Statsforvaltaren har fått i oppdrag frå Miljødirektoratet å greie ut moglegheita for eit verneområde som omfattar delar av fjellområda i Ørsta kommune.

Formålet med prosessen er vern av område som skal bidra til å danne økologiske nettverk og gjere norsk natur meir robust mot klimaendringar, samt dekke manglande eksisterande verneområde for framtidige generasjonar.

Grunneigarar som ønsker å bygge ut store hyttefelt står fram i lokalavisa og seier at dei taper verdiar. Elles er det stille.

Når vi tek instabilde, skal det vere i såkalla urørt natur – og det skal vere tomt for andre menneske.

Etter folkemøtet har eg tenkt ein del på om vi har igjen noko av det vi tenker er urørt natur. Er dette berre ein nasjonalromantisk førestilling? Har vi ikkje allereie ein slags park? Naturen har blitt ein leikeplass for ulike menneske med ulike interesser.

Når vi tek instabilde, skal det vere i såkalla urørt natur – og det skal vere tomt for andre menneske. Samtidig må vi steinlegge råser pga. belastning på vegetasjonen.

Professor Helga Synne Løvoll, ved Høgskulen i Volda, forskar på friluftsliv. Hennar forsking viser at friluftsliv gir positive kjensler, opplevingar og motivasjon. Å oppleve nokke i naturen i roleg tempo kan vere like godt for din mentale helse og betre for din personlege vekst enn fokuset ditt er på trening når du er ute. Få plassar i verda er det so lett å få slike opplevingar som på Sunnmøre, men vi må faktisk ta ansvar for å bevare fjella og dalane, dersom vi vil at vi og våre etterkomarar i framtida skal kunne nyte det same privilegiet som vi no har. Ørsta kommune har mange ikoniske fjelltoppar.

Politikarane skal etter kvart ta stilling til om det er ein god ide med Nasjonalpark i Sunnmørsalpane. Underteikna har ingen tru på at politikarane, med ein overrepresentasjon av SP-politikarar, vil velje det som er sikrast for vern av fjellområde, beiteområde og tap av naturtype. Kommunen er ein versting til å omdisponere fulldyrka mark og då utan å forklare kvifor hyttesøknadar får større areal. Ørsta kommune har ingen setreplan, men Volda kommune har.

Tapet av kulturmark skjer både ved sentrumsnære område og beiteområde på fjellet. I slike område med vekselbruk av beiting trivst mange fugleartar og insekt. Det er ein grunn til at vi må ha reguleringsplanar. Fjellturen blir annleis viss ein må krysse inngjerda hytteområde og dreneringsgrøfter for å kome på fjellet.

I Skorgedalen på Vartdalssida har nokre grunneigarar prøvd å få løyve til å bygge større hytter gjennom 10 år.

Den smale veglause dalen som ligg på 500 moh. risikerer å bli stengt av hytter. Dette området vil kunne falle under grensene for ein mogleg Nasjonalpark på Sunnmøre eller verneområde. Skorgeura ifrå Ørstasida er allereie eit naturreservat.

I Romedalen, der Kolåstinden ruvar, har allereie ein praksis der det berre er lov å bygge 40 m² og på gamle selmurar. Når dei store monstermastene skulle plasserast ville NVE at høgspentlinjene skulle gå igjennom Romedalen. Men Riksantikvaren stoppa dette.

Dei negative konsekvensane av auka bruk er allereie synlege. Under orienteringsmøtet på Rådhuset, kunne grunneigarar fortelje at beitedyr, som sauer, trakk lengre oppi fjellsidene no enn før. Dette fordi det var so mange fjellturistar som telta og parkerte langs elva som beitedyra før brukte som kvilestadar. For nokre grunneigarar verka dette som ein konflikt.

Statsforvaltaren fortalde at i eit verneområde vil ein kunne etablere randsoner der telting og parkering kunne leggast til rette for. Menneske er også flokkdyr og blir det oppført sanitæranlegg vil ofte utfluktene leggast til dei områda.

Har vi menneska gløymt korleis vi skal omgåst beitedyr? Ikkje nødvendigvis – vi har berre blitt fleire folk som bruker naturen. Kva verdi har vi på fjelldalar med eller utan vegforbindelse? Folkehelseperspektivet er viktig, og det er ikkje berre grunneigarar som bestemmer over fjellområde. Fjella på Sunnmøre er ein del av identiteten vår.

Eg budde tidlegare i Tjøme kommune. Friluftsområdet som grensa til hagen min, der eg også hadde villsau, har no blitt ein del av Færder Nasjonalpark. Ofte fekk eg høyre av dei lokale at eg ikkje måtte vise badegjestane kvar dei fine unike strendene eller badeplassane var. Kommunen gav tallause dispensasjonar for endringar i strandsona. Tankegangen lokalt kan minne meg om det same som skjer i Ørsta kommune. Vi vil ha området for oss sjølve, men først skal vi utvikle det mest mogleg slik at det blir utilgjengeleg for andre. Det politiske partiet Tjømelista fekk stor politisk innflytelse etter kvart. Her blei det også reve ulovlege tilbygg utført på feriebustader og det blei innført buplikt. Politikarane torde å stå for noko.

Etter at Tjøme kommune slo seg saman med det meir blåe Nøtterøy kommune til Færder kommune – har Plan- og bygningslova blitt brukt på ein strengare måte utan å gi so mange dispensasjonar. Politikarane forstod at kystlandskapet- og dei unike svaberga- forma av ulike istider- hadde ein verdi nasjonalt og ikkje berre lokalt. Eg tenker at kvar generasjon har sin måte å omgå og ta seg til rette på i naturen. I neste generasjon kan for eksempel gapahukar bli ombygd til hytter. Bit for bit av naturen blir bygd ned utan at vi merker det.

Er det dette tankegodset vi vil gi vidare til komande generasjonar?

Vi menneske har teke over leveområde for dyr og fuglar, og i tillegg hindrar vi framtidige generasjonar i å få oppleve unike naturopplevingar både på fjellet og ved sjøen.