«Regiondebatt frå eit helseperspektiv» var tittelen på innlegget adm. direktør Stig Slørdahl i Helse Midt-Norge hadde i mange aviser nyleg.

LES INNLEGGET HER.

Fokus er her uro for St. Olavs Hospital som regionsjukehus, om delar av Møre og Romsdal går sørover i ein Vestlandsregion. Her må vi da også få skyte inn at St. Olavs for det meste er eit lokalsjukehus for Trøndelag, og at berre 30 % av drifta er som regionsjukehus!

Innlegget er avslørande for tenkemåten i Helse Midt-Norge!

Før etableringa av Helse Midt-Norge for 15 år sidan, brukte fagmiljøa på Sunnmøre universitetsfunksjonar der dei var best, i Bergen men mest i Oslo. Gradvis har så press og argumentasjon frå Helse Midt-Norge dirigert pasientar frå Sunnmøre til St. Olavs.

– Europas dyraste sjukehus

Det nybygde St. Olavs Hospital vart stort og dyrt.

Adressevisen hadde eige bilag om Europas dyraste sjukehus! For regionen, og også Sunnmøre, gav dette to utfordringar:

St. Olavs måtte ha nok pasientar og det måtte overførast økonomi frå dei lokale helseføretaka i regionen. Dette var jo enkelt gjort: Trøndarfleirtalet i styret pressa gjennom ein finansieringsmodell som gav St. Olavs Hospital den beste særfinansieringa av noko norsk regionsjukehus!

– Ville fått meir i Helse Vest

Dette gjekk aller mest ut over Helse Sunnmøre og Ålesund sjukehus, som var vesentleg meir spesialisert enn dei andre sjukehusa i regionen.

Helse Sunnmøre, og særleg Ålesund sjukehus, har ut frå dette hatt ei vesentleg høgre eigendekning av behandlingar enn resten av sjukehusa i regionen. Det har vore bra for befolkninga!

Oslo Economics gjorde for nokre år sidan ein analyse der dei konkluderte med at dersom Helse Møre og Romsdal hadde hatt same finansieringsmodell som Helse Vest eller gjennomsnittet av dei andre lokale helseføretaka, så hadde dette utgjort 130 millionar meir i driftsmidlar i året.

(kronikken fortsetter under bildet)

Dyrt – Adresseavisen hadde eige bilag om Europas dyraste sjukehus! For regionen, og også Sunnmøre, skriv den tidlegare klinikksjefen om det nye universitetssjukehuset i Trondheim. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

I Helse Vest vart finansieringsmodellen og balansen mellom regionsjukehus og lokalsjukehus forhandla fram i fellesskap mellom lokale og regionale leiarar. I Helse Midt-Norge vart modellen fremma av adm.dir. til styret og trønderfleirtallet vedtok den, til gunst for St. Olavs Hospital.

I dei seinare åra er det også fleire gonger av mange rekna på skilnaden i driftskostnader mellom St. Olavs og Haukeland i høve til befolkninga.

Denne skilnaden var først 2–300 millionar. Den har gått litt ned, men er framleis betydeleg. Dei siste Samdata-tala (oversikt over nøkkelparametre for drift i Helse-Norge) viser at i 2016 var Helse Møre og Romsdal det klart mest effektive helseføretaket i regionen.

Faglege overstyringar

Det er frå mange, både fagfolk og politikarar, peika på faglege overstyringar og vedtak til gunst for St. Olavs. I 2016 viste ein artikkel i Tidsskrift for Den norske legeforening at pasientar frå Sunnmøre og Ålesund kom svært dårleg ut (faktisk mellom dei som kom dårlegast ut i heile i Norge) på mogelegheita for å få PCI ved hjarteproblem.

Regionen har tvihalde på at denne behandlinga berre skal bli gitt ved St. Olavs Hospital. I Sverige har dei satsa på fleire og mindre senter, med like gode resultat som i Norge. I Norge har mellom anna Arendal eit slikt senter for Agder.

Utrekningar viser at den innsatsstyrte finansieringa (betaling per pasient) som St. Olavs får for pasientar frå Møre og Romsdal, er langt større enn driftskostnadane for eit senter i Ålesund.

Igjen er politikken å sikre St. Olavs Hospital volum og økonomi.

Paradokset er at også fagfolk frå miljøet på St. Olavs har vore med på å etablere slike desentrale senter i Sverige.

Pressa fagmiljø

I 2016 vart det også pressa fram «fagleg enighet» om at dei minste premature skulle sentraliserast til St. Olavs. Ikkje ut frå faglege grunnar, sidan begge miljøa hadde svært gode resultat, men ut frå eit ønske frå St. Olavs om å bli større på dette området.

Denne saka har dei siste 15 åra vore oppe to gongar i regionen, sist i 2007, med utgreiing og styrebehandling i Helse Midt-Norge og konklusjon om likeverdig kvalitet.

Prosessen i 2015 og 2016 vart styrt slik St. Olavs ønska det. Sidan det var pressa fram «faglig enighet», så har det ikkje vore behov for å ha dette i styret, dvs. slik unngår ein ubehageleg debatt.

Hovudfokus for Helse Midt-Norge og Helse Møre og Romsdal dei næraste åra er å realisere SNR, det nye sjukehuset på Hjelset.

Økonomien i Helse Møre og Romsdal er pressa og bekymringsfull og dette blir merka best på det største sjukehuset, som av økonomiske grunnar slit med å behalde sin posisjon som det mest differensierte sjukehuset i Møre og Romsdal.

Det er eit stort etterslep på vedlikehald og tilrettelegging av areal for moderne behandlingslogistikk og utskifting av utstyr. Dette vil prege helsetilbodet på Sunnmøre mest, sidan SNR vil bli moderne og med nytt utstyr.

Ålesund i Vestlandsregion

Dersom Sunnmøre eller ein større del av Møre og Romsdal, går til ein Vestlandsregion, (mest truleg då av Hordaland, Sogn og Fjordane og delar av Rogaland), så vil det vere behov for eit sjukehus med stor fagleg breidde og moglegheit i den nordre delen av regionen, Ålesund, og med Haukeland som regionsjukehus og fagleg sentrum for den sørlege delen av regionen.

Med Helse Vest sin finansieringsmodell ville dette gitt klart betre driftsrammer enn i dag, og hindra den faglege utarminga og stagnasjonen vi ser konturane av på mange medisinske område på Sunnmøre.

Så lenge nøkkelpersonell og leiarar i Helse Midt-Norge blir rekrutterte frå St. Olavs, som får aksept for sine store ambisjonar for eit lite regionsjukehus, blir innlegg som det frå adm.dir. Stig Slørdahl logisk, sett frå Stjørdal, og får applaus frå St. Olavs.

Sett i eit helseperspektiv frå Sunnmøre var innlegget avklarande og synspunkta skivebom. Vi har fått regiondebatten frå eit helseperspektiv.

No må folk vakne på Sunnmøre og vere aktivt med i regiondiskusjonane om ein Vestlandsregion, også ut frå eit helseperspektiv.