I 1837 fekk vi formannskapslovene, og ved det eit formalisert lokalt sjølvstyre og etter kvart ei lokal forvaltning som skulle levere tenester til innbyggjarane i kommunen og med kommune- og bystyra som folkevalde styringsorgan. Etter kvart fekk kommunane meir og meir ansvar, men staten held lenge ei viss styring ved å øyremerke løyvingane til visse formål. Vi såg vel dei fleste av oss som ein siger for lokaldemokratiet når «øyremerkinga» blei avskaff på 1980-talet, og vi fekk rammeoverføringar og ansvaret for fordeling på ulike formål heilt lagt til kommunane. Det var ei utvikling som eg då som lokalpolitikar ønskte velkommen. Men etter som åra har gått er eg redd for at denne kommunaliseringa av velferdsstaten er i ferd med å bli ein trussel mot eit likeverdig velferdstilbod over heile landet.

Velferdsstaten er basert på vedtak i Stortinget og skal settast ut i livet av regjeringar. Slik sett har den lite med lokaldemokrati å gjere. Til å levere desse tenestene nyttar regjeringa ved departementa m.a. kommunar, fylkeskommunar, helseføretak og NAV. Kvaliteten på denne «leveransen» er avhengig av to ting; økonomi og kompetanse.

Vi må vedgå at mange kommunar er for små til å kunne levere alle dei tenestene som Stortinget forventar av dei.

Når det gjeld velferdstiltaka kommunane har ansvaret for å levere så er løyvingane til dette lagt inn i rammetilskottet frå staten, og som kommunane i prinsippet står fritt til å disponere som dei vil. Difor er det vanlege svaret frå sentrale politikarar, på spørsmål om svikt i det lokale velferdstilbodet, at dette er kommunane sitt ansvar, og at kommunane må prioritere innan for dei økonomiske rammene dei har.

I praksis betyr dette at velferdstilbod må konkurrere om løyvingar til alle andre tiltak som kommunen vil tilby innbyggjarane, og det vi stadig ser er at velferdstilboda blir den tapande parten. Skal ein sikre velferdsstaten må ein gå over til ei klargjering frå staten si side av den delen av rammetilskotet som er tiltenkt velferdstiltak og at dette blir eit minimum av det kommunane nyttar til dette.

Den andre faktoren er kompetanse. Svært mange kommunar i Norge er så små at dei ikkje har grunnlag for å etablere fullgode tenester for velferdstiltak som kommunane har ansvaret for. Eit argument for kommunereforma var at større kommunar ville løyse dette problemet. Det ville kunne gjelde i nokre tilfelle, men geografien og demografien i Noreg er slik at dette ville ein ikkje kunne oppnå utan å lage kommunar så store at store at dei nærma seg eit fylke. Difor blei det litt komisk når politikarar reiste til Danmark for å studere kommunereform.

Vi må vedgå at mange kommunar er for små til å kunne levere alle dei tenestene som Stortinget forventar av dei. Men når det gjeld velferdstiltak er dei berre praktiske «leverandørar» av det Stortinget har bestemt, og når dette ikkje fungerer optimalt må ein sjå på om det kan vere tenleg å nytte andre leverandørar. Det gjorde ein i si tid for å få gjennomført «barnehageforliket».

I dei tilfelle der kommunane jamt over blir for små til å kunne etablere gode nok fagmiljø, må ein vurdere om ansvaret i staden bør leggast til fylkeskommunen som har større moglegheiter for å etablere større og meir robuste fagmiljø. Dette bør kunne gjerast med t.d. barnevernet, som blei nytta som argument for større kommunar, og det bør vurderast som ei løysing på den påtrengande fastlegekrisa. I staden for å avvikle fylkeskommunen, som nokre parti går inn for, bør denne styrkast for å ta seg av dei tenestene som storparten av dei norske kommunar blir for små til å ta seg av.