Frå og med 1. januar 2020 vil vi vere ein av dei største arbeidsplassane mellom Bergen og Trondheim. Oppgåvene vi har ansvaret for, angår kvardagslivet til 65.000 innbyggarar. Måten vi organiserer oss på, ikkje minst den kulturen vi skaper, vil utgjere ein forskjell for mange.

Vi står framfor komplekse problemstillingar i dag og i framtida. Desse lar seg best løyse i samarbeid med andre, og vi treng møteplassar og nettverk på tvers av dei tradisjonelle grensene mellom kommune og innbyggarar, næringsliv og andre samfunnsaktørar.

Korleis skal vi så bygge ein organisasjon og ein kultur som kan gjennomføre dette? Som kommune må vi tenke nytt om oss sjølve, om rolla vår, og om måten vi løyser oppgåvene på. Kanskje må vi stille oss det heilt grunnleggande spørsmålet: Kva er ein kommune – og kva bør han vere i framtida?

I samband med den pågåande kommunereforma har dette spørsmålet blitt diskutert, aktualisert gjennom spanande diskusjonar i heile Norden.

I møte med mellom anna teknologiske endringar, ser både private og offentlege verksemder etter nye måtar å løyse oppgåvene på. Det offentlege har innsett at innovative løysingar ikkje veks fram gjennom berre ekspertdrivne og byråkratiske tilnærmingar.

Det trengst meir av det som gjerne blir kalla New public governance – samstyre.

Det danske omgrepet «Kommune 3.0» fangar opp denne tendensen. Det begynte med «Kommune 1.0».

«Kommune 1.0» var først og fremst ein offentleg instans som utøvde makt og mynde. Innbyggarane måtte underlegge seg kommunen sitt regelverk, utan å ha spesielt store mogelegheiter til å påverke mellom vala kvart fjerde år.

«Kommune 2.0» var ei endring mot ein tenesteytande organisasjon der innbyggaren blei ein kunde og kommunen ein leverandør.

«Kommune 3.0» har oppstått i ei erkjenning av at dei store og komplekse oppgåvene i kommunal sektor ikkje kan løysast gjennom ein leverandør-kunde logikk aleine. Nokre analytikarar hevdar at vi no faktisk ser eit skifte frå sørvissamfunnet over mot eit fellesskapssamfunn, der skattebetalarane ikkje berre kan sjå seg sjølv som kundar med krav og rett på tenester, men også som ein ressurs i arbeidet med å skape berekraftige velferdssamfunn.

Nye Ålesund har eit spesielt ansvar for å legge til rette for at vi kan skape denne kjensla av fellesskap og ansvar.

Å bygge ein ny kommune er ein gigantisk fusjonsprosess, der drifta av dei kommunale tenestene skal gå som normalt, samtidig som ein skal sam- ordne, utvikle og skape noko nytt.

Sjølv om dette er litt som å skifte hjul på ein bil i fart, er vi i nye Ålesund opptatt av å utnytte moglegheitsvindauget som no er ope. Kva gjer vi konkret med dette?

Basert på filosofien om Kommune 3.0, arbeider vi derfor med ei rekke små og store tiltak.

Her er nokre av dei:

• Nye Ålesund etablerer ein testarena ved Blue Innovation Arena ved NMK (Norsk Maritimt Kompetansesenter) der vi i nettverk med vårt verdsleiande næringsliv, vil teste ut simulering og visualiseringsteknologi i utviklinga av kommunen som samfunn og tenesteleverandør.

• Vi inngår avtale med Norges teknisk-naturvitenskaplige universitet (NTNU) om å bli eit levande laboratorium for forskings- og utviklingsmiljø. Nye Ålesund vil med dette ha ei tydelegare stemme i kva som skal forskast på av dei kommunale tenestene til det beste for innbyggarane.

• Vi har inngått partnarskap med nettverket NExTdigital. Dette består av bedrifter på Sunnmøre som ønsker å samarbeide om mogelegheitene som digitalisering og teknologi byr på. Nettverket finn løysingar på digitale utfordringar i fellesskap.

• Vi har inngått avtale med nettverket Smarte Byer Norge som består av medlemmer frå næringsliv, forskningssektor og kommunar der målet er å få ei raskare smartbyutvikling. Ein smart by er ein by/kommune som bruker digital teknologi og innovative metodar for å gjere kommunen betre for innbyggarane og kommunen meir produktiv.

• Vi har etablert Newtonrom for alternativ undervisning i samarbeid mellom kommunane, NMK og Sparebanken Møre. Teknologi og forsking er stikkord her.

• Vi ønsker å betre samspelet mellom kommune og frivillige og testar ut dei digitale programma NyBy og Friskus. I første omgang køyrer vi pilotar på dette i Haram, Skodje og Ålesund knytt til frivilligsentralane.

• Vi arbeider med felles klima-, areal- og transportplanlegging mellom nye Ålesund, Giske og Sula, Møre og Romsdal fylkeskommune og Statens vegvesen. Skal vi nå ambisjonane om å bli eit kraftsenter mellom Bergen og Trondheim, må alle forvaltningsnivå og aktørar innan planlegging spele på lag.

• Vi er i ein spanande dialog med AaFK om eit samarbeid. Begge partar har ei felles målsetting om å bygge ein sterk felles identitet og stoltheit til Ålesundregionen. Nye Ålesund er stolte over regionlaget vårt og deira fokus på verdiar og samfunnsansvar.

Nye Ålesund kommune er i emning. Målet er å bygge ein fellesskapskommune der vi gjennom openheit og samarbeid skaper dei gode løysingane saman med næringsliv, akademia, innbyggarar og frivillige.

Bente Glomset VikhagenAssisterande prosjektleiar for nye Ålesund

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.