Norske politikarar har dei seinare åra gitt frå seg mykje av råderetten over straumpris og straumtilgang; til marknadskreftene og til EUs felles energisystem. Mange er opprørte over den situasjonen vi har kome i, så det er god grunn til å etterlyse ein meir opplyst debatt om framtidig energipolitikk. Regjeringa har i år lansert storstilte planar om utbygging av havvind. Men noko vesentleg manglar: eit solid kunnskapsgrunnlag om konsekvensar for fisk, fiskeri, fugleliv og botnforhold.

Dagens norske energipolitikk

Den siste tida har leiinga i både Arbeidarpartiet og Høgre dessutan signalisert at vi må vere villige til å ofre meir natur på land for å bygge meir vindkraft der. Dei snakkar som om det er opplese og vedtatt at dette er den einaste løysinga framover. Men stor utbygging av vind på land og til havs har så vesentlege ulemper at dette treng ein mykje meir grundig diskusjon der alle fakta kjem på bordet.

Faren ved enno større naturtap er like stor som klimakrisa. Vindkraft på land krev store areal, tek livet av mykje fugl, lagar støy og punkterer myr som held på store mengder klimagassar. Havvind kan ha mange negative konsekvensar vi ikkje kjenner til i dag, og vi veit at det er dyrt i utbygging og at det er svært stor slitasje på rotorane.

Det siste året med lite vind i Europa viser kor ustabil denne energiforma er. Viss vi satsar på ei så upåliteleg energiform, må vi ha annan energi i reserve. I Norge har vi ein viss reserve i vasskrafta, men kor stabil er denne når magasina blir tømde slik dei er i desse dagar? Tenk om det fanst ei anna energiform som sparte natur, var utan skadelege utslepp, var sikker i alt slags vêr og som kunne produsere energi til ein overkomeleg pris!

Kjernekraft

Og det gjer det. Mange store land, som USA, Canada, Russland og Kina har i drift og bygger stadig fleire kjernekraftverk. Også fleire land i Europa har slike kraftverk, som Frankrike, Finland og Sverige. Frankrike får godt over 70 % av sin energi frå kjernekraft. 10 % av energien på verdsbasis kjem frå kjernekraft. Både FN, EU og Det internasjonale energibyrået seier at vi må ha meir kjernekraft for å nå målet om nullutslepp av CO2. Kjernekraft er utsleppsfri og legg beslag på svært små areal. Kraftverka består i hovudsak av betong, stål og uran, materiale som er tilgjengelege for alle land.

Økonomisk kjem kjernekraft betre ut enn vindkraft. Ei årsak er at ein slepp å operere med reservekraft slik vindkraft krev. Til dømes produserer USA kjernekraft for 30 øre/kWh. Kjernereaktorar har også ei levetid på opp mot hundre år, i motsetnad til vindturbinar som må skiftast ut før det har gått 25 år. Hadde Tyskland bygd kjernekraft for same beløpet dei har brukt på fornybar energi, ville det landet i dag hatt ei fossilfri straumforsyning.

Lav ulukkesrisiko og handterleg avfall

Kvifor er denne energiforma med så lav skade på natur og klima rekna som så lite aktuell i Norge?

Mange hugsar Tsjernobyl-ulukka. Dramatikken rundt ei slik ulukke skaper naturleg nok frykt i oss, ein frykt som kan hindre oss i å ta inn kunnskap om kor reell risikoen eigentleg er. Sanninga er at gjennom snart 70 år med kjernekraft har den totalt sett det lågaste dødstalet av alle typar energiproduksjon rekna pr. produsert kWt. Det har ikkje vore fysiske skader knytt til dei to andre ulukkene som har vore; Three Mile Island og Fukushima.

Moderne reaktorar er bygde ut frå svært sterke sikringsreguleringar etter prinsipp som umogleggjer den type ulukker som skjedde i Tsjernobyl. Dessutan hadde reaktoren i Tsjernobyl ein designfeil som ingen andre kjernekraftverk har. Det er også knytt ein del bekymring til avfallet frå kjernekraft. Og sjølvsagt må dette handterast forsvarleg, som handtering av alt anna skadeleg industriavfall. Men avfallet er svært lite i volum og med moderne reaktorar er det mogleg å gjenbruke delar av avfallet. Det er heller ingen fare for at kjernekraftverk skal eksplodere som ei atombombe, til det er teknikken for forskjellig. Skepsis til ny kunnskap kan også vere ei hindring for å ta denne teknikken i bruk. Men ved å velje å ta viktige fakta på alvor, kan det føre oss til gode løysingar for framtida.

Vi treng trygg og stabil kraft

Sidan vindkraft er svært ustabil, medfører store naturøydeleggingar og materialslitasje, meiner eg at vi må revurdere kva energiform vi som samfunn skal satse på. Olje- og skipsindustrien har stor kompetanse innan bygging av store installasjonar og lang erfaring med sikkerheitstenking. Ved å rette ressursane inn mot kjernekraft kan ein gjerne skape vel så mange framtidige arbeidsplassar som ved eventuell havvind, samt at det vil gi langt færre ulemper for blant anna fiskeriet. Det blir ofte hevda at det tek lang tid å bygge ut kjernekraft, noko som ikkje stemmer. Nye små modulære reaktorar kan byggast på 3 – 7 år. Globalt gjennomsnitt for dei store kjernekraftverka er faktisk no berre 7 år. Men politiske avgjerder og reguleringar knytt til kjernekraft tek ofte svært lang tid, så dette hastar det å få på plass.

Vårt energieventyr starta for over hundre år sidan med vasskraft, fortsette med olje og gass, og no står vi framfor val av nye energiformer. Vala vi gjer framover har så store konsekvensar at flest mogleg av oss må vere med og sette dagsorden. Vi treng enorme mengder ny energi i eit raskt tempo. Vi treng alt: energisparing, energieffektivisering og vi treng å ta i bruk heile spekteret av energiformer. Energipolitikken må vere faktabasert for å unngå store irreversible feilinvesteringar. Ingenting tyder på at vindenergi som hovudsatsing vil etterkome behovet. Vi må satse på det som gir størst vinning for folk, natur og klima.