Grunn til uro: Kronikkforfattaren meiner norske elevars motivasjon, stressnivå og psykiske helse viser ei utvikling som gir grunn til uro.  Foto: Thomas Brun/NTB (Illustrasnsfoto).

Kronikk av Kåre Heggen

«Kunnskapsfall i staden for kunnskapsløft?»

Pisa-undersøkingane i 2003 og 2006, som målte norske 15-åringars kompetanse i lesing, matematikk og naturfag, skapte «Pisa-sjokket» blant politikarane.

Norge skåra dårlegast av dei nordiske landa. Resultata var ein viktig grunn til reforma «Kunnskapsløftet», med kunnskapsminister Kristin Clemet som viktig entreprenør, igangsett i 2006. Reforma vart følgd opp vidare både av Stoltenberg-regjeringane og av Solberg-regjeringane frå 2013. Vart læringa styrka gjennom denne reforma? Solberg lovde i 2013 at resultata skulle betrast dersom dei kom til makta.

Siste Pisa-undersøking vart gjennomført i 2018. Norge ligg 12-15 år etter «sjokket» på same nivå. Og ikkje berre det. 7,9 prosent av dei norske 15-åringane er unntatt Pisa-testen, over godtatt grense på 5 prosent, tre gonger så mange som i 2003. Resultata i 2018 er difor enda lågare enn i 2003 og 2006. Politikarar i regjering snakkar lite om det.

Ein kan diskutere kor godt mål Pisa-undersøkinga faktisk er på kunnskapsnivået blant norske elevar. Men det er grunn til å trekke fram nokre andre mål som kan ha ein samanheng med ei slik, for mange kanskje uventa og svak utvikling. Det gjeld særleg norske elevars motivasjon, stressnivå og psykiske helse. Ulike undersøkingar viser her ei utvikling som vekker uro.

Motivasjon

«Elevundersøkelsen» er gjennomført på landsbasis gjennom mange år med relativt god svarprosent blant elevar frå 5. klasse i grunnskulen og opp til vg3. Resultata er presenterte i «Utdanning» nr. 6/7 i år (Waksvik m.fl.). Hovudfunnet er at elevane sin motivasjon for skulearbeidet er klart fallande frå 2011 til 2019, på alle trinn – og at motivasjonen er svakast på dei høgste trinna. For 5. klasse fell motivasjonen frå 4,4 til 3,9 på ein skala frå 1-5 frå 2011 til 2019. Utviklinga for dei andre trinna går i same retning.

Stressnivå

HEMIL-senteret i Bergen undersøker stressnivået blant elevane som del av ei WHO-undersøking i fleire land (Hevas). På spørsmålet, «Hvor stresset blir du av skolearbeidet (både arbeidet du skal gjøre på skolen og lekser)?», blei det registrert ein sterk auke i svara «ganske mye» eller «svært mye» i perioden 1993 til 2018, særleg frå rundt 2000, for vg1 frå 37 til 67 prosent, omtrent same auke for 10. klasse, frå 16 til 48 prosent for 8. klasse og frå 12 til 22 prosent for 6. klasse. Stadig fleire elevar melder om ein stressande skulekvardag.


Leserinnlegg av Gunnhild Skjold og Peder Lofnes Hauge

«Meir nynorsk for barn og ungdom»

Vi treng eit løft for den nynorske barne- og ungdomskulturen.


Psykiske plager

«Ungdomsundersøkelsen», gjennomført årleg av NOVA/OsloMet viser sjølvrapporterte psykiske helseplager hos elevar i grunnskule og vidaregåande. For gutane er utviklinga relativt stabil over tid, men med ein liten auke på vidaregåande nivå frå 2015 til 2019. Men blant jentene viser undersøkinga ein auke frå 16 til 22 prosent frå 2011 til 2019 på spørsmålet om psykiske plager dei siste sju dagane (Bakken 2020). Det korresponderer med FHI-studie (2018) basert på Norsk pasientregister som viser ein auke blant jenter 15-17 år med diagnose depresjon i tidsrommet 2010-2013, frå 1,5 til 2,5 prosent.

Hovudinntrykket frå ulike studiar er at norske barn og unge er tilfreds med livet sitt og har godt forhold til familie og vener. Dei data som er presenterte er likevel eit varsel om ei uheldig utvikling for mange elevar i tilhøvet til skulen, sjølv om sjølvrapporterte data må vurderast kritisk.


Nytt testsystem i skolene satt på vent

Kunnskapsminister Guri Melby (V) setter det nye testsystemet i skolene på vent og sier at det ikke vil bli tatt noen avgjørelse før sommeren.


Moglege samanhengar

Det er grunn til å tru at minkande motivasjon og aukande stressnivå knytt til skulearbeid kan påverke læringa og kunnskapstileigninga negativt for dei dette gjeld. Men kva kan då forklare endring i motivasjon, stressnivå og psykisk helse blant elevar? Mange ulike faktorar i “den moderne barndommen” kan konkurrere med skulen når det gjeld interesser og motivasjon. Dataspel, gaming, underhaldning via skjerm, bruk av sosiale media, kan spele inn, kanskje også kvalitet på undervisninga med fleire ukvalifiserte lærarar i skulen?

Men også rådande skulepolitikk kan påverke motivasjon for skuleinnsats og stressnivå. Mål- og resultatstyring har fått stadig meir plass i skulekvardagen dei siste tiåra. Det har medført stadig fleire testar og prøver, ved mange skular vekeplanar med hyppig vurdering av om eleven har nådd oppsette kunnskapsmål. For elevar som jamt klarer å oppfyller måla, kan eit slikt regime kanskje stimulerande læring. Men det kan ha andre sider. For elevar på ulike kunnskapsnivå kan den hyppige testinga bidra til auka stress. Og for elevar som jamt av ulike grunnar har vanskar med å oppfylle måla, kan det medføre stadige nederlag.

Kunnskap og teori om meistring legg vekt på at det som bidreg til meistring, er å gi støtte og oppmuntring til det eleven klarer – ikkje å stadig bli mint på det ein ikkje klarer. Når vurderinga oftast blir ei påminning om kva ein ikkje er “god nok” på, og kva mål ein ikkje har nådd, kan dette påverke nettopp motivasjon og stressnivå. Å skaffe meir forskingsbasert kunnskap om slike moglege samanhengar er viktig. Kva er dei viktige faktorane bak auka stress og minkande motivasjon blant elevar? Og korleis påverkar motivasjon og stress læring og kompetanseutvikling blant elevane?

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!