Heldigvis hadde dei i Oslo kolonihagar som hadde vore laga på byrjinga av 1900-talet, så det var mange byfolk som hadde slike kjøkkenhagar. Ullevoll hageby vart laga i 1915-22, det var bustadblokker for småkårsfolk og arbeidarar, med store nok tomt til at dei kunne ha sin eigen hageflekk. Men det vart etter kvart middelklassa som flytta inn og no er bustadane forholdsvis dyre.

Arbeidarane og andre byfolk gjorde det i grunnen godt i mellomkrigstida, medan bønder, fiskarar og skogsarbeidarar vart fattige.

Men under krigen vart det mangel på varer i butikkane, så då kom desse kolonihagane vel med. Men det vart for lite, så byfolk for ut på landsbygda for å kjøpe seg mat. Men det var mangel på handelsvare her også og tyskarane kravde sitt av bøndene, så mange av dei hadde ikkje mykje til overs som dei ville eller kunne selje.

Byfolk hadde gjerne nok med klede, så dei prøvde å bytte bort klede for mat. Mange byfolk leigde seg ein liten jordlapp som dei dyrka opp, men avlingane vart ofte skuffande. Nokre hadde der gris, høns eller kanin også.

Alt dette resulterte i at bønder, skogsarbeidarar og fiskarar forbetra økonomien sin i forhold til industriarbeidarar, så dei ikkje lengre var fattige samanlikna med byfolket.

Vår tid

Noreg har ein stor eksportindustri, så vi er svært avhengige av internasjonal handel og den er sårbar for pandemi, krig, ulykker, uår og katastrofe. Kva då med beredskapen av dei viktigaste varene, mat, klede og brensel? Kvifor ikkje lage kolonihagar i vår tid også?

I det siste har småbruk vorte slått saman til større og større driftseiningar, gjerne ved at ein bonde driv mange småbruk. Nokre småbruk vart fråflytta og så kjem der bustadfelt med små tomter rundt om i kommunen. Kjem det då ei vanskeleg tid der handelen kollapsar, til samanlikning med krigen, så vert det endå fleire som får det vanskeleg slik som byfolket under krigen.

Ut på landsbygda er der mykje dyrkbar jord å ta av, også til byggefelt, så tomtene burde vere større, med plass til plen og prydbusker og ein liten kjøkkenhage, frukt og bærhage, gjerne eit likte drivhus også. Så komposterer dei matavfallet i lag med hageavfallet. Folk kan eksperimentere litt sjølve med kor mykje forskjellige nyttevekstar dei får til å vekse. Eit slik hobbyarbeid kan vonleg verte lærerikt for borna. Det kan sette dei på ideen om å dyrke noko som er meir uvanleg på våre kantar, når dei vert vaksne. No er det allereie mange byggefelt med små tomter, ja vel, men så kan vi vel supplere med hagekoloniar då.

Og kva med alle matvarene som butikkane kastar? Kan det ikkje brukast til dyrefôr heller? Både det og matavfall frå hushaldningane kan vel brukast til grisemat? Så det er berre å bygge ein liten grisefjøs uti i ei utmark, med mykje lyng og eine, gjerde den inne og la grisane gå inn og ut som det passar seg. Dei likar å grave i jorda og gnage røter og dei gjødslar jorda, så etter ei tid kan vi kanskje plante der noko meir verdifullt.

Vanylven som døme

Eg er oppvaksen i Vanylven kommune. Gamlevegen gjekk gjennom kommunesenteret Fiskå, men nyevegen vart lagt tett utanfor sentrum. Dette er typisk.

No vart sentrum liggande mellom fjorden og vegen, på den andre sida av vegen er det flat mark opp mot fjellfoten, her vart det byggefelt med små tomter. Det er praktisk og funksjonelt, men med lite utsikt.

Lenger utover på nordsida av fjorden er Nordstranda, det er ei solrik strand der terrenget skrånar opp til fjellfoten. Lengre ute blir det også utsikt mot havet og øyane, med solnedgang i havet om somrane. Her er byggefelt og hyttefelt, også som rorbuer, det er mange som soleis satsar på turisme både på fastlandet og ut på øyane.

I Sandvika er det ei flott badestrand og marina. Her ligg Hakkalegarden, dei har satsa stort på open gard, men mange forskjellige slags dyr, så det er ein liten dyrepark. Eit ypparleg tilbod for barnefamiliar.

Det hender folk lengre inn i kommunen tek seg bilturar ut her, for å besøke Hakkalegarden eller sjå på solnedgangen. Mykje folk kjem langvegs ifrå, for å besøke Hakkalegarden og det er mogleg å overnatte på ein liten campingplass nede ved sandstranda.

Her er mange småbruk som ikkje er i bruk, så eg meiner det hadde vore ypparleg å lage byggefelt med kolonihagar her. Det kunne gjerne vere i kombinasjon med ein campingplass, med felles sanitæranlegg. Folk kunne velje sjølve om dei ville ha der hytter også, alt etter kor langt dei har å reise.

Det kunne verte attraktivt for folk både i kommunen og nabokommunane.