Kronikk av Annik Magerholm Fet

«Kort veg skapar meirverdi»

Du har kanskje høyrt snakk om campus utan heilt å vete kva det er? Du har kanskje tenkt at det er noko universitetsgreier som ikkje angår deg? Då tek eg hermed utfordringa om å endre oppfatninga di.

Campus Ålesund:   Foto: Nils Harald Ånstad

Kronikk

Campus Ålesund er eit geografisk område og ein stad for læring, men det er mykje meir enn det. Det er ein arena for samarbeid mellom utdanning, forsking og arbeidsliv. Campus Ålesund er eit pulserande samfunn med kort veg mellom 7.000 personar, inkludert 5.000 elevar og studentar ved Fagskolen, Fagerlia-Ålesund vidaregåande skole og NTNU. Campus Ålesund er største kompetansearbeidsplass i fylket, men du skal ikkje gå deg vekk på campus. Du skal gå deg varm, nysgjerrig og glad.

Fruktbar samhandling

Det handlar om ein god måte å tenke og jobbe på. Når det er kort veg mellom så mange aktørar, blir mykje meir mogleg. Det gir blant anna kort veg frå ide til handling, og til å etablere fruktbar samhandling. Det betyr for eksempel at når ei verksemd treng å få testa ut ein ide, kan dei ta direkte kontakt med ein forskar som kan bidra med nye idear eller testing.

Eit godt døme på at dette fungerer er resultata frå Ungt Entreprenørskap. Studentbedrifta Hjarni SB vart gullvinnar i NM og sølv i EM i år med eit innovativt garvemiddel for skinn. Tilsvarande plasseringar for studentbedriftene har vi sett over fleire år i konkurranse med studentar frå heile landet. Kort veg og samhandling er nøkkelen.

Næringsnært

Eg brukar å seie at vi i Ålesund har Noregs mest næringsnære campus. Om du vel å studere her, får du ein unik moglegheit til å vere tett på dei reelle behova til næringane. Det at vi har så kort veg og dermed tett samarbeid med nærings- og arbeidsliv, gjer sitt til at studentane blir kjent med framtidige arbeidsgjevarar. Fagerlia-Ålesund vidaregåande skole, ein av dei største vidaregåande skolane i landet, høyrer også til campus. Vegen til universitetet vårt blir dermed kort.

Høgt utdanna arbeidskraft er ettertrakta i dei fleste arbeidsplassane. Målet er at kort veg skal gi etterspurt kunnskap. Dette skal vere eit særmerke for arbeidskraft frå campus Ålesund. Vi legg vår stoltheit i å halde på dette målet, og sikre at det gjeld kvar og ein student. Her har vi framleis meir å gå på.

Hav, handel og helse

NTNU i Ålesund har fokus på hav, handel og helse. Dette er område som er svært viktige for oss. Havet er matfat, transportåre, identitet og vegen ut i verda. Regjeringa har gjennom programmet Maritim21 lagt føringar for det grøne skiftet i maritime næringar. Eit slikt skifte er noko som mange aktørar på Campus Ålesund er eller vil bli involvert i. Vi vil gjere berekraft til konkurransekraft i beste sunnmørsånd. Det er difor også handel ligg oss så nært. Mykje av den digitaliseringa som no går føre seg, har potensial til å kunne bli gode forretningsidear. Spesielt ser vi det innan sirkulærøkonomien. Varer skal få nytt liv på nye måtar, og det skal både sunnmøringen og miljøet tene pengar på. Sirkulærøkonomi er noko som har lagt i dei sunnmørske genane i all tid. Til dømes ser vi at utnytting av restråstoff frå fisken er verdfulle ressursar inn i nye omega-3-produkt.

Det grøne skiftet er ei omlegging som vedkjem oss alle. Kanskje med litt blanda entusiasme. Dersom du synest det er vanskeleg, uhandterleg eller uviktig, kan eg tilrå eit møte med ein student. Då vil du oppleve kort veg til entusiasme, nye tankar, vilje til handling og ei stor tru på at det nyttar. Det vil heilt sikkert gjere deg godt.

Simulatorar

For nokre år sidan gjekk eg ut og sa at Ålesund skulle bli simuleringshovudstaden. Det var kanskje nokon som heva augebryna ørlite grann då, men eg held framleis fast på det. Campus Ålesund er blitt verdskjent som ein stad der berekraft og byutvikling vert demonstrert på våre simulatorar. Også innan helsesektoren har vi spanande forsking i vente knytt til simulering av operasjonar, protesar og effektiv handtering av naudhjelpssituasjonar.

Det skal vere kort veg til oss – anten du er politikar, byråkrat, offentleg tilsett, kjem frå næringslivet eller vil prøve deg som forskar eller student. Då skal du vite at du er hjarteleg velkommen til Campus Ålesund. Vi vil gjerne bli kjent med deg, og legge til rette for godt samarbeid. Eit samarbeid som vi vonar både skal gi meirsmak og meirverdi.

Frå 20. september markerer vi CampusUka 2021 med tittelen Kort veg til grøn omstilling. Programmet er spekka med innlegg med dagsaktuelle tema frå dei fleste aktørane på Campus Ålesund. Bli betre kjent med forskinga ved NTNU, delta på ryddeaksjon, lær meir om havets verdi for jordas og menneska si helse – og mykje meir.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!