12 mars 2020 kom pandemien. Landet, ja nesten heile verda, blei stengt ned medan vi venta på vaksinen. Den kom, og etter kvart blei vi friske. Men samfunnet måtte haldast i gang. Og medisinen her var pengar. Rentene blei sett ned så langt som mogleg, og verksemdene, som spesielt blei råka av at landet stengde ned, fekk pengar. I Noreg levde vi eigentleg godt gjennom pandemien. Vi held oss i ro og sparte pengar på konto.

Blei åtvara mot inflasjon

Men all medisin har sine biverknader. Heldigvis var biverknadane av vaksinen små og stort mindre alvorlege. Verre var det med samfunnsmedisinen. Samfunnsøkonomane åtvara mot inflasjon. Ifølgje dei det verste uvesenet som kunne ramme eit samfunn i fredstid, og som nasjonalbankane rundt i verda har ansvaret for å halde styr på ved å regulere renta. Det var få som høyrde på dei, og slett ikkje politikarane.

Etter kvar fekk ein no kontroll på pandemien. Solberg-regjeringa kunne gå av med eit ettermæle om at den hadde ridd av pandemien på ein brukbar måte og tapte i valet i 2021 av heilt andre grunnar. Folk føte seg rike med pengar på konto og renta på låna var så låg som den aldri før. Så kom inflasjonen. Ikkje berre i Noreg, men stort sett over heile verda. Det var for mykje pengar i omløp og folk hadde det, etter samfunnsøkonomiske vurderingar, for godt.

Lite populært

Det måtte strammast inn. Det måtte brukast mindre pengar og både renta og skattane måtte opp. Det er lite populært, og å forklare samfunnsøkonomi til folk flest er ikkje lett. Finansministeren fekk oppgåva med å forklare samfunnsøkonomi til folket. For ein politikar som stort sett har halde seg til meir populistiske talemåtar, måtte dette gå gale og blei ein fiasko for regjeringa og ein gåvepakke til opposisjonen. Erna Solberg kunne lene seg tilbake i godstolen, nyte meiningsmålingane og la Jonas Gahr Støre ta støyten for ein politikk ho i hovudsak også måtte ha ført om ho var statsminister.

Men skatten ville ho nok ikkje ha tukla med, sjølv om ho nok hadde hatt god lyst til å innføre grunnrenteskatt for fiskeoppdrett. Det er nok den mest fornuftige skattlegginga som ha er blitt innført på lenge. Skatt på formue er ikkje populært bant dei rike, og det var ikkje uventa at nokre av dei rikaste lurte seg unna formuesskatten og reiste til Sveits. Det har dei gjort før også. Men «småkapitalistar», som eig verksemder rundt i landet, må snart bli verneverdige. Om vi ikkje tek vare på dei blir snart alt næringsliv eigd av internasjonale fond utan anna formål enn profitt. Så all fornuft bør tilseie at dei bør sleppe å betal å betale skatt på den formuen dei har plassert som aksjar i norske verksemder. Solberg hadde åtte år på seg for å gjere noko med dette, men gjorde lite. Ei endring sit nok langt inne hos Arbeidarpartiet. Men kanskje fagrørsla etter kvart kan oppdage at det kan vere tryggare med ein lokal eigar enn diffuse internasjonale fond.

Så kom Putin

Så kom Putin. Han hadde nok rekna med at inflasjon og innstrammingar både i Europa og USA skulle føre til at ein der hadde nok med sitt. Ein rask «militær operasjon» kunne gjere Ukraina til eit «lydrike». Med kontroll over energiforsyninga til mesteparten av Europa rekna han med å kunne gjere som han ville.

No gjekk det ikkje heilt som planlagt. Europa kutta ut Russland som energiforsynar så langt det lét seg gjere, prisane på energi skaut i vêret, og Noreg blei Europa sin fremste forsyner av energi. Når så Solberg-regjeringa (med støtte frå Arbeidarpartiet) hadde kopla Noreg på det europeiske energisamarbeidet, blei energiprisane her heime på europeisk nivå. Og syndebukken for kraftprisane, naturleg nok, det blir Jonas Gahr Støre same kor lite han fortener den rolla. Alle forlanger pengar for ekstra utgifter. Det fekk dei av Erna då ho styrte. Men den medisinen er reine gifta, seier samfunnsøkonomane. Så Gahr Støre og regjeringa må nok berre stå i det. Takle harselering og det eine botnnivået etter det andre på meiningsmålingane, håpe på eit betre nytt år og rekne med at auka skattar og renter tek knekken på inflasjonen.

Kanskje får dei orden på straumprisane også etter kvart. Det er i alle fall sett ned minst eit utval for å sjå på det.