Kronikk

«Kortreist kunnskap?»

Vi sit med ein stor søknadsbunke framføre oss. Unge ambisiøse kvinner og menn frå heile verda ynskjer å kome til byen vår for å ta ein doktorgrad.

Doktorgrad: Kvifor er det så lite attraktivt for dei unge på Nordvestlandet å søkje seg til doktorgradsutdanning, spør artikkelforfattarane i denne kronikken.  Foto: Håkon Mosvold Larsen

Kronikk

Eit treårig doktorgradsstipend ved det som for få år sidan var ein regional og profesjonsorientert høgskule i eit lite land i utkanten av Europa er svært attraktivt for mange. Søkjarane kjem frå Europa, Afrika, Amerika og Asia.

Vi er attende på kontora, som den globale pandemien har halde oss borte frå i meir enn eit år. Det var eit sjokk for mange i Noreg å registrere kor sårbart samfunnet vårt var då grensene stengde. Landbruk, fiskeri og industri hadde store utfordringar med å få inn arbeidskraft frå Baltikum og Polen. Andre delar av industrien fekk problem fordi ein var avhengig av internasjonale ekspertar for utvikling og vedlikehald av ulike nøkkelkomponentar. I fleire helseføretak vart det vanskeleg å avvikle turnusar og ferie fordi ein ikkje kunne få inn ekstra personale frå grannelanda.


Morten fra Vestnes blir forsker

Morten Øveraas (30) fra Vestnes er ansatt som forsker ved Romsdalsmuseet.


Ulike kommentatorar peika på likskapen i utviklinga mellom Noreg og ein del Golf-statar, som på liknande vis har gjort seg avhengige av gjestearbeidarar frå lågkostland og ekspertar frå høgkostland for å få hjula i samfunnet til å gå rundt. Noreg er eit lite land med ein liten og open økonomi, og vi er avhengige av ei internasjonal arbeidsdeling.

På den andre sida er internasjonal arbeidsdeling eit toeggja sverd som kan gjere oss meir sårbare enn vi likar å tenkje på. Produktivitetskommisjonen (NOU 2016) skriv at konkurransekrafta vår i framtida vil liggje i det å ha høg og relevant kompetanse og omstillingsevne med aktiv deltaking i utvikling av ny teknologi. Dei peiker på at landet er ved eit skifte frå ressursøkonomi til kunnskapsøkonomi. Den same kommisjonen legg også vekt på at Noreg har eit lågt tal på kandidatar med master- og doktorgradskompetanse, særleg i teknologi og realfag.

At kunnskap er viktig visste allereie forfedrane våre som skreiv Håvamål: «Betre bør du ber’ kje i bakken enn mannavet mykje». Filosofen Francis Bacon spissformulerte at «Kunnskap er makt». Men held dette for alle typar kunnskap,- held det for forskingsbasert kunnskap, for erfaringsbasert kunnskap og for nettverksbasert kunnskap?

Gjennom pandemien har vi følgt utviklinga av kunnskap om årsak, verknad og tiltak nærast dag for dag. Styresmaktene har innført mange inngripande tiltak for å handtere pandemien. Delar av desse tiltaka byggjer på forskingsbasert kunnskap medan andre kviler på meir erfaringsbasert kunnskap og fagleg skjøn. Media har gripe tak i nye funn direkte frå akademiske publikasjonar. Vi har fått erfare at det å skjøne slike resultat ofte krev djup fagkunnskap og at vegen kan vere lang frå akademiske funn til praktisk kunnskap.


NExTdigital satser videre – ansetter leder for koblingsmagi

Lin Marie Norberg Jacobsen har de siste åra jobba med og for kulturlivet i Ålesund. Nå går hun andre veger, og skal jobbe for å koble sammen folk i næringslivet.


Evna til å gjere seg nytte av ny kunnskap kviler på den kunnskapen vi allereie har anten som einskildperson, organisasjon eller region. For ein organisasjon eller region er kjennskapen til kvar kunnskapen finst av høg verdi. Det er stor skilnad på om kunnskapen er på Internett, i regionen eller «innomhus» i organisasjonen. Dette vert særleg tydeleg i tider med raske endringar som til dømes skuldast ny teknologi, nye reguleringar, uventa hendingar eller mangel på ressursar.

Kva er så rolla til akademiske institusjonar i dette biletet? Ei av oppgåvene er å lære frå seg oppdatert kunnskap, men også sjølv å byggje ny kunnskap. Eit viktig verkemiddel for dette er utdanning av doktorgradskandidatar. For einskildmennesket er doktorgrad den tradisjonelle nøkkelen til det akademiske samfunnet, både nasjonalt og internasjonalt. Ein slik grad syner at du har ei forskarutdanning og at dei forskingsresultata du har kome fram til er drøfta og funne akseptable av forskarsamfunnet. For ein akademisk institusjon er forskingsresultat og doktorgrader viktige for omdømmet og nyrekrutteringa, men også for økonomien. Talet på artiklar i vitskaplege tidsskrift, så vel som talet på uteksaminerte bachelor-, master- og doktorgradskandidatar er eigne faktorar i budsjettmodellane for slike institusjonar.

Dei seinare åra ser vi ein vekst i dei midlane samfunnet stiller til rådvelde for forsking. Samstundes ligg vi framleis lågare enn dei nordiske naboane våre om ein måler i prosent av nasjonalproduktet som går til forsking (OECD). Talet på personar med doktorgrad har auka kraftig dei siste tiåra. Talet på doktorgradsstipendiatar er langt høgare enn dei stillingane som vert ledige i akademiske institusjonar. Stadig fleire med doktorgrad finn arbeid i industri og offentleg sektor.

For mange i arbeidslivet er det ein framand tanke at det er behov for folk med denne høge akademiske kompetansen. Andre ser at denne utviklinga kan opne dører til internasjonale nettverk og finansieringskjelder og vere ein snarveg til ny og viktig kunnskap, som det er nødvendig at organisasjonane har evne til finne, forstå og gjere seg nytte av. På denne måten kan vi tryggje og utvikle arbeidsplassane vidare.


Så mange har søkt høyere utdanning

Aldri før har så mange fått plass ved landets universiteter og høgskoler. I år har 110.119 søkere fått tilbud om studieplass - de lokale skolene har også høye søkertall.


Før tusenårsskiftet hadde om lag ti prosent av dei som tok doktorgrad i Noreg utanlandsk statsborgarskap. Talet for 2020 er førti prosent (NIFU). På teknologiområdet var det i 2020 over seksti prosent av dei ferdige doktorkandidatane som hadde utanlandsk statsborgarskap. Denne utviklinga har fleire sider. Nokre reiser til heimlandet etter disputasen. Andre ser føre seg ei framtid i Noreg og lærer seg norsk språk og kultur. For desse siste må vi opne nettverka våre og verdsetje erfaringane deira slik at regionen kan få nytte av denne unike kompetansen.

– Vi sit framleis med søknadsbunken, over to hundre søknader er komne inn. Kjem det i det heile tatt nokre søkjarar frå Noreg?

Kvifor er det så lite attraktivt for dei unge på Nordvestlandet å søkje seg til doktorgradsutdanning? Svaret på dette er ikkje enkelt. Kan hende dei unge ikkje kjenner til kva nytte ei slik utdanning har for både individ og heimeregion. Kanskje treng vi ei bevisstgjering på kor viktig spesialisert kunnskap er og vil bli, også i regionen vår?


Studentenes rettigheter skal styrkes

Regjeringen foreslår å endre universitets- og høyskoleloven for å styrke studentenes rettigheter.


Noreg er framleis eit lite land med ein liten og open økonomi. Vi treng dyktige fagarbeidarar, vi treng dyktige fagfolk med akademisk innsikt, og vi treng samarbeid med fagfolk frå heile verda. Regionen vår har behov for fagfolk som kjenner lokalt språk, lokal kultur og lokalt arbeidsliv, men som samstundes er oppdaterte på det nyaste innanfor forsking og kunnskap på sine felt.

Vi treng kortreist kunnskap!

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!