Landbasert oppdrettsanlegg i Raudbergvika er eit stort og omfattande prosjekt. Det er store tal og storleikar vi skal forhalde oss til i dette prosjektet, men det er ikkje uhandterleg av den grunn.

Masseomgang og handtering

Overskotsmasse i Raudbergvika er berekna til 9,1 millionar kubikkmeter. Stad Skipstunell er eit anna stort prosjekt ikkje så langt herifrå. Der er det snakk om 7,5 millionar kubikkmeter sprengt fjell, og det er kamp om å få tak i massane. Stad kommune som planmynde har måtte lage ei prioriteringsliste, og det er slett ikkje sikkert at alle som har meldt inn behov får tildelt masse. Departementet omtalar denne bruken av masse som sirkulærøkonomisk.

Masseomfang og massehandtering må sjåast på som ei moglegheit. For å kunne gjennomføre planen må utbyggar ha avtale om deponering på lovleg mottaksområde. Ein risikerer dermed ikkje ukontrollerbare og negative verknadar for miljø og samfunn.

Full produksjon

Det er landbasert oppdrett som er framtida for norsk oppdrettsnæring. Fiskeoppdrett på land har mange fordelar både for miljøet og fisken. Det er mogleg med gjenvinning av restråstoff og avfall, og løyser også problemet med rømt fisk frå opne merdar og lakselus som ikkje er bra for villaksen.

Oppskalering av anlegget vil gå føre seg over ein periode på 7 år, med opptrapping på produksjonsvolum i tre trinn. Etter 3 år vil anlegget vere på 1/3 kapasitet, altså 33.000 tonn per år, og på 5 år vil det bli oppskalert til 66.000 tonn, før det etter 7 år blir oppskalert til full kapasitet. Trinnvis utbygging med tett oppfølging sørger for at ein i sanntid kan overvake verknadane i fjorden for kvart trinn før ein går vidare.

Store nitrogenutslepp?

Det er utarbeidd ekstra omfattande søknadsdokumentasjon både av biologisk mangfald, straummålingar og det er gjort modellering av utsleppa si spreiing og fortynning i fjordsystema. Fleire av dei fremste fagmiljøa i landet har vore involvert i vurderingane, og konkluderer med at « … et omfattende faglig dokumentasjonsunderlag konkluderer med sannsynlighetsovervekt at vannforekomst vil opprettholde miljømål om minimum «god økologisk tilstand» og at utslippet ikke vil lede til betydelig eller irreversibel skade selv ved full kapasitet».

Møre og Romsdal fylkeskommune trekte 29.01.24 si motsegn heimla i vassforskrifta ut frå følgjande vurdering: «Ut frå ei samla vurdering, synest det som at risikoen for redusert miljøkvalitet i dei aktuelle vassførekomstane er svært liten».

Massiv nedbygging?

Dette prosjektet er det motsette av massiv nedbygging. Vi får stor verdiskaping og samfunnsmessig nytte av å kunne ta i bruk og vidareutvikle eit areal som frå før er avsett og nytta til næringsverksemd. Vi slepp å sprenge ned holmar og skjær på kysten, slik at det går ut over dyreliv, fugleliv og biologisk mangfald, og vi slepp å bandlegge dyrka mark. 49 prosent av landarealet i Fjord kommune er verna, og elles er mykje av arealet bandlagt og ikkje mogleg å bygge ut på grunn av skredfare. Raudbergvika er såleis eit svært godt alternativ når det gjeld arealbruk for næringsutvikling.

Verdsarv

Raudbergvika er UTOM grensa for verdsarvområdet, og det er INGEN buffer/omsynssone her i plansamanheng. Vi kan ikkje ha det slik at verdsarven også skal definere også kva utviklingstiltak vi kan gjere i resten av kommunen. Det er heilt umogleg å handtere etter plan- og bygningslova dersom grensene ikkje er fast definerte.

Under arbeidet med nominasjonen til verdsarv vart grensa for verdsarvområdet sett slik at ein i framtida kunne tillate gruvedrift i Raudbergvika. Denne lovnaden løyste opp i ein vanskeleg diskusjon, som i verste fall kunne ha stoppa nominasjonen. Mykje av motstanden og skepsisen hadde grobotn i frykta for å miste handlingsrom i høve næringsutvikling.

Samfunnseffekt

I konsekvensutgreiinga som var vedlagd saka til kommunestyret 09.11. finn ein informasjon om kva samfunnsverknad landbasert oppdrettsanlegg i Raudbergvika vil ha.

Folketalet i Fjord kommune har gått ned med 600(!) personar dei siste ti åra fordi vi manglar attraktive arbeidsplassar. Vi er nede på ei kritisk nivå i forhold til samfunnsmessig berekraft.

Sysselsettingseffekta av landbasert oppdrettsanlegg i Raudbergvika vil ha stor betydning for heile fjordregionen, med tilføring av ulike stillingar og kompetansearbeidsplassar i eit omfang på om lag 300 arbeidsplassar. Dette vil bidra til auka tilflytting og bulyst i kommunen. Noko må gjerast NO for at vi framleis skal ha levande bygder i kommunen!

Tillit

Innbyggjarane våre kan ha full tillit til at kommunen gjennom denne planprosessen har gjeve ei balansert framstilling av kva utbygginga inneber og kva konsekvensar det har på kort og lang sikt. Det er nettopp det som er hensikta med slike grundige planprosessar. Prosjektet og områdeplanen har vore utvikla og knadd gjennom snart fire år, og det ligg føre omfattande dokumentasjon som svarar ut motsegnene som er reist undervegs.

Ja, dette vil vi verkeleg!

Med helsing gruppeleiarane i Fjord Sp, Ap, H og Frp.