I åra frå 2008 til 2015 vart alkoholkonsumet per nordmann noko redusert, og det var lite endring frå 2015 til 2019, men det var ein tydeleg auke i alkoholkonsumet dei siste to åra.

Statistikken syner at alkoholsalet i 2020 og 2021 var meir enn 20 % større enn det som tidlegare var eit vanleg nivå.

Rekna om til rein alkohol var konsumet i 2021 ca. 8 liter per innbyggjar over 15 år. Det meste av alkoholkonsumet var det godt vaksne menn som sto for. Ungdommen drikk mindre enn ungdommen tidlegare gjorde. Dei som er eldre i dag, har teke med seg i alderdomen eit forholdsvis stort alkoholforbruk frå yngre alder. Kvinner drikk og meir alkohol enn kvinner tidlegare gjorde. Det er for ein stor del i samband med arbeid og reiser. Kvinner reiser meir enn kvinner gjorde før.

Helse

Ifølge Folkehelseinstituttet er det ingen som drikk alkohol så ofte som menn mellom 65 og 79 år. Dette er særleg urovekkjande fordi eldre toler alkohol mindre enn yngre, og kombinert med medisin kan alkoholen ha særleg uheldig verknad.

Alkohol verkar negativt på meir enn 200 sjukdomar og er den viktigaste årsak til sjukdom, skade og tidleg død. Psykiater Hans Olav Fekjær rekna for få år sidan at årleg hadde ca. 1200 dødsfall i Noreg samanheng med alkohol.

Mellom 15 og 20 % av alle innleggingar på sjukehus i landet vårt har samanheng med rusmisbruk, hovudsakleg alkohol.

Arbeid

Om lag halvparten av eindagsfråveret i arbeidslivet og ca. 15 % av langtidsfråværet er rusrelatert. Ca 50 % av ambulansetenesta sitt arbeid i helgene er knytt til alkoholbruk.

Trafikk

Kvar dag blir det i Noreg gjennomført om lag 140 000 køyreturar av ruspåverka sjåførar. Om lag 2 % av dei bilane du møter, blir køyrt av ruspåverka personar. Ca 25 % av dødsulykkene og ulykkene med personskade er rusrelatert. Tala er høgast for ungdom mellom 18 og 24 år.

Kriminalitet

Det er ein klar samanheng mellom alkohol og vald. Ein tredel av pasientane på akuttmottak er ruspåverka.

75 % av pasientane med valdsskadar er påverka av alkohol eller anna rusmiddel.

Nær 60 % av norske kvinner som kjem til krisesentera, har flykta frå ruspåverka partnarar.

Oppvekstvilkår

Mellom 100 000 og 150 000 barn i Noreg veks opp i heimar prega av omsorgssvikt på grunn av rus og alkoholmisbruk. Bruk av rusmiddel under fosterstadiet kan gje barna livsvarige skadar av mange slag.

Kvart år vert det i Noreg født om lag 50 barn med alvorlege fødselsskadar på grunn av mora sitt rusmisbruk.

Førebygging

Informasjon- og haldningskampanjar, åtvaringsmerking på produkta og førebyggingsprogram i skule og på internett har synt seg å ha forholdsvis liten og kortvarig effekt.

Alkoholreklame vart forbode i Noreg i 1975. Studie har synt at ungdom vert påverka av alkoholreklame og marknadsføring. Dei vert både meir tilbøyeleg til å begynne å drikke, og drikk meir når dei har teke til å drikke. Regulering av reklame og marknadsføring synest derfor å vere eit godt tiltak for å avgrense alkoholbruk blant unge.

Pris

Høg pris på alkohol vil redusere alkoholkonsumet og dermed og dei skadane som alkoholen er årsak til.

Særleg for ungdom er prisnivået viktig. Avgiftene ved sal av alkohol er derfor tiltak for å redusere alkoholforbruket.

Tilgjenge

Studie har synt at reduksjon av talet på sals- og skjenkestadar og sals- og skjenketider er det viktigaste middelet for å redusere alkoholkonsumet og omfanget av alkoholrelaterte skadar.

Ei norsk undersøking frå 18 byar tyder på at ein time lengre opningstider på skjenkestader om natta vil gje ca. 17 % auke i talet på valdskriminalitet.

Tiltak for å avgrense overskjenking og vald på skjenkestadar er viktig. Det er og viktig med kontroll og sanksjonar ved overskjenking og skjenking til ungdom under gjeldande aldersgrense. Kontrollen er ofte mangelfull.

Aldersgrense for kjøp av alkohol er eit viktig verkemiddel for å avgrense drikking av alkohol. Det syner seg likevel at mindreårige ofte får kjøpt alkohol både i butikkar og på skjenkestadar.

Ansvaret for alkoholomsettinga i kommunane ligg for ein stor del hos kommunestyret. Det er kommunestyret som gjev sals- og skjenkeløyve og fastset tidene for sal og skjenking.

Det er og kommunestyret som har ansvar for kontrollen med at gjeldande regelverk vert følgt. Det er derfor viktig at kommunestyret kjenner ansvaret sitt og fører ein edrueleg alkoholpolitikk.