Kronikk måndag 8. juli 2013:

Nordfjord ein «vinnarregion»?

Nordfjord: Unge nordfjordingar gjer som andre unge i landet, dei søkjer til byane og tettstadene for å ta utdanning. Illustrasjonsfoto frå Stryn: Knut Arne Aarset  Foto: Knut Arne Aarset

– I tillegg til attraktive arbeidsplassar er det å skaffe seg eigna bustad ofte ei utfordring

Kronikk

Nordfjord har eit variert og rikt næringsliv og såleis mange bein å stå på, men har ei stor utfordring i å rekruttere nok og rett kompetanse i åra som kjem. Mange næringar har stort innslag av aldersgruppene 55 år og oppover, samstundes er dei lokale «rekruttane» langt færre enn tidlegare.

For 25 år sidan budde det klart fleire menneske i Nordfjord enn naboregionen Indre Sunnfjord. I 2013 er bilde snudd heilt om.

Unge nordfjordingar gjer som andre unge i landet, dei søkjer til byane og tettstadene for å ta utdanning. Årskulla er små, og langt frå alle kjem tilbake. Difor må det setjast inn tiltak for også å rekruttere nye innbyggarar utan bakgrunn frå regionen.

Omstillingar

Møreforsking har på oppdrag frå Nordfjordrådet sett nærmare på utfordringar og mulegheiter for regionen. Vi opplever at det er ein kultur for nyskaping og utvikling som har gjort at regionen samla sett har klart fleire rundar med omstillingar. Det er likevel ikkje til å kome bort frå at regionen i dag slit med å opptre samla og satse kollektivt på utvikling.

Mykje tyder likevel på at det er ein grunnleggjande positiv vilje til å tenkje meir samarbeid i regionen. Det er også ein god del lik oppfatning av kva som er dei største utfordringane. Dette kjem tydeleg fram blant unge som har etablert seg i regionen, men også frå næringslivet.

Behov

Rekruttering er ei stor, felles utfordring i regionen. Næringslivet peikar på at arbeidet med rekruttering ofte blir ad hoc prega og lite langsiktig. Meir samarbeid mellom bedriftene, skulane og kommunane for å tenkje gjennom kva som er det langsiktige behovet, og korleis dekkje opp dette, står difor sentralt i å sikre nok og rett kompetanse i framtida. Eit gjennomgåande tema er også at jobbtilbodet blir usynleggjort, ved at få jobbar blir utlyste og slik sett ikkje er tilgjengeleg for alle.

Det vil alltid vere mange faktorar som til slutt avgjer kvar den enkelte vel å etablere. I tillegg til attraktive arbeidsplassar er det å skaffe seg eigna bustad ofte ei utfordring. Tilbakemeldingar frå unge i etableringsfasen i Nordfjord, viser mellom anna at kva som blir vurdert som den attraktive tomta, det attraktive huset og den attraktive lokaliteten for hus og heim varierer sterkt. For nokre er det viktig å kunne leige i staden for å eige i ein tidleg etableringsfase. I enkelte tilfelle er det viktig med ein stor landleg tomt, medan det i andre tilfelle gjerne er viktigare med god tilgang til flest muleg av dagleglivets tenestetilbod, anten det er skule, barnehage, butikkar eller anna.

Identitet

«Vinnarregionane» framover blir i enno større grad enn tidlegare dei regionane som blir opplevde som attraktive for tilflyttarar. Det krev at ein har eit brukarperspektiv på tilrettelegging, at ein finn fram til og tar omsyn til preferansane målgruppa for tilflytting har. I tillegg er utfordringa å bygge lokal identitet blant dei unge, bli meir bevist på eigne vegner (bedrifter/kommunar) på dei kvalitetane ein faktisk har og foredle dei på ein måte som gjer dei tilgjengeleg. Samstundes må ein innsjå avgrensingane, blant anna når det gjeld «urbane kvalitetar» og heller vere meir beviste på å legge til rette slik at ein både kan få ein smak av det urbane livet og dra fordelar av rurale kvalitetar som trygge og oversiktlege oppvekstvilkår, låge bukostnader, den merkevara Nordfjord representerer som eit område for reiseliv- og naturopplevingar, med meir.

Dei fleste kommunar med respekt for seg sjølv, anten dei ligg på Vestlandet eller i andre delar av landet, trekkjer gjerne fram forholda for natur- og friluftsliv som ein styrke. Samtidig er natur- og friluftsliv noko som mange nordmenn set høgt. Skal ein derimot stå fram som attraktiv i så måte, krev det innsats både i form av tilrettelegging, informasjon, «sal», osb. Her ligg det gjerne eit potensial i eit tett samarbeid mellom både næringsliv, kommune og frivillige organisasjonar. Er perspektivet «frå hav til fjell», krev det også samarbeid på tvers av kommunegrensene.