Eg jobbar som bussjåfør. 33 år gamal er eg mellom dei som dreg snittalderen monaleg ned. Vi treng mange nye. Difor har eg lyst å sette lys på kva som bør gjerast for at fleire skal velje og bli verande i yrket.

Ikkje alltid så godt humør

Då eg var liten, song vi om bussjåføren som ein mann med godt humør. Det er forskjellig med den songen som er feil i våre dagar: Ein sjåfør er ikkje nødvendigvis ein mann. Fleire og fleire kvinner køyrer buss. Ei flott utvikling. Eg har sjølv ei mor som har gjort dette i over 20 år.

For det andre så har ikkje ein bussjåfør alltid så godt humør lenger. Det treng ikkje vere sjåføren sin feil at det er slik. Skal du ha det kjekt på jobb, er det særs viktig å ha ein god arbeidsgjevar, gode kollegaer, godt arbeidsmiljø og generelt ha det bra.

Eg er så heldig å få jobbe for eit lite, lokalt selskap. Det er kort veg frå sjåførane til leiinga. Men eg har òg prøvd meg i ei stor verksemd, der eit fåtal av sjåførane veit kva dei i toppleiinga i det heile tatt heiter. Der sjåførane berre er eit nummer.

Større og meir upersonlege

Mor mi starta tidleg på 90-talet i eit lokalt ruteselskap. Men etter kvart som åra har gått, har selskapet blitt oppkjøpt og fusjonert fleire gongar, og er no eit stort nasjonalt selskap. Ei verksemd der leiinga mest ser på dei tilsette som eit «nødvendig onde».

For kvart oppkjøp har det blitt stendig dårlegare forhold.

Kvifor vert selskapa større og meir upersonlege? Mykje av dette har med anbod innan kollektivtrafikken å gjere. Krava og storleiken i anboda gjer at mange mindre aktørar ikkje ser seg syn med å prøve.

Våre folkevalde vil visst at det skal vere slik. Men heilt gjennomtenkt kan det neppe vere.

Sjå for eksempel til Trøndelag. Der har eitt selskap, med unnatak av deler av Trondheim sentrum, heile nye Trøndelag fylke (gamle sør Trøndelag, og nord Trøndelag). Heile landsdelen er delt i berre tre såkalla rutepakkar.

Selskapet som vinn, er i regelen det som krev lågaste summen. Når dei så skal køyre «rutepakken», må dei spare der dei kan. Etter at bussane, drivstoff (diesel, gass, straum), serviceavtalar, vaskeutgifter, uniformer, dekk, forsikringar, administrasjonskostnadar, husleige osb. er det ikkje så mykje att til dei tilsette.

Meir enn køyring

Sjåføren har fått kortare oppmøtetid enn før. Leiinga meiner hen ikkje treng så mykje tid på å starte bussen og køyre. Leiinga køyrer nemleg ikkje sjølve. Dei har ikkje forstått at ein yrkessjåfør har plikter: Dagleg kontroll av køyretøyet. Dette arbeidet gjer mange sjåførar over heile landet på fritida si. På dugnad for denne store verksemda der dei tilsette berre er nummer.

Mange selskap opererer med «delte skift». Det inneber at sjåføren har ein «pause» midt på dag. Nei, ikkje lunsjpause: Vi snakkar om ein ubetalt «pause» på 2–5 timar. Truleg skal sjåføren ha ein annan buss etterpå. Då er det på nytt tid for den andre dugnaden for dagen.

Ruteselskapa må få på plass fleire fulle stillingar og i det heile betre fasilitetar og vilkår.

I mange tilfelle har sjåføren, etter arbeidstida er over, køyrt til og frå jobb to gongar på ein dag, og fått betalt for 4,5 time.

Ved mange avdelingar er det få heile stillingar. Det går ofte i 50–80 prosent. Men dei færraste unge ynskjer noko mindre enn 100 prosent. Kjem du som ung yrkessjåfør i banken med 60 prosent av ei brutto inntekt på 33.000,- i månaden og spør om bustadlån, trur eg mange vert skuffa.

Unge skal trass alt skaffe seg ein heim, stifte familie og elles leve eit liv. Dei ynskjer ikkje å starte på jobb før ungane vaknar, ha fri medan dei er på skulen og avslutte dagen rett før dei skal legge seg.

På grunn av få arbeidstimar i arbeidsveka, må ein også ofte jobbe helgar.

Meir i anboda

Skal ein få gjort noko med arbeidsmiljøet og rekrutteringa, må det offentlege leggje meir i anboda. Alt ekstra som vert lagt inn må gå til dei tilsette. Ikkje som i Nordland nyleg, der det kom krav om glastak i bussane, eller høgare løn og bonusordningar til direktørane.

Somme tider høyrer vi forslag om å heve aldersgrensa for å kunne køyre buss. Dette er å starte i feil ende og vil ikkje kunne utrette særleg for bransjen.

Ruteselskapa må få på plass fleire fulle stillingar og i det heile betre fasilitetar og vilkår. Dette vil gjere yrket attraktivt att. Du skal berre sjå at sjåførane får tilbake humøret også.

Eg er ikkje redd for å miste jobben min til fordel for sjølvkøyrande bussar. Men dette vert lagt fram av livsfjerne teknokratar på ein måte som får unge til å frykte at yrket forsvinn. Det er så gale som det kan få blitt.

Sanninga er at eg har det beste sjåføryrket i verda! Og vi fraktar det mest verdfulle som finst.

I jobben min opplever eg meir på eit år enn mange andre gjer på eit heilt liv. Som turbilsjåfør møter du alle slags menneske som gler seg til å kome av garde. Sjå seg rundt. Vi køyrer jo i nokre av dei flottaste verdsarvområda som finst. Under utanlandsturane ventar alltid noko nytt og interessant.

Eg kjenner meg dessutan privilegert som får køyre dei mest moderne og komfortable, flottaste bilane. I mitt førarmiljø er det lett å trivast.

Ingen dag er den andre lik. Som sjåfør i rute blir du godt kjent med stamkundane dine. Det er sjølvsagt opp til deg sjølv kor mykje kontakt du vil ha. Men å få vere i lag med folk er noko av det som gjev meg mest av alt. Vi lærer noko heile tida.

Den som er glad i folk og glad i å køyre gjer overmåte dumt i å velje vekk denne bransjen.