Mupsu: Kulturkvartalet i Ålesund er ein del av Mupsu, Musea på Sunnmøre.  Foto: Staale Wattø

Synspunkt

«Sviktande innsikt om kulturkompensasjon»

Musea i Møre og Romsdal vert skulda for å sko seg på koronakrisa.

Ifølgje Sunnmørspostens leiarartikkel 21. mai har kulturinstitusjonane tent på å halde stengt, medan vi har teke imot sitat «betydelege beløp i koronastøtte. I praksis har staten betalt lønna til de ansatte nesten to ganger».

Leiarkommentaren i avisa byggjer dette på eit politisk utspel frå Frp-leiar Sylvi Listhaug, som vil trekke ned statsstøtta til kulturinstitusjonane. Her burde Sunnmørsposten ha sett seg betre inn i saka og sett på tilhøva lokalt.


Sunnmørsposten mener:

«Urimelig bruk av koronastøtte»


Musea på Sunnmøre har ikkje permittert ein einaste tilsett og har halde ope ved alle våre store arenaer, med unntak av 2 månader våren 2020, og to veker i 2021, då vi vart pålagt å halde stengt. Vi har og hatt strenge restriksjonar på talet på gjester – med berre ti om gongen inne på arenaene.

Musea på Sunnmøre hadde opphavleg budsjettert med nærare 10 millionar kroner i eigeninntekter for driftsåret 2020. Den største kjelda til eigeninntekter er cruisetrafikken. Det seier seg sjølv at resultatet vart eit heilt anna, der cruisetrafikken ligg med broten rygg og berre ti gjestar slepp inn i våre lokale.

Streng kostnadskontroll og tett økonomistyring i eit særs vanskeleg driftsår av Mupsu, gav eit knapt, men positivt årsresultat på kroner 384 000. Driftsramma i 2020 var på kr 50 000 000, inklusive kompensasjonstilskotet frå kulturdepartementet på kr 2 580 000. Årsresultat i 2020 på kr 384 000 utgjer berre 0,77 % av totale handlingsrommet på kr 50 000 000. Eit årsresultat som ligg tettare opp til ramma er det nesten ikkje mogleg å treffe.

Musea i fylket brukt svært mykje ressursar for å greie å kome opp med alternative og tilpassa tilbod til publikum, under koronakrisa. Utan kompensasjonstilskotet frå kulturdepartementet på kr 2 580 000 i 2020, hadde vi gått med eit betydeleg underskot og hadde måtte sende tilsette på NAV. Det har vi greidd og unngått og vi har saman med staten greidd å halde hjula i gang: formidling i små kohortar for born og unge på land og i fjordane våre, opning av stor samtidskunstutstilling (men berre ti gjester!) – for å nemne noko.

Stiftinga Musea på Sunnmøre er ein kulturstifting, der utbytte ikkje kan hentast ut. Vedlikehaldsetterslepet hjå norske museum er ifølgje Kulturrådet på 3, 2 milliardar kroner – ei betydeleg underfinansiering av norsk kulturarv, over mange tiår. Listhaug og Sunnmørsposten skal ikkje vere uroa over at pengane ikkje kjem norsk kulturarv til gode.

Staten har brukt mykje midlar på å halde samfunnet i gang under koronakrisa. Det har kome store tiltakspakkar til norsk næringsliv. Kommunane har også fått betydelege ekstramidlar: 20 milliardar kroner i 2020.

Dersom Sunnmørsposten meiner det er betre samfunnsøkonomi å sende norske arbeidstakarar på NAV – i staden for å halde folk på arbeid og tilby born og unge eit kulturtilbod under pandemien, så er det sikkert fleire som er interesserte i dette reknestykket.


-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!