablert litt respekt og kunnskap om det ein hadde rundt seg. Bygginga av Jugendstilbyen i Ålesund på starten av 1900-talet var eit stort prosjekt der kunstnarar, arkitektar og ingeniørar samarbeidde og var avhengig av kvarandre for å realisere dette. Derfor kan vi i dag stå ved Brosundet og nyte det vi ser medan vi sender bilde ut i verda av byens identitet.

Ved utforminga av Jugenbyen valde ein ikkje enklaste veg då ein laga lage spir og skråtak på bygningane. Men akkurat dette gjer at Ålesund blir nærast å betrakte som ein fjellformasjon sett ovanfrå, den skaper rørsle og form som ein ser det i utsikta frå Fjellstova.


Trine Røssevold med retrospektiv jubileumsutstilling:

Retrospektiv jubileumsutstilling: Ser tilbake på det femti år lange kunstnarskapet

Det er 20 år sidan debututstillinga og 30 år sidan ho tok fatt på kunststudiane. Trine Røssevold markerer fylte femti år med å sette foten i bakken, snu seg rundt og sjå bakover på kunstnarskapet som har vakse fram.


Ornamenta på bygningane er forma med naturen som utgangspunkt. Dette gjorde ein ikkje berre fordi naturen er vakker, det er den så klart, men fordi den er noko ein skal strekke seg etter og ha fokus på. Kunstnarane på den tida tilhøyrde japonismen som var ei miljøbevisst retning. Ein ville mellom anna opplyse om den store kull-forureininga som ein kjende til frå store byar, som til dømes London.

Ålesund by skal vere eit urbant midtpunkt

Som kunstnar med studio i det tverrfaglege arbeidsmiljøet på Aggregat, har eg spesialisert meg innan grafiske handverksteknikkar, og eg arbeider med teikning og utskjering i tre.

Eg har gjennomført tre store utsmykkingar; på Valderøy barneskule, Lade skole i Trondheim, og no sist med Fjell skole i Drammen.

No har eg vunne konkurransen om eit stort prosjekt på Kolvikbakken ungdomsskole. Her ser eg fram til å ta eit djupdykk inn i historia til Ålesund og skape noko heilt nytt, og ein skapande identitet for skulen.

For kunstnarar som yrkesgruppe, men like mykje byens borgarar, betyr retningslinjene for Kunst i offentlege rom som blei vedtatt i Ålesund kommune, mykje. Dei stadfestar ein felles einigheit og satsing som er nødvendig for at vi skal lukkast med målet om å vere det urbane midtpunktet mellom Bergen og Trondheim.

Takk til fagstaben i Kultur og medborgarskap for arbeidet med dokumentet, og til dei som har sett kor viktig dette arbeidet er for å legge til rette for at byen Ålesund i framtida kan vere ein respektert by både å bu i, arbeide i og kome til.


Får støtte:

Pengedryss til kulturmangfold

Åtte kunstnere og kulturinstitusjoner på Sunnmøre har til sammen fått 1,2 millioner kroner fra Sparebankstiftelsen SMN.


Eg vil avslutte med å sitere frå den vedtatte planen «Vi ser på kunst og kultur i det offentlige rom som en samfunnsbyggende kraft som bidrar til inkludering ved å styrke felleskap, forebygge utenforskap og utjevne forskjeller mellom folk».


Mottaket:

Inviteres inn til å se hva som skjer

Mottaket er eid av Aggregat kunstnerfellesskap. Dette er et visningsrom for kunst hvor forbipasserende må ta turen innom for å se hva som skjer.




Nye Aggregat kunstnerfellesskap har åpnet dørene:

Kunstfabrikken midt i byen

Visste du at det finnes et kompetansesenter for kunst midt i Ålesund sentrum? Dørene åpnet uka før koronakrisa inntraff og dermed ble både åpningsfest og publisitet satt på vent. Men nå skjer det ting i Torghallen.


-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!