Sjølv om mange er flinke til å sikre eigedomane sine, er det fleire av oss som treng ei påminning om kven som har ansvaret for glatte fortau og takras. Ikkje alle er klar over at ein som huseigar kan ende opp med erstatningsansvar, bøter og straff for skade på ting eller personar.

Gards- og huseigar sine plikter til å vedlikehalde og sikre finn me i fleire forskjellige lover, og det kan vere vanskeleg å ha full oversikt. Både plan- og bygningslova og straffelova inneheld slike reglar, i tillegg til lokale politivedtekter. Det finst òg noko me juristar kallar ulovfesta erstatningsrettslege ansvarsreglar. I sum pålegg desse reglane omfattande plikter og ansvar. Sjølv om forsikringsselskapa oftast tek rekninga i fyrste omgang, kjem det gjerne eit rettsleg og økonomisk oppgjer i etterkant.

Det er fleire dømer på slike saker i domstolane, og mest krevjande er sakene som har medført alvorleg personskade. I slike saker er skadepotensialet stort, då er òg ansvaret strengt. Mange vil nok hugse saka frå Oslo der ein ung mann vart svært alvorleg skadd etter at is som raste frå taket av ein bygard trefte han i hovudet. Ein eigar som ikkje er tilstrekkeleg aktsam, risikerer i slike saker ein dom på erstatnings- eller straffeansvar.

Tre tips til eigarar av hus og bygardar som vil sove godt om natta:

1. Strø fortauet og rydd snø rundt eigedomen din. Ha rutinar på plass for jamleg inspeksjon av tak, snøfangarar og takstein. Å setje opp sperringar/fareskilt er ikkje tilstrekkeleg, du må syte for at taket raskt vert rydda for snø og is.

2. Sjekk politivedtektene der du bur, det er forskjellige reglar frå kommune til kommune. I Kristiansund er det talfesta kor mange dagar ei sperring kan stå før taket må vere rydda, medan det i Ålesund er krav til kvar ein har lov å legge snøen når eigedomen grensar mot offentleg stad. Politivedtektene finn du på lovdata.no.

3. Særleg i sameige, burettslag og ved utleige til private eller næringsdrivande: Ha skriftlege avtalar og rutinar når det gjeld snørydding, tilsyn og vedlikehald. Set ut arbeidet til profesjonelle om du ikkje rår med dette sjølv. Ansvaret for klåre avtalar og rutinar ligg på huseigar, ikkje ta lett på dette ansvaret eller tenk at det ordnar seg av seg sjølv.