Krava om reinare fjordar kjem frå mange kantar og kan ikkje lenger kostast under teppet.

Målet er at både folk og natur kan seie «Deilig er fjorden». Folk skal kunne bade og leike i fjøra utan å vere redde for å bli sjuke. Alt frå dei minste organismane til stortorsken i Borgundfjorden skal ha gode levevilkår. Og på land skal vi ha ei ordning for avløpsvatnet som held både inn i 2030-talet, 2040-talet og endå lenger fram.

EU sitt avløpsdirektiv legg grunnlaget for forskrifta Ålesund og Sula og alle kommunar skal halde seg til når det gjeld reinsing av avløpsvatn. Krav om sekundærreinsing er gamalt nytt og i haust la EU-kommisjonen fram et forslag til nytt avløpsdirektiv med strengare krav både til reinsing og at avløpssektoren skal bli meir klima- og energinøytral.

Borgundfjordtorsken vert berre meir og meir utolmodig etter å få ordna opp utanfor stovedøra si.

Etterslep i heile landet

Desse nye krava kjem på toppen av eit etterslep i norske kommunar når det gjeld vatn og avløp, og no må rekninga takast. Det betyr at 40 prosent av kommunane som har svart på ei undersøkinga frå kommuneorganisasjonen KS fortel om auke i gebyra på over 20 prosent til neste år. Resten planlegg auke på mellom ti og tjue prosent.

Det er berre starten. I fjor kom interesseorganisasjonen «Norsk Vann» med tal frå ein rapport laga av Norconsult og Sintef. Befolkningsvekst, krav frå styresmakter, handtering av klimaendringar, auka krav til forsyningssikkerheit og aukande behov for å fornye delar av eit aldrande leidningsnett er noko av det som driv fram behovet for investeringar. Fram mot 2040 må det investerast godt over 300 milliardar kroner og gebyra for vatn og avløp vil i snitt for heile landet bli dobla til 19.000 kroner. Men, for fylka Nordland, Troms og Finnmark og Møre og Romsdal der det er færre å dele på, der seier rapporten det vil bli ei tredobling av gebyra.

Tala viser noko om etterslep og behov. Det nyttar ikkje med små musesteg, men det må settast i verk gode og langsiktige tiltak skal vann og avløp halde tritt med nye rammer og framtidas krav.

Kraftig brems på regional utvikling

Krava frå EU gjer også at Statsforvaltaren må stramme skruen og set i verk tiltak som byggestans dersom kommunane ikkje kan levere godkjende avløpsordningar. Ein byggestans vil gå utover private som skal bygge seg hus eller hytte, kommunane får ikkje bygge skular eller sjukeheimar eller andre kommunale bygg og det vil sjølvsagt gå utover næringslivet sine moglegheiter til å bygge næringsbygg og nye arbeidsplassar. Å ikkje ha ei godkjent avløpsordning og ei avløpsordning som står seg i møte med framtidas stadig sterkare krav, vil vere ein mildt sagt kraftig brems på regional utvikling.

Eit viktig grep då er å ha eitt anlegg som skal driftast og oppgraderast i møte med nye krav i staden for mange små. Det gir dessutan billegare drift. Å legge anlegget nær dei mest folkerike bydelane slik at det blir mindre pumping og kostnader til å drive til overføringsanlegget er eit anna grep.

Livet i fjordane

Borgundfjorden er gyteområde for Borgundfjordtorsken og av nasjonal verdi. Denne fjorden er i ferd med å få nok og Borgundfjordtorsken vert berre meir og meir utolmodig etter å få ordna opp utanfor stovedøra si. Den ryddejobben er vårt ansvar.

Med eit felles reinseanlegg på Kongshaugstranda får Sula og Ålesund lagt ned elleve reinseanlegg.

I staden for mange utsleppspunkt samlar ein utsleppa på 60 meters djup i Storfjorden. Nye reinsemetodar gjer at den biologiske belastninga på Storfjorden frå desse elleve anlegga vert om lag den same som belastninga som er frå anlegget på Flisnes i dag – og det anlegget skal stengast etter kvart som det nye anlegget og systemet er oppe og går. «Det nye utsleppet» går dessutan både djupare og lenger ut i fjorden enn frå Flisneset.

Det er også verd å merke seg at utsleppspunktet kjem i ein fjord som frå Eltrane til Sykkylven kan by på 36 km³ vassmassar. Til samanlikning har indre Oslofjord 9,3 km³. Denne delen av Storfjorden har altså nesten fire gongar så mykje vatn som indre Oslofjord og større utskifting av vatn. Samtidig kan ein vel også seie at det er noko mindre folk her enn rundt Oslo.

Dei enorme vassmassane i Storfjorden er havet si forlenga arm inn i landskapet. Det gjer at ein kan ta godt vare på livet i fjorden. Eller for å sitere forsiktige forskarar sin konklusjon «Basert på eksisterande informasjon er det lite truleg at dette tiltaket vil overstige bereevna til resipienten».

Regulering og minst mogleg ulemper

Politikarane i Ålesund kommune og Sula kommune har dei siste åra teke steg for steg i retning av eit felles avløpsreinseanlegg. Dei har peikt på plassering. Dei har vedteke forprosjektet med tekniske løysingar. Dei har etterlyst – og fått – kvalitetssikra tal for kostnader. No er neste steg reguleringsplan.

Måndag 5. desember fekk kommunestyret i Sula orientering om reguleringsplanen som gir ei heilskapleg oversikt over kva ein skal bygge kvar og korleis det skal gjerast. I tillegg handlar det også å vise kva krav som er sett til utbygging og for avbøtande tiltak, og dermed kva som blir gjort for å minke ulemper for dei som bur i området, for naturverdiar, kulturminneverdiar, landskap, næringsliv og så bortetter. Orienteringa vart også strøyma slik at den skulle vere lett tilgjengeleg for dei som var interesserte.

Reguleringsplanen tek føre seg arealbruk for administrasjonsbygg og fjellhall for reinseanlegg. Reguleringsplanen handlar ikkje om investeringskostnad og gebyr, utsleppspunkt og godkjenning av reinseteknisk løysing. Det skal avgjerast i andre samanhengar og ut frå andre krav og lovparagrafar.

Stå seg i møte med framtida

Summen av dei mange stega og behandlingane skal gi Sula og Ålesund ei løysing som står seg i møte med strengare krav i framtida og som tek vare på både folk og natur.

20. desember skal planutvalet i Sula bestemme om reguleringsplanen skal leggast ut på høyring. Då vert det mogleg for alle innbyggarar både i Sula kommune og Ålesund og interessentar i saka å kome med merknader.

Målet er at Statsforvaltaren, EU og Borgundfjordtorsken saman med innbyggarane i Sula og Ålesund skal kunne stemme i «Deilig er fjorden» i mange tiår framover.

9. desember kl. 16.16 blei kronikken endra med den rette datoen for møtet i planutvalet. Redaksjonen.