I det flotte innovasjonsarealet som har fått namnet Smia, skal samarbeid mellom studentar, forskarar, næringsliv og det offentlege blomstre. Innovasjon og nyskaping har lange tradisjonar.

Ein open plass

Bidrag frå 100-års markering hos Sunde AS fekk ballen til å rulle, og samarbeidet mellom Sit, Ålesund kommune, NTNU og Sunde har ført til at vi har fått Norges beste studenthus.

Utvikling av ein campus (som betyr ein open plass) skal vere tufta på målretta utdanning og forsking med ein tydeleg fagleg identitet. Vi skal vere eit aktivt knutepunkt i tette nettverk med næringsliv, helsesektor og offentlege etatar i regionen. Sjølve campus skal vere eit kjerneområde danna av bygningane, og det skal inkludere studentbustader og studentsamfunn. Med Sundebygget oppfyller Campus Ålesund alle desse kriteria.

Nogva-smia

Namnet SMIA speglar av ein lang industrihistorie på Sunnmøre. Det finst mange døme, eit av desse er Smia til Knut Nogva. Den starta som ei kjeller-smie som etter kvart blei for lita, og rundt 1912 (for 110 år sidan) blei ein verkstad bygd, denne blei då kalla Nogva-smia.

Etter kvart gav dei to eldste sønene Daniel og Lars seg til å konstruere sin eigen motor. Dei arbeidde dag og natt, og 18. juni 1913 var dei klare til å prøve om motoren ville gå. Frå heimesida til Nogva Motorfabrikk kan vi i dag lese; Hendinga hadde no frettast utover bygda, og mange var møtt fram for å «bisne».

Motoren vart fyrt opp og starta som han skulle, men «rasa laust» og løsna frå festet og fór bortover golvet etter svinghjulet før han la seg til ro i ei krå. Det er «naturen» til ein semidiesel, at dersom den får for mykje olje, så vil han ruse og kome opp i eit svært høgt turtal inntil oljen er oppbrent.

Dei fekk skikk på motoren igjen og selde den for 500 kr same året. Eit halvt år seinare blei neste motor ferdig, og den vart seld i mai 1914 for 450 kroner. Lars var då 20 år, og Daniel 22 år, altså omtrent på alder med våre studentar, og dette var starten på eit industrieventyr med utvikling av komplette framdriftssystem for båtar, og som er ein kjerneaktivitet den dag i dag.

Framsynt

Kva er så bodskapen med denne historia? Det er ei historie som viser korleis entreprenørskapsånda til Sunnmøringen har bidratt til industri som er i stadig utvikling sjølv om den blei etablert under enkle kår for rundt 100 år sidan. Lars og Daniel i Nogva-smia var nysgjerrige, kreative, nøysame, arbeidsame og framsynte.

La vi tenke oss at Lars og Daniel er to studentar som sit i Smia ved NTNU med nokre gode framsynte idear. Korleis kan vi bidra til å skape noko som framleis er i levande utvikling også om 110 år, altså i året 2132?

NTNU skal utvikle kunnskap, men samfunnet og bedriftene må vere brukarar av denne kunnskapen og bidra til å realisere ideane, gi råd til studentane og forskarane. Verkemiddelapparatet må brukast på ein måte som gjer dette levedyktig for framtida.

Eit samfunnsperspektiv

Tida framover krev mykje av oss og samfunnet må omstille seg, både i privat offentleg sektor. Natur- og klimakrise, klimatilpassing, digitalisering, eldrebølge, berre for å nemne noko, gjer at vi som samfunn har eit større press enn nokon gang tidlegare på å ta i bruk nye berekraftige løysingar.

I Smia skal det produserast ny kunnskap kvar dag. Denne kunnskapen har liten verdi om den berre blir lagt i ei skuff. Difor er det viktig for oss og ha eit tett samarbeid med arbeidslivet slik at vi kan vere ein aktiv pådrivar for at denne kunnskapen blir tatt i bruk og kjem samfunnet til nytte.

Vår visjon for Campus-Smia er at nokon i 2132 kan seie at spiren til denne oppfinninga vart sådd i Smia i Sundebygget på NTNU Campus Ålesund. Vi kan lære av historia til Lars og Daniel som med små hjelpemiddel var med å skape industrihistorie. Målet er at kunnskapen vi skal utvikle ved NTNU skal bidra til innovasjon med et langsiktig samfunnsperspektiv.

Foto: Staale Wattø