Forskingsarbeidet er basert på materie som har ulma i lange tider, og flammar opp no og då. Ut av dette kom boka om fogderifylket. Redaktør Mads Langnes og medforfattarane har levert eit nyskapande verk, m.a. ved tverrfagleg tilnærming og ulike perspektiv sett i felles kontekst.

Vi kan ane grader av felles identitet mellom nordlendingar, trønderar og sørlendingar som ingen meiningsdannande elite har fått til i Møre og Romsdal.

Tre småkongedømer

Den teoretiske tilnærminga har utgangspunkt i regionar som geografi, symbol og institusjonar, som tydeleggjer om fellesskap er førestilte eller reelle, og korleis dei endrar seg. Teorigrunnlaget peiker mot når fylket vart etablert eller konstruert som identitetsramme og symbolsk eksistens. Region er her forstått som geografisk/politisk eining under statsnivået, med grad av kulturell/økonomisk integrasjon. Vi kan ane grader av felles identitet mellom nordlendingar, trønderar og sørlendingar som ingen meiningsdannande elite har fått til i Møre og Romsdal. «Våre» omgrep her er sunnmøringar, romsdalingar og nordmøringar, meir lokale fenomen.

Attende i vikingtid var det før rikssamlinga ca. 900 tre småkongedømer utan felles økonomisk/ kulturelt tyngdepunkt. Denne desentrale strukturen ser vi enno, har medverka til at fylket står fram splitta og derfor kjem dårleg ut i spørsmål om statlege investeringar i infrastruktur og institusjonar.

Ulik skatteinnkrevjing

Ein freistnad på å søkje dei eldste årsaker til skiljer er drøftinga av system for skatteinnkrevjing. Husebygardsystemet i nord frå rundt 900, i motsetnad til rolla Giskeætta hadde i sør. Husebygardane var kongens og der sat årmannen og kravde inn skatt for kongen. Giskeætta var sjølveigarar og kravde inn skatt som kongens allierte representant. Mykje av dette er lite tilgjengeleg for sikker dokumentasjon, men er ein inngang til å forstå kor djupe røter skiljer kan ha.

I åra 1658–60 var Trondheims len inkl. Nordmøre/Romsdal svensk, medan Sunnmøre var samanhengande dansk. Det danske eineveldet frå 1660 ville stramme opp den administrative organiseringa av Noreg. Årsakene til at Romsdals amt kom til og vart varig ordning var mangfaldige. Området vart verande delt geistleg, rettsleg og økonomisk; eit vaklande amt. Det ser likevel ut til at familiedynastiomsyn meir enn det administrative førde til skipinga av at amtet. Tidleg på 1700-talet har amtet å ha fått ei fastare form, slik det er drøfta i boka.

Første «fogderistriden» kom etter at Kristiansund og Molde fekk byprivilegium i 1742, medan Ålesund ikkje fekk bystatus før 1848. Kva ville ein analyse av årsaker til dette sagt?

Ulik folkekarakter

Neste strid er målboren i rapport frå amtmann Thesen 1850. Her står det at «amtet lider av en høist principløs Inddeling.». Det er delt geografisk og av ulik folkekarakter og levemåte. Amtmannen ville at Nordmøre skulle ut.

I nasjonsbyggingatida frå rundt 1900 kom jarnbanestrid. Frå ca. 1850 hadde det vore på tale med jarnbane i Gudbrandsdalen tilknytt amtet, men skulle ho gå Romsdalen (Ålesund), eller Sunndalen (Kristiansund/Torvikbukt eller Molde)? Seinare var også Surnadal omtalt. Saka trua med å dele amtet.

I 1913, kom spørsmålet om deling opp ved tilsetjing av amtmann. Fram mot 1920 skulle amta i landet skifte namn til fylke, og dermed strid. Frå 1919 vart namnet Møre fylke, freistnader på endring i 1921 vart ikkje noko av, men det var ikkje slutt med det. Omsyn til nasjonalistiske førestillingar om folkelynne og folkekarakter som hadde stort gjennomslag i åra rundt 1930 gjorde nok sitt til at det enda med Møre og Romsdal fylke i 1935. Fysisk antropologi var seriøs vitskap då.

Frå ca. 1950 kom det nye framlegg om deling, mest frå sør. Grunngjevinga var praktisk/politisk (representasjon, ressursfordeling), og kulturell (folkelynne med røter til steinalderen). I nyare tid har to kommunar har gått nordover.

Språk og historie

Vi ser at framveksten av det profesjonelle museumsvesenet frå rundt 1900 var del av norskdomsrørsla og slik utvikla fogderiidentitet, og dermed regional dekonstruksjon heller enn fylkesidentitet. Prosessar her splitta også by og land. Mykje liknande skjedde i målstriden og ved skiping av innflyttarlag spesielt i Kristiania/Oslo.

Eit anna «symptom» er danninga av historielag, som også dyrkar identitet og opplevd fellesskap. Fylkeshistorielag har aldri vore på tale. Seinare kjem lokalhistorielag på kommune- og kommunedelsnivå. Vi ser kor identiteten er eller går, og at rekrutteringa er svak mellom unge og innflyttarar.

Kulturminneplanar viser også at formidla identitet er knytt til kommunen, ikkje til nokon større region. Planverka er gjerne prega av historisk framstilling meir enn handlingsplan, og i liten samanheng mellom registrering og prioritering: Generell dokumentasjon og legitimering av ressursbruk til kulturminnearbeid.

Språkdelinga kjem fram ved at det er vanskeleg å få nynorsk som identitetsmarkør på tvers av fogderia. Folk i høge verv framhevar nynorsk som kulturarv som skal vere målforma i fylket, medan fylkestinget (22–25) nesten gjorde fylket språknøytralt i 2016. På Sunnmøre har to av tre grunnskoleelevar nynorsk, ein av tre i Romsdal og 15 % på Nordmøre. Nynorsk står svakt i byane, sjølv om Ålesund har nynorsk som administasjonsmålform.

Fruktbart samarbeid

Folket på Sunnmøre opplever seg som vestlendingar, men det er meir uklart lenger nord. I Romsdal er det også band austover, medan Nordmøre, ja kva er det, om det ikkje er Vestland og ikkje Trøndelag?

Bokverket om fogderifylket finn ikkje nokon fylkesidentitet, men det viser er at samarbeid mellom museumsfolk over fogderigrensene er fruktbart. Forfattarane fått fram ny og vesentleg kunnskap ved å setje tverrfaglege perspektiv i samanheng. Innsikt om korleis omgrepet «fogderifylket» får meining, hjelper til å forstå samtida utan å bli forført av sanningar med kort dato.