Rus: Kronikkforfattaren saknar det menneskelege perspektivet i debatten om rusreforma.   Foto: Jon Eeg/NTB

Kronikk av Henning Holsvik

«Mennesket bak rusen»

Alle formar for avhemgigheit har som oftast ein bakomliggande grunn til at ein tyr til ulike rusmiddel for å flykte frå problem, eller kjenne på ei form for stimuli i lengsel eller fråvær av viktige faktorar i livet.

Einsemd, sorg, frykt, fattigdom, å miste jobben, traume, mobbing, eller berre kjensla av tomheit og lengsel etter ein eller anna form for «godfølelse» i livet. Det er i mange tilfelle det som førar mange menneske inn i rus.

Dette er ei problemstilling som eg saknar i rusreformdebatten: Vi må sjå mennesket bak rusen.
Debatten handlar mest om konsekvensane ei avkriminalisering vil bringe med seg, men i mine auge er rusbruken meir eit symptom på eit anna problem. Korleis kan vi hjelpe menneske som har høg sannsynligheit for å utvikle eit rusproblem?


Kronikk av Dolores Didovic, Kolbjørn Gjære og Rita Rødseth

«Pårørende til rusavhengige må få mer hjelp»

Regjeringen satset milliarder på å styrke rusfeltet. Men fortsatt blir ikke unge og voksne pårørende godt nok ivaretatt.


Kva er grunnen?

For det er det viktigaste punktet i rusreforma, å hjelpe menneske med rusproblem, framfor å straffe dei. Det som burde vere i fokus, både i reforma og i debatten rundt, er kva kan vi som samfunn gjere for at menneske ikkje skal hamne i rusavhengighet?

Kva er grunnen til at menneske rusar seg? Det burde vere hovudspørsmålet, framfor om vi skal straffe rusbrukarar eller ikkje. Den avskrekkande effekten er avgrensa, og i mine auge overdriven, når vi ser uansett kva straffereaksjonar vi har, så brukar mange menneske framleis rusmiddel. Enten lovlege som tobakk eller alkohol, eller illegale narkotiske stoff.

Førebygge

Å gi menneske meistringsfølelse, tilhøyrsle, eit sosialt nettverk, ja sjølv enkle rutinar for å fylle dagane med meining, er nokre grep som hjelp mange. Både for å få menneske ut av rus, men også å førebygge og hindre at dei kjem inn i rusen i første omgang. Dette var noko av hovudvilkåra for både Portugalmodellen og Islandsmodellen.

Debatten om rusreforma må gå inn på det som er det viktigaste punktet i ei rusreform: Dei førebyggande tiltaka. Spesielt for born og unge. Korleis kan vi sørge for at menneske ikkje kjem inn i rusavhengigheit i utgangspunktet?

Det å sikre alle born og unge tilgang til fritidsaktivitetar som kan gi meistring i kvardagen er eit enkelt, men viktig og effektivt grep for å hindre utanforskap og tomheit i kvardagen. Ei fast rutine utanom skule å gå til.


Urovekkende mange ble tatt for ruskjøring i fjor

Over 10.000 bilister ble i fjor anmeldt for ruskjøring i trafikken. Av UP-sjefen blir pandemien pekt på som en av årsakene til det høye tallet.


Satsing på å styrke tilbod for born og unge er ei nødvendigheit, og må prioriterast enda meir. Regjeringa har løyvd midlar til å styrke tilboda til born og unge for alle, blant anna gjennom BUA (Born og Unge i Aktivitet)-sentralane.

Fritidskortet

Her kjem også Fritidskortet som KrF fekk gjennomslag for til si rett, for det var ein av suksessfaktorane på nettopp Island som KrF henta inspirasjon frå. For å sikre alle born og unge mellom 6–18 år tilgang til fritidsaktivitetar. At regjeringa også løyver ekstra 400 millionar i revidert budsjett til tiltakspakka retta mot born og unge er også veldig bra. Dette er midlar som skal gå til å sikre at elevar som har mista skulegang i pandemien skal få ta igjen tapt framgang, samt styrking av skulehelsetenesta og helsestasjonar, avlasting og aktivitetstilbod til born og unge.

I denne pakka er det også ei styrking av kontakt og samtaletilboda til born og unge, slik dei får lettare tilbod til å snakke med nokon om dei treng det. Tettare oppfølging til sårbare grupper og fokus på førebygging mot vald og overgrep.


Stortinget stemte ned rusreformen

Som ventet gikk regjeringen på en smell da Stortinget stemte over den omstridte rusreformen torsdag. Et flertall bestående av Ap, Sp og Frp sa nei.


Vi kan byrje med å spore rusreforma inn på det sporet som vil vere til mest hjelp, nettopp med å ha fokus på førebygging, og preventive tiltak, for å unngå at ungdom tyr til rusmiddel for å rømme frå kvardagen. La oss heller møte dei med omsorg og forståing, og gi dei kjekke tilbod som gir meining i ei hektisk kvardag.



-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!