Det er mykje som ikkje er som det bør i barnevernet i Norge. Døma på at sårbare barn og barn i krise ikkje får den hjelpa dei skulle hatt, er mange. Vi høyrer nesten dagleg om desse sakene i aviser og andre medium. Barnevernet fungerer ikkje godt nok, og dei kritiske pilene blir ofte retta mot det lokale barnevernet – i kommunane. Det kan ofte skape eit for snevert og feilaktig inntrykk. Det kan tilsløre at dei kommunale barnevernsarbeidarane ofte gjer ein god jobb. Dessutan er barnevernet komplisert og omfattar mange andre nivå og tenester.

Overprøvd av nemndene

På det lokale nivået er barnevernet avhengig av støtte og medverknad frå familie, nettverk, barnehage, skule og helseteneste for å finne gode hjelpetiltak. Ofte kan sakene avhjelpast ved at barnevernet set inn lokale hjelpetiltak og rettleiing til foreldra. I dei vanskelegaste tilfella er det dei lokale barnevernsarbeidarane som undersøker saka og tilrår tiltak, men det er ei oppnemnt Fylkesnemnd som tek avgjerd, til dømes om fosterheimsplassering og ved slike høve omfang av samvær mellom barn/ungdom og biologiske foreldre. Sjølv om det lokale barnevernet er dei som har sett seg inn i barnet og foreldra sin situasjon og konteksten dei lever i, blir deira vurdering og råd i mange tilfelle overprøvd og endra i nemndene. Ansvaret for saka sitt utfall må altså delast.

Eit politisk ansvar

I svært mange, og dessverre aukande tal saker, der barnet eller ungdomen har behov for psykisk helsehjelp, finst ikkje tilgjengelege og relevante ressursar. Det skuldast ikkje minst den systematiske nedbygginga av sengeplassar i psykisk helsevern som politikarane har vedtatt gjennom mange tiår. Barnevernet slepper ikkje, og kan ikkje sleppe, ansvaret for desse unge, som dermed blir gåande i fosterheim, i barnevernsinstitusjonar, ofte som «kasteballar», der desse ikkje rår over nødvendig helsehjelp. Barn og unge med behov for omfattande helsehjelp blir i staden møtte med timeavtale i poliklinikk hos BUP. Eit politisk ansvar, men det er barnevernet, som igjen blir syndebukken i mange sine auge.

Det er grunn til kritisk å vurdere den faglege kompetansen og ressursane i det kommunale barnevernet. Ei utfordring er arbeidspresset og slitasjen medarbeidarane står i til dagleg. Det skaper større gjennomtrekk, høgare i barnevernet enn i andre offentlege tenester. Derfor stadig nye medarbeidarar, nokre gonger med fersk eller lite utdanning og erfaring som skal handtere svært komplekse saker.

Det er oppgåver som krev solid fagkunnskap, modne og erfarne medarbeidarar. Derfor er satsinga frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) på meir utdanning viktig. Det kan styrke barnevernet si evne til å utøve eit godt fagleg skjønn basert på eit meir solid kunnskapsgrunnlag. Og det kan styrke evna til å gi meir kompetente faglege grunngjevingar i dei sakene som går til Fylkesnemnda for avgjerd, basert på opparbeidd innsikt i barnet og familiens situasjon.

Tilbake til familien

Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) har felt dom i fleire norske barnevernssaker dei siste par åra, der det blir slått fast at det har blitt lagt for lite vekt på målet om at barnet eller den unge i omsorgssaker skal førast tilbake til familien («det biologiske prinsippet»). Barnevernet har her også blitt kritisert for at dei faglege grunngjevingane som vart gitt for mellom anna fosterheimsplassering og samvær med foreldre, ofte var for svake. Styrking av barnevernets faglege kunnskapsgrunnlag kan her medverke til betre fagleg skjønn og grunngjeving i desse sakene.

Ein viktig konklusjon er at det er mange tenester og nivå som har ansvar og som må styrkast, for å få eit betre og meir kunnskapsbasert barnevern. Det truleg mest prekære tiltaket er, som politikarane har lova i mange år, utan tilfredsstillande resultat, er å ruste opp det psykiske helsevernet, slik at det kan gi barnevernet nødvendig avlasting.