Fastlege: Forfattarane av kronikken er svært uroa over situasjonen til norske fastlegar. B  Foto: Gorm Kallestad/NTB (Illustrasjonsfoto)

Kronikk av Egil Schistad og Tom Willy Christiansen

«Når fastlegane hiv etter pusten, kvelast helsevesenet»

I Tokyo-OL fekk vi alle sjå kor nyttig det kan vere å ha kontroll på mjølkesyra; «Laktaten».

Vi som følgde med på Team Ingebrigtsen let oss underhalde av ein småstressa Gjert som surra rundt gutane sine med stadige formaningar om at laktaten ikkje måtte kome for høgt. Kvifor var Gjert så hengt opp i denne laktaten?

Cellene har små energifabrikkar, mitokondriar, som omdannar mat til energi ved hjelp av oksygen. Så lenge cellene får nok oksygen; at ein held seg under den aerobe terskelen, har musklane det fint og kan halde det gåande i timevis. Dersom det derimot går litt for fort klarer ikkje kroppen å levere nok oksygen til produksjonen. Cellene går da over i naudmodus. Dei evner å lage litt meir energi der og då, men spaltingsproduktet laktat gjer at musklane stivnar og maskineriet stoppar etter kvart opp. Difor blir Gjert streng når han ser for høg laktat i peikefingerblodet: «Dette er dårleg trening, gutter!»

Ikkje for sakte, men heller ikkje for raskt! Passe belastning er det som gir mest effekt.

Kva om vi hadde stukke apparatet til Gjert mot ringfingeren til fastlegane våre?

I 2001 blei det innført ei fastlegeordning i Noreg. Denne gav kvar av oss rett til sin eigen lege. Det frustrerande vanskeleg å forklare kor genialt og viktig dette var. For dei fleste av oss er friske og tenker ikkje at vi ein dag kan bli sjuke. I alle fall ikkje ved stemmeurna. «Det skjer ikkje meg», seier vi til oss sjølve. Likevel skjer det. Først då vil du erfare kor viktig fastlegen din er.

Fastlegekrisa er dessverre eit faktum. Fastlegane slit, berre 32 % av dei ser for seg å vere fastlege om fem år. 85 % av kommunane, også store kommunar, slit no med å rekruttere fastlegar. Dette gjer at det ikkje er plass til 100 000 innbyggjarar på listene deira.

«Det gjeng seg nok til». Dessverre typisk norsk kriseforståing. Ingen fekk med seg den stigane laktaten.

Det viste seg å vere svært kostnadseffektivt å organisere helsehjelp rundt ein fastlege. Fastlegane er høg ekspertise som nyttar lav teknologi. Det gjer det heile så genialt! Det trengst nesten ingen infrastruktur og kan gjerast over alt! Så lenge ho har tid nok til å lytte til, ta på, og tenke seg om, kan fastlegen din handsame 90 % av all sjukdom berre ved hjelp av dei enkle apparata du ser rundt ho på legekontoret.

Det andre som gjer fastlegeordninga så effektiv er kontinuiteten. Fordi fastlegen kjenner pasienthistoria slepp ein unødige utgreiingar og innleggingar. La oss ta eit eksempel; om du går til ein lege som ikkje kjenner deg og at du har «pressande brystsmerter» vil han legge deg inn på sjukehus. Det kan vere hjarteinfarkt. Innlegginga genererer då jobb for to ambulansesjåførar, to eller fleire sjukepleiarar og minst tre legar. Dette kostar! Om du derimot kjem til fastlegen din kan ho gjerne svare: «hm. så anginaen din har forverra seg? Ja ja, vi fer auke litt på medisinen då. Så skal vi sjå det ikkje har blitt betre til neste gong.» Og omvendt – når ho plukkar opp små teikn i hudfarge eller ganglag som gjer at kreften oppdagast i tide. For ho kjenner sine.

Kontinuiteten er effektiviteten. Kontinuiteten er kvaliteten.

Fastlegeordninga sin suksess har òg blitt sin undergang. Den var så god at ein la stadig meir inn i den. Attestar, trygdeordningar og oppgåver sjukehusa tidlegare utførte. Fastlegane gjorde jobben like bra og billigare. Litt som gruppearbeidet på skulen. Den flinkaste stod att med all jobben nettopp fordi han var så flink og pliktoppfyllande.

Laktaten steig og legane kompenserte for syra.

Vi såg ikkje i steget at dei sprang litt saktare i år enn i fjor. Fleire oppgåver blei lengre dagar. Kveldar og helger. Fastlegar jobbar no i snitt 56 timar per veke. I spørjeundersøkingar svarer dei no: «Jobben min går ut over helsa». «Meir tid på kontoret, mindre tid med familien». «Store daglege utgifter ved drift av legekontoret, knapp økonomi om en sjølv skulle bli sjuk eller, gud forby, gravid.» Og heile tida har fastlegane, som andre i helsetenesta, med seg frykta for å gjere feil.

Tenk det; fastlegane som kvar dag spenn sikkerheitsnettet opp under liva våre må sjølv arbeide dinglande på sida av det.

Det har tidlegare og i andre samanhengar blitt påpeikt at vår manglande kriseforståing er ein svakheit ved Noreg som nasjon. Sjølv om vi vedgår at vi har eit problem manglar vi den emosjonelle overtydinga som driv oss til handling.

Når fastlegane no spring anaerobt vil syra til slutt ta dei. Det er berre slik det er med laktat. Men når dei som står for 90 % av helsehjelpa må stoppe og å ta igjen pusten vil helsevesenet kvelast.

Og alle taper.

Det er snart val. Samanlikna med brua over fjorden eller bompengeringen utanfor der du bur, er helsepolitikk komplekst, vanskeleg og dørgande kjedeleg. For politikarar er fastlegeordninga er inga dampande sexy kampsak.

Men før du stemmer, sjå for deg at du ein dag vil bli sjuk:

– Kva vil du skal møte deg då?

– Kor mykje laktat tenker du er passe i helsetenesta?