Mange har fylgt serien på NRK fjernsyn om den ulukkelege Agnes Waade frå Leksvik som vart stempla som åndssvak, utnytta og svikta. I 1954 opna Ålesund sanitetsforeining den første heimen i Møre og Romsdal for åndssvake kvinner. Der var mange triste lagnadar. Ei hadde budd i ein fjøs før ho kom dit, fleire måtte operere tennene for tannkjøtet var grodd over tennene.

Svensk dokumentarserie

I dag trur vi at vi er klokare og meir humane, men diverre har kulturen alltid blinde felt. Ein ny ideologi har kome til oss frå USA som fortel oss at kjønn ikkje er faste storleikar, men noko ein kan velje, og at det er mogeleg å skifte kjønn. Denne ideologien, som vert undervist om på universiteta, framført på skular, sanksjonar i lov og promotert av ministrar, fører no til at barn og unge vert påførte uoppretteleg skade.

Når eg snakkar om dette trur nokon at eg overdriv, at eg er ikkje er tolerant nok mot stakkars transfolk eller at det umogeleg kan vere sant. Media teier om fakta i dette. Då svensk fjernsyn endeleg laga tre program i serien Uppdrag gransking om «Tranståget», førte det til endringar i politikken og i tillegg ein dramatisk nedgang i talet på ungdommar som vart utsett for denne eksperimentelle behandlinga. I mange land kjempar dei no mot lover der det skal bli mogeleg å sjølv bestemme kva for kjønn ein har. I Noreg har vi diverre alt ei slik lov. Frå eit barn er seks år kan det, med støtte frå ein av foreldra, endre juridisk kjønn. Frå seksten år kan barna sjølve bestemme kva dei vil gjere med kroppen sin.

Pubertetsblokkarar

Før puberteten kan ein gje barna såkalla pubertetsblokkarar for å stogge utviklinga. Dette er svært sterke medikament berekna til dømes på menn med prostatakreft. Alle kan google verkestoffet Leuprorelin for å sjå kva for biverknadar det kan ha. Det er ikkje forska på korleis det verkar på barn og særleg ikkje på jenter, som er den største gruppa av unge som trur dei er fødde i «feil» kropp. Desse ungdommane er no med i eit gigantisk medisinsk eksperiment. Puberteten er ein svært viktig overgang i menneskelivet og det er truleg at det å stogge han vil påføre barna kognitive skadar.

Etter at pubertetsutviklinga er stogga går så ungdomane over til behandling med hormon, anten testosteron eller østrogen. Seinare ventar ofte kirurgi, som også er eksperimentell og som øydelegg kroppen endå meir. Unge kvinner opererer til dømes bort brysta og menn testiklane. Det er her verd å gjere merksam på at det ikkje er mogeleg å skifte kjønn. Kjønnet sit i kvar celle i kroppen og kan ikkje endrast. Hjartet er ulikt for dei to kjønna, musklar, lunger og skjelett likeins. Det ein oppnår er å endre såkalla sekundære kjønnskarakteristika. Jenter utviklar djupare røyst og skjeggvekst, men det er til dømes ikkje mogeleg å skape ein fungerande penis.

Mange som angrar seg

Hormona, som dei må ta resten av livet, har også katastrofale biverknadar som depresjonar, beinskjørheit, slag. Mange jenter må operere bort livmora på grunn av smertene dei får av testosteron. Alle desse endringane gjer friske ungdommar til pasientar for livet og til ei gullgruve for medisinindustrien. I USA er det no over 400 klinikkar som spesialiserer seg på kjønnsbehandlingar. I Noreg er det avdelinga på Rikshospitalet som skal stå for den nasjonale behandlinga for kjønnsinkongruens, men ein veit at private også er aktive. I tillegg er det eit sterkt press for å desentralisere behandlinga.

Det viser seg at mange ungdommar angrar seg. I nettsamfunnet Reddit er det om lag 25 000 såkalla detransisjonerte. Men uansett om dei kjem på andre tankar er skadane dei er påførte, permanente. Korleis kan vi som samfunn godta at dette skjer? Korleis kjem historia til å døme oss?

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!