Eg kjenner godt til det kollosale arbeide frivillige har lag lagt ned for å halde hjula i gong. Som leiar i Møre og Romsdal Idrettskrets har eg stor uro for korleis kvardagen har blitt for våre svært trufaste frivillige.

Er vi no i stand til å leve opp til vår store visjon «Idrettsglede for alle»?

Vi veit at restriksjonane som trefte idretten blytungt den første delen av koronapandemien sette sine spor. Berre i Møre og Romsdal vart om lag 10.000 borte frå idrettslag sine medlemslister. I desse dagar ventar vi på dei endelege tala for 2021. Det er med stor uro vi ventar på desse.

Det at våre unge vaksne vart nekta å delta i idrettsaktivitetar over svært lang tid fekk ein konsekvens for heile samfunnet – lenge. Gjennom eit tett, og til tider godt, samarbeid mellom idretten og styresmaktene vart mange av dei store økonomiske konsekvensane redusert gjennom støtteordningar. Men støtteordningar skaper lite. Det store problemet er at aktivitetstilboda er borte. Vi les om det dagleg. Lokale fotball-lag og handball-lag er borte. Dei eldre ungdommane har blitt haldne utanfor idretten i to år – no har ikkje 16-17-åringane nokon å spele saman med, lære av og bli vaksne saman med. Idrettens viktige funksjon som lim i lokalsamfunnet er under press.

Under koronapandemien sa vi idrettsleiarar gong på gong at «idretten er ein del av løysinga». Vi er det. Men verknadane etter to år med kraftig avgrensingar i det å vere i fysisk aktivitet saman er ikkje noko storsamfunnet kan overlate til frivillige å løyse åleine.

I Frivilligåret 2022 forventar vi at stat, fylke og kommunar tek kraftfulle tiltak i bruk for å gjenreise dei frivillige laga som har vore limet i det norske samfunnet dei siste hundre åra.

Kva er det så vi forventar?

Først og fremst at ein no ikkje berre lyttar til kva vi har på hjartet, men og gjer noko med det. Visjonen om at norsk idrett skal vere for alle er stor – og krevjande. Og den krev mykje av heile storsamfunnet, ikkje berre dei frivillige eldsjelene innan idrett og anna organisasjonsliv. Vi treng ein innsats som har røter langt ned i dei innerste delane av statskassa.

Idretten treng anlegg, rett og slett plassar som er tilrettelagt for at unge og gamle kan drive sin aktivitet. Dette må vere eit offentleg ansvar. I Møre og Romsdal har frivillige lag i stor grad teke ansvar for anleggsutbygging. Dei har teke på seg enorme oppgåver, lagt ned tusenvis av dugnadstimar og sett sine lag i milliongjeld. Alt for å gjere sine lokalsamfunn betre å bu i.

Det er ikkje å komme forbi at vi står ved eit vegskilje. Det å bygge idrettsanlegg, tilrettelagde for alle, og mange nok og varierte nok til alle, er så omfattande både når det gjeld kostnadar og planlegging at det ikkje er naturleg å legge ansvaret på dei frivillige. I takt med samfunnsutviklinga og internasjonaliseringa av samfunnet er det viktig at mangfaldet i samfunnet og vert spegla i kva idrettsanlegg som vert bygd ut. Idretten har eldsjelene og dugnadsarbeidarane, men eg er svært tvilande til om dei neste generasjonane frivillige er klare for å bruke all si fritid på å nedbetale lån for idrettslaga.

Idrettens leiarar vil skape aktivitet, vil inkludere og skape glede, meistring og trygge barn. Vi forventar rett og slett av våre politikarar tek ei langt større ansvar og set av pengar til å bygge, drifte og vedlikehald anlegg – for alle. Dette kjem til å koste. Men den alternative kostnaden er større.

Kva kan så storsamfunnet forvente av idretten? Masse. Dei kan forvente at vi skaper eit idrettstilbod for alle – ikkje berre for dei kvite, unge og rike. Som idrettsleiar må vi ta innover oss at vi har store utfordringar når det gjeld mangfald.

Idretten har for få kvinner som trenarar og leiarar. Vi veit at gamle mønster må brytast. Idretten er ikkje flink nok til å spegle mangfaldet i samfunnet. Dette gjeld både etnisk bakgrunn og menneske med nedsett funksjon på ein eller annan måte. Idretten må bli flinkare til å redusere dei økonomiske barrierane for å kunne delta. Sagt med klare ord. Idretten har for mange tilbod som berre barn og unge med rike foreldre kan delta i.

Dette kan storsamfunnet forvente at vi i idretten gjer noko med.

Men vi klarer ikkje dette åleine.

Skal idrettsaktiviteten verte billigare å delta i, må rekningane for å bruke idrettsanlegg ikkje berre ned, dei må bort. Det er ikkje fornuftig bruk av idrettens frivillige at dei skal bruke fritida på å selge dopapir til kvarandre for å betale husleige eller baneleige for idrettsanlegg. Vi kan ikkje ha hundrevis av idrettslag som ventar i årevis på å få utbetalt innvilga spelemidlar dei har bygd for fellesskapen. Slik kan vi rett og slett ikkje ha det. Det finst ikkje fornuft i at landets idrettslag verker som långjevarar til Staten.

Dette må løysast – no. Idrettsglede for alle – bør og skal vere meir enn eit slagord. Men det har konsekvensar for oss alle. Først og fremst er dei ei utfordring til kvar enkelt av oss. Det handlar om at vi alle må jobbe for å få vekk alle dei små og store hindera som er i vegen for at alle skal kunne få ta del i den aktiviteten, få vere ein del av fellesskapen i idretten. Då kan vi få idrettsglede for alle.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!