Vi er det tredje minste fylket i Noreg, om ein ser på innbyggartal. Veksten vår fram til 2050 er berekna til å vere på moderate 4,6 prosent, medan Noreg totalt sett vil ha ein vekst på 11 prosent. Agder, Rogaland, Oslo og Viken er alle berekna til å ha ein vekst på over godt over 10 prosent.

Desse fylka vil ha vekst og positiv utvikling, medan vi sit igjen på perrongen og kranglar med oss sjølve. Om du sit med kjensla på at «dei i Oslo har ikkje peiling på kvar den faktiske verdiskapinga skjer», vil det ikkje verte betre. Dersom framskrivingane slår til vil 38,4 prosent av befolkninga bu i Oslo og Viken, eller «Oslo-gryta» i 2050. 4,6 prosent vil bu i Møre og Romsdal. Trass i at vi også har vekst, vil vår politiske og samfunnsmessige betydning vil minke.

Flaggskipet i Møre og Romsdal for å få til utvikling, er Ålesund kommune. Sidan samanslåinga i 2020 har Ålesund kommune hatt eit folketal som gjer at det er den 13. største kommunen i landet. Det gir pondus og politisk tyngde. Denne har mellom anna sikra Nordøyvegen, skal huse det nye eksportstrategirådet og no står ein byvekstavtale med staten for tur. Ein avtale som vil gi utvikling for heile regionen. Trøndelag har Trondheim. Rogaland har Stavanger. Vi har Ålesund. Regionen må ha ein motor. Det betyr ikkje at verken Steinkjer, Haugesund eller Kristiansund er dårlegare på noko vis, men storleik gir moglegheiter og omlandet tener på at motoren gjer det godt.

Trass i at Ålesund er motoren, er ikkje alt roseraudt her heller. I Ålesund kommune bur det like mange i alderen 65–69 år som i alderen 0–4 år. Snittalderen på innbyggjarane dei siste 10 åra har auka med snart 3 år. Ein kan gjerne vere mot å legge ned skular og effektivisering av helse- og omsorgssektoren, men fødselstala i Ålesund har gått ned med 100 personar frå 2000-2020. Så godt som all vekst i folketal kjem frå innvandring. Og i Møre og Romsdal som heilskap er fødselstala halverte i same periode, dette får konsekvensar.

Ein kan gjerne vere sarkastisk mot kaffe latte-drikkarane på Grünerløkka, men det er nettopp dei vi treng.

Mellom anna slit næringslivet i regionen i dag med rekruttering og tilgang på kompetanse. Det er gode jobbmoglegheiter, næringslivet er framoverlente og innovative. Men dette vil på eit tidspunkt stoppe opp dersom ein ikkje får større tilflytting og tilgang på rett kompetanse. Ein kan gjerne vere sarkastisk mot kaffe latte-drikkarane på Grünerløkka, men det er nettopp dei vi treng. Og dersom folk har lyst på kaffe latte vil dei busette seg der dei kan kjøpe det.

Folk vil ha tilgang på urbane kvalitetar med kafear, kultur og byliv. Eller vere tilknytt ein infrastruktur som gjer at det er lett tilgjengeleg. Vi kan diskutere både Bypakken, Møreaksen og andre samferdselsprosjekt inn i det uendelege, men all erfaring peikar på at investering i infrastruktur gir positiv effekt for ein region. Vi burde med andre ord ta i mot all utvikling av infrastruktur med opne armar, sette spaden i jorda og håpe at det kan gjere delar av fylket meir attraktivt for dei som ikkje alltid har budd her.

Skal vi ha ein sjanse til å snu den uheldige utviklinga vi er inne i må vi samle krefter. Vi må stå saman og løfte fram alt det fantastiske vi har. I staden er vi for opptekne med krangle med oss sjølve, stykke opp flaggskipet og protestere mot utbygging av infrastruktur. Resultatet vert fort at framtida går ifrå oss.

Vi må alle hugse at ingen ynskjer å vere på det tapande laget. Og det fyste ein må gjere for å vinne som lag, er å arbeide saman.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!