Både frå vår Utanriksminister, Norge sine utsendingar til FN og andre med viktige posisjonar blir dette slått fast. Men kva er sant? Eg forstår det slik at okkupasjon er når eit land/stat med våpen angrip eit anna land/stat som har sedvanerett på landet. Har då palestina-arabarane det i Judea og Samaria.

Ein suveren stat

Ein av verdas fremste jurist og menneskeretts-advokat, Dr. Jacques Gauthier seier det slik om saka: «For å trekke riktig konklusjon må du forstå historien. For at det skal være snakk om «okkupasjon» i folkerettslig forstand, må området ha tilhørt en suveren stat, noe som ikke er tilfelle.»

Korleis er då historia? Då det Osmanske rike fall i 1915 vart det delt mellom fem folkegrupper: Trans-Jordan/Jordan, Israel, Irak, Syria og Libanon. Mandat-makta fekk då fullmakt til å føre denne delinga ut i rett form. Det var britane som skulle ta seg av Jødeland, som frå år 135 e.Kr. vart kalla Palestina.

Det såg lovande ut. Gjennom Balfourdeklarasjonen, der det mellom anna stod: «Storbritannias regjering lover å gjøre «de største anstrengelser» for å gi jødene et «nasjonalt hjem.» Saka gjekk vidare gjennom Fredskonferansen i Paris i 1919, San Remo-konferansen 25. april 1920 (der Balfourerklæringa vart tilrådt godkjent) og så skulle saka til Folkeforbundet. Men så skjer det noko: På eit møte i Kairo i mars 1921 gir koloniminister Winston Churchill, etter press frå arabarane, 77 % av det som hadde sin heimel i Balfourdeklarasjonen, over til arabarane. Jødane sat då att med 23 %, som var området frå elva Jordan til havet.V

Vedtak for begge folkegrupper

Det var dette som då vart lagt fram for Folkeforbundet den 24. juli 1922. I fem dagar fekk jødane og arabarane legge fram sine krav, og begge fekk aksept. Forbundet sitt forslag vart samrøystes godkjent av dei 51 landa som var representert. For jødane vart det mellom anna presisert at dei skulle få «rekonstituere» sitt gamle heimland. At det vart nytta «rekonstituere» er vel ei erkjenning av at dei hadde budd i landet før.

I artikkel 6 i mandatvilkåra står det mellom anna at: «Mens man forsikrer seg om at andre deler av befolkningens rettigheter og tilstand blir opprettholdt, fremme jødisk immigrasjon under høvelige forhold og skal i samarbeid med Jødisk byrå oppmuntre til tett bosetting av jøder i landet.» Så skulle vel alle vere fornøgd. Begge folkegruppene hadde fått folkerettsleg vedtak på sine område. Arabarane aust for elva Jordan og jødane på vestsida. Men det skulle bli annleis.

FN på bana

Utover i 1920–30 åra auka arabisk motstand mot jødisk immigrasjon til deira heimland. Britane vart meir og meir negative til at jødane fekk vende heim, og Hitlers ånd fekk etter kvart råderetten. I dagane 6.–15. juli 1938 vart det kalla inn til ein konferanse i den franske byen Evian. 32 nasjonar møtte, mellom dei også Norge. Her skulle dei ta opp det jødiske folks problem som etter kvart forsterka seg. Møtet vart ein fiasko for jødane. Ingen ville opne for noko form for hjelp. Og så gjekk jødane mot holocaust.

Etter krigen kom så FN på bana. Det vi skal merke oss er at Artikkel 80 i FN-pakta skal sikre at: «legale internasjonale rettigheter, oppnådd under mandatstyret, ikke kan gjøres ugyldig.»

Dette er meir utdjupa i artikkel 77, 79 og 81. Verdskjende juristar på folkeretten slår fast at vedtak overfor både arabarane og jødane i Folkeforbundet framleis står fast, andsynes landområda aust for Jordan-elva (arabarane) og på vestsida for jødane. Men det skulle forandre seg.

Arabisk press

Arabisk press også på FN auka, og det vart sette ned ein komite som skulle kome med forslag. Forslaget gjekk ut på at området vest for elva no skulle delast opp i fleire mindre område og fordelast mellom dei to partane. Jødane sa ja, mens arabarane sa nei og gjekk til krig. Dei skulle ha alt. Dei stod for President Nasser sitt program: «Vår grunnleggende målsetting er å utslette Israel.»

Etter at jødane etablerte (oppretta) landet sitt på nytt den 14. mai 1948 gjekk arabarane på nytt til angrep. Israel vann også den krigen, men det vart inngått våpenkvile, den såkalla «Grøne linja» Den har aldri vore ei landegrense, men gjaldt berre som våpenkvilelinje. Denne varte i 19 år. Så gjekk Jordan, saman med Egypt og Syria, til nytt angrep. Den 5. juni 1967 kl. 09.30 angreip Jordan. Av arabarstatane var Jordan best utrusta. Dei hadde teke imot amerikanske våpen, og var utdanna av britiske offiserar. Særleg kom Vest-Jerusalem i fokus, men også område i Judea og Samaria vart angripne. Mellom anna byen Betlehem.

Jordan var drivne tilbake og Israel tok over både Judea og Samaria (Vestbredden), samt byen Jerusalem.

Så kan vi stille spørsmålet. Har Israel okkupert Judea og Samaria (Vestbredden)? Der er tre grunnar for at dette ikkje er sant. Landet mellom Jordan-elva og havet har vore jødane sitt heimland i ca. 4.000 år. For det andre så fekk jødane tildelt (rekonstruert) landet av Folkeforbundet i 1922. For det tredje tok Israel over området i ein forsvarskrig i 1967.