Namnet «Vestland» (med det tilhøyrande innbyggjarnamnet «vestlending») er for dei fleste føremål identisk med «Vestlandet».

Dei prinsipielle og praktiske vanskane med namnevalet er difor dei same for eit «Vestland» i ubestemt form.

Om Stortinget sluttar seg til «Vestland», vil vi som bur i det nye storfylket ha annektert eit namn som grannane våre i sør og i nord, i Rogaland og i Møre og Romsdal, har like mykje eigarskap til.

Fleire, inkludert underteikna, har festa seg spesielt ved dei problematiske kulturpolitiske og identitetsmessige følgjene av namnevalet. Og når hovudmålet for reforma her vest var å sikre Vestlandet «større demokratisk påverknad regionalt og nasjonalt» og «fleire statlege ressursar, etableringar og prioriteringar», er det då strategisk lurt å halvere Vestlandet?

Det finst likevel éin vesentleg veikskap ved namnevalet som så langt har fått for lite merksemd, nemleg at det undergrev sjølve det norske språket – og dermed evna vi har til å kommunisere med kvarandre og til å gripe den verda vi lever i.

Det har vore hevda at dei to forståingane av Vestland(et) og vestlendingar kan leve side om side. Det stemmer ikkje.

I praktisk språkbruk vil det ofte oppstå forvirring: Kva for eit vestland er det snakk om?

For «Vestland» vert ikkje berre namnet på ein ny fylkeskommune. Namnet får overføringsverdi til andre offentlege institusjonar: Vi får mellom anna Fylkesmannen i Vestland, og vi får kanskje ein «vestlandsbenk» på Stortinget.

Vestland vert namnet på sjølve territoriet, og vert hogd i stein, bokstaveleg tala.

På fylkesgrensene ved Vanylven, Volda og Vindafjord vil granitten tale eit tydeleg språk: Her går skiljet mellom dei som er vestlendingar og ... dei som ikkje er heilt vestlendingar, og gjerne noko heilt anna.

Orda som no er tiltenkt ei ny og innsnevra meining er mykje nytta. Om nokon treng handfaste prov, er det berre å ta eit enkelt søk i avisdatabasen Atekst: Omgrepa «Vestlandet» og «vestlending» vert nytta godt over ti tusen gonger årleg i lokale, regionale og nasjonale medium.

Sjølv om orda ikkje alltid vert nytta med kirurgisk presisjon, er det opplagt at dei i hovudsak refererer til heile området frå og med Rogaland i sør til og med (i alle høve størstedelen av) Møre og Romsdal i nord.

Vi har påfallande ofte bruk for desse namna og nemningane, som ved omtale av politikk, næring, og samferdsle, av kultur og natur – og av oss sjølve. Og om Vestland(et) då samstundes betyr noko mindre og snevrare, får vi problem.

Vi må uttrykkje oss meir omstendeleg for å presisere om det er det «gamle» eller det nye og amputerte Vestlandet vi siktar til. Vi gjer det altså meir krevjande å vere språkbrukar.

Om Vestland og Vestlandet i to tydingar skal leve side om side, vil vi skape forvirring og misforståingar.

Og på lang sikt skjer kanskje det som elles ofte skjer: Språket «reparerer» seg sjølv, og då ved at den eine bruksmåten fortrengjer konkurrenten.

Det vil ikkje skje over natta, men i løpet av nokre tiår vil vi gjerne slutte å bruke omgrepet Vestlandet om området nord for Stad og sør for Sveio.

Vi vil då ha oppretta ein slags orden i språket att, men til ein høg pris.

Denne saka handlar om meir enn kjensler og kulturhistorisk medvit.

Namnet «Vestland» på halve Vestlandet undergrev opplagt norsk klårspråkspolitikk.

Eit klårt språk i stat og kommune fremjar demokrati og rettstryggleik, og skapar tillit, understrekar fagorganet Difi, som saman med Språkrådet skal fremje eit brukarvenleg språk i statlege verksemder.

I den politiske plattforma frå Jeløya understrekar regjeringa Solberg jamvel to gonger kor viktig det er for å offentleg sektor å forsterke innsatsen for klårt språk; å kommunisere godt med innbyggjarane, og å fremje «brukarorientering, innovasjon og effektivitet».

KS, interesseorganisasjonen for norske kommunar og fylkeskommunar, har liknande ambisjonar. At éin av tre innbyggjarar ikkje forstår innhaldet i offentleg informasjon, vert av KS framheva som eit demokratisk og økonomisk problem.

No er det altså Stortinget som avgjer namnet på det nye fylket midt på Vestlandet.

Kommunalministeren har lagt vekt på kva dei to fylkeskommunane som skal fusjonerast sjølv har kome fram til. Ho kunne ha valt å leggje vekt på at ho òg er minister for dei andre fylka på Vestlandet.

Ho er demokratiminister, ho er minister for brukarar av offentleg forvaltning – og ho er klårspråksminister.

Vågar Stortinget no å vise at det ligg eit alvor bak offentleg språkpolitikk?

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Yngve Flo, Uni Research Rokkansenteret (Bergen). Foto: Leif Skaar